Walter Kohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Kohn
Walter Kohn.jpg
Kohn under nobelprismøtet i Lindau i 2012
Fødd 9. mars 1923 (91 år)
Wien i Austerrike
Nasjonalitet USA
Område Fysikk
Alma mater University of Toronto, Harvard
Doktorgradsrettleiar Julian Schwinger
Kjend for Tettleiksfunksjonsteori
Utmerkingar Nobelprisen i kjemi (1998), Buckleyprisen
Ektefelle Lois (Adams)[1]
Mara (Vishniac) Schiff[2]
Signatur

Walter Samuel Gerst Kohn (fødd 9. mars 1923) er ein austerriksk-amerikansk fysikar.

I 1939 flykta han frå Austerrike til England, og studerte sidan i Canada og USA. Han var professor ved Carnegie Institute of Technology frå 1950 til 1960, og frå 1960 var han professor ved University of California, San Diego. Kohn undersøkte korleis elektron flyttar seg i faste stoff og utvikla den såkalla effektiv masseteorien for å skildre elektronrørsla. Dette har ført til auka forståing for konduktansen i metall og halvleiarar.

I 1988 fekk han nobelprisen i kjemi saman briten John A. Pople for banebrytande innsats i utviklinga av metodar som kan nyttast for teoretiske studium av eigenskapane til molekyl og kjemiske reaksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Walter Kohn. I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/Walter_kohn.