Melhus kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melhus kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1653
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Melhus
Areal 696 km²
Folkemengd 15 679 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Jorid Jagtøyen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.melhus.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1653.svg
Melhus kommune på Commons

Melhus er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke. Han grensar i nord til Trondheim, i aust til Klæbu og Selbu, i sør til Midtre Gauldal, og i vest til Meldal, Orkdal og Skaun kommunar. Melhus kommune slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen strekkjer seg frå Øysand i nord til Haga bru nord for Støren. Den øvste delen av Gauldalen er stort sett midtpuktet gjennom heile kommunen. I Gauldalen finn vi Gaulvassdraget, som er ei av dei beste lakseelvane i Noreg. På begge sider av Gaula finn vi oppover heile dalen store og gamle jordbruksområde. I tillegg går E6 stort sett langs Gaula heile strekninga gjennom Melhus kommune.

Heilt nord i kommunen finn vi Øysand, og Gaulosen, det store deltaet i Gaulvassdraget. Deltaet er eit av dei få store deltaa i landet som ikkje er utbygd, eller regulert på noko særleg måte. Øysand er også eit av trøndelagregionens største flatmarkområde. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort militærområde med flyplass her.

Elvar, fjell og vatn i Melhus[endre | endre wikiteksten]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Melhus sentrum
Foto: Marius Aune

Skolar[endre | endre wikiteksten]

I Melhus kommune finn vi elleve skolar, der åtte av desse er barneskolar, to er ungdomsskolar, og ein er ein kombinert 1.-10.-skole.

Idrettslag[endre | endre wikiteksten]

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Melhus prestegjeld høyrde til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme. Den norske kyrkja har fire kyrkjelydar (kyrkjesokn) i Melhus prestegjeld (Melhus kommune), og kvar av dei har si kyrkje med kyrkjetenar, organist, klokkar, reinhaldar og kvart sitt sokneråd. Det er Flå, Horg, Hølonda og Melhus kyrkjelydar. I Hølonda kyrkjelyd står også Kolbrandstad stavkyrjke, som er eigd av eit privat lag.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjende bedriftene i kommunen er Lydbokforlaget og Brødrene Flaarønning. Andre bedrifter:

  • Capro - transportkasser
  • Byggern Midttømme trelast
  • Helsport - Sportsutstyr og sportsklede

Historie[endre | endre wikiteksten]

Melhus var åstad for mange viktige hendingar i vikingtida. Det var under grisebingen på garden Rimol i Melhus Håkon Jarl blei drepen av trælen sin, Tormod Kark. Einar Tambarskjelve var frå storgarden Gimsan i Melhus.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunens tusenårsstad er Gimse/Romol/Sagastien, som er eit kjent historisk område med henvising til hendingar skrive i Snorres kongesoger. Området er tilrettelagt med ein sagasti med informasjonstavler.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Kjente folk frå Melhus[endre | endre wikiteksten]

Politikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjente frå Snorres kongesoger og norrøn tid[endre | endre wikiteksten]

Idrettsutøvarar[endre | endre wikiteksten]

Andre kjente[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.