Walter Scott Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Scott Dahl, ca. 1880–90
Foto: Oslo Museum

Walter Scott Dahl (21. februar 18394. september 1906) var ein norsk høgsterettsadvokat, forfattar og politikar for partiet Venstre. Dahl var aktor i riksrettssaka mot Selmer-ministeriet, og han var med i Sverdrup-regjeringa 1888-1889. Han var son av Nils Nilssen Dahl, fødd i Melhus og død i Bergen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Dahl tok juridisk embetseksamen i 1859 og arbeidde som fullmektig hos sorenskrivaren i Nordmøre. År 1864 slo han seg ned i Kristiania (Oslo) som overrettssakførar og manuduktør. 1866 bestod han prøva til høgsterettsadvokat, og flytta så til Vestnes.

I Vestnes var han ordførar i kommunen i periodane 1870-1873 og 1876–1883. Han var valmann til stortingsvala frå 1868.

Dahl vart vald til Stortinget frå Romsdals amt for periodane 1874–1876 og 1877–1879. 1883–1885 var han fyrste varamann (suppleant) frå Romsdal, og møtte både i 1883- og 1885-sesjonen. Perioden 1886 til 1888 var Dahl stortingsmann innvald frå Kristians amt. Dahl var aktor i riksrettssaka mot regjeringa Selmer i 1883-84. Medlem av jurykommisjonen 1884.

1885 vart Dahl sorenskrivar i Gudbrandsdalen.

Dahl var statsråd og sjef for Indredepartementet frå 5. mars til 31. juli 1888 i Johan Sverdrup si regjering. Fra 15. september same året vart han utnemnd til sjef for Justis- og politidepartementet, ein posisjon han hadde til regjeringa gjekk av 13. juli 1889.

Etter han gjekk ut av regjeringa var han lagmann i Gulating lagdømme frå 1889 til 1906.

I 1889 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Landdistrikternes Kommunalforfatning. En Haandbog for kommunale Ombudsmænd, Christiania, 1878. E-bok
  • Norges Landnæringsret. En systematisk Fremstilling, Kristiania, 1882. E-bok
  • Biskop Nikolas Arnessøn. En kritisk historisk Fremstilling, Kristiania, 1884
  • Einar Tambarskjelve. Et stykke norsk historie, Kristiania, 1884
  • Haakon Ladejarl. En historisk Skildring, Bergen, 1887
  • Den norske Vasdragsret, Kristiania, 1888
  • Folkedommeren i Straffesager. En Vejleder for Lagrettemænd og Domsmænd, Bergen, 1892
  • Landdistrikternes Kommunalforfatning, 3. omarb. og utv. utgave, Kristiania, 1894. E-bok
  • Johan Sverdrups Liv og Virksomhed, Kristiania, 1899–1904

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste