Viaduc de Millau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viaduc de Millau
Viaduc de Millau.JPG
Offisielt namn Le Viaduc de Millau
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Dalen til elva Tarn
Veg A75 – 4 felt
Stad Millau i Frankrike
Posisjon 44°05′06″N 03°01′24″EKoordinatar: 44°05′06″N 03°01′24″E
Utforming Skråkabelbru
Lengste spenn 342 m
Total lengd 2 460 m
Breidd 32 m
Fri høgd 270 m til det djupaste i dalen
Opna 14. desember 2004

Viaduc de Millau eller Millau-brua er den høgaste skråstagbrua i verda og ligg ved Millau i Frankrike. Brua vart offisielt opna 14. desember 2004, og 16. desember same år vart han opna for trafikk. Brua er 343 meter høg på det høgaste punktet og trafikken køyrer på det meste 270 meter over elva

Brua er bygd av sju slanke pilarar som ber den nesten 2,5 km lange brua over dalen i Millau. Arkitekten bak brua, Norman Foster, er òg mannen bak Millennium Bridge og Swiss Re-bygningen ('Sylteagurken') i London.

På det meste var 500 personar sysselsett på byggjeplassen. Heile bruprosjektet var delt inn i ni byggjeplasser. Støypinga av dei sju pilarane er med glidstøyp, omgjeve av ein arbeidsplattform. Ved hjelp av hydraulikk vart forskalinga løfta rundt fire meter kvar dag.

Frå nesten alle stader i Millau kan ein sjå dei enorme pilarane reise seg til himmels nokre kilometer vest for byen. Det raskaste og billegaste sambandet mellom Paris og Middelhavet går no via Millau og den nye brua. Alternativet er å køyre motorvegane A6 og A7 via Lyon. I tillegg til at byen er kvitt mykje forstyrrande gjennomgangstrafikk har byen òg skaffa seg ein stor turistattraksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Viaduc de Millau ligg på den kortaste vegen mellom Paris og Perpignan.

Den tidlegare riksvegen, som førte ned til middelhavsbyane Beziers og Narbonne, hadde avgrensa kapasitet og førte ofte til store trafikkøar. Dette skuldast delvis trafikken gjennom byen, men òg at det rett etter byen er store stigingar som reduserer tempoet for trailerar og andre tunge køyretøy.

I mange år var det diskusjonar og planlegging om ulike løysingar på dette trafikkproblemet. Det enklaste hadde nok vore å legge ein ny motorveg utanfor byen. Men omsynet til den spesielle plasseringa og at byen ligg i eit delvis verna dalføre med elva Tarn som midtpunkt, gjorde at ein i staden valde å byggje ei bru mellom de to høgdeplatå. Det gigantiske prosjektet byrja i 2001 og stod ferdig i desember 2004.

Arkitekt[endre | endre wikiteksten]

Bruarkitekten Norman Foster.

Vilkår for å byggje brua var at ho skulle tole vind og jordskjelv av til no ukjende styrkar for området. Dessutan skulle brua representere minimale forstyrringar i det vakre landskapet. Det var engelskmannen Norman Foster som fekk oppdraget med å teikna og designe brua. Foster er òg kjend for å ha teikna riksdagshuset i Berlin, samt Millenium Bridge og Swiss Re-bygningen i London. Forster har utforma ein vakker brukonstruksjon med pilarar av betong, medan sjølve bruspennet er bygd i stål.

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Den enorme brua i Millau er ein del av ein heilt ny motorveg i regionen, og sjølv om motorvegen vert gratis å køyre, skal heile brua finansierast ved hjelp av bompengar. Nedbetalingstida for investeringa på rundt 2,5 milliardar kroner er sett til 75 år. Avgifta vert 5 euro for personbilar og 20 euro for lastebilar. Berre trafikantar som kjem sørfrå må betale bomavgifta.

Fleire fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Pilarar: 7
  • Kortaste pilar: 77 meter
  • Lengste pilar: 244 meter
  • Tårnhøgd frå brubanen: 87 meter
  • Talet på skråkablar: 154
  • Tjukkleik på køyrebanen: 4,20 meter
  • Breidde på køyrebanen: 32,05 meter
  • Totalt betongforbruk: 85 000 m³
  • Vekt på stålkonstruksjonen: 36 000 tonn

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viaduc de Millau