Vintage Dead
Vintage Dead Konsertalbum av Grateful Dead | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1970 | |
Innspelt | Seint 1966 | |
Spelestad | Avalon Ballroom i San Francisco | |
Sjanger | psykedelisk rock, bluesrock | |
Lengd | 39:50 | |
Selskap | Sunflower | |
Produsent | Robert Cohen | |
Grateful Dead-kronologi | ||
---|---|---|
Workingman's Dead (1970) |
Vintage Dead | American Beauty (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
Vintage Dead er eit konsertalbum av rockegruppa Grateful Dead. Det vart spelt inn i Avalon Ballroom i San Francisco, seint i 1966 (trudd å vere 16. september 1966), og gjeve ut i 1970.[3][4][5]
Vintage Dead vart produsert utan at Grateful Dead samtykka eller var involvert.[1] Eit selskap kalla Together Records sette saman konsertopptak av forskjellige band i Bay Area for ein planlagd antologi. Då selskapet gjekk konkurs, betalte MGM den attverande gjelda og fekk tak i lydbanda. Dei gav ut to album med Grateful Dead-songar på etiketten Sunflower Records.[6] Det første, Vintage Dead, nådde 127. plassen på Billboard 200.[7] Det har lenge vore utseld og har aldri kome ut på CD.
Vintage Dead vart følgd opp av Historic Dead, eit anna Sunflower Records spelt inn i Avalon i 1966 og gjeven ut på liknande vis.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Know You Rider» | Trad. | 4:25 |
2. | «It Hurts Me Too» | Elmore James | 4:17 |
3. | «It's All Over Now, Baby Blue» | Bob Dylan | 4:50 |
4. | «Dancing in the Street» | Marvin Gaye, Ivy Jo Hunter, and William Mickey Stevenson | 7:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «In the Midnight Hour» | Steve Cropper og Wilson Pickett | 18:23 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Grateful Dead
- Jerry Garcia – sologitar, vokal
- Bill Kreutzmann – trommer
- Phil Lesh – bassgitar, vokal
- Ron «Pigpen» McKernan – orgel, munnspel, vokal
- Bob Weir – rytmegitar, vokal
- Teknisk
- Robert Cohen – produsent og lydteknikar
- Richard Delvy – redigering og miksing
- Kelley/Mouse Studios – design
- John Pierce and Mokelvey – framside og design
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Vintage Dead» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2019.
- ↑ 1,0 1,1 Ruhlman, William. «Vintage Dead». AllMusic. Henta 26. september 2018.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Trager, Oliver (1997). The American Book of the Dead. Fireside. s. 385. ISBN 0-684-81402-1. Henta 5. september 2010.
- ↑ Vintage Dead at the Grateful Dead Family Discography
- ↑ Slabicky, Ihor W. The Compleat Grateful Dead Discography
- ↑ Ben Fong-Torres; Rolling Stone magazine; 28. oktober 1971
- ↑ Grateful Dead Billboard albums at Allmusic