Wantage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wantage

Marknadsplassen
Marknadsplassen
Plassering
Wantage is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt Vale of White Horse
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

9 767
Koordinatar 51°35′″N 1°26′″WKoordinatar: 51°35′″N 1°26′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer OX12
Telefon-retningsnummer 0 01235 7
Nettstad: www.wantage.com
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wantage

Wantage er ein liten by i Oxfordshire i England. Han er mest kjent som fødestaden til kong Alfred den store (ca. 849899). Ein statue av han, laga av grev Gleichen, vart reist på marknadsplassen på 1800-talet. Fram til reforma av lokalstyret i England i 1974 låg byen i Berkshire.

Statuen av kong Alfred

Statuen vart betalt av Lord Wantage, som òg gav Victoria Cross Gallery til byen. Galleriet har måleri av fleire handlingar som førte til at det vart delt ut eit Victoria Cross, blant anna hans eigen heltedåd under Krimkrigen. Lord Wantage var òg med på å grunnlegge den engelske Raude Krossen.

Bynamnet kjem truleg frå eit keltisk stadnamn, truleg Gwanet-inge, som tyder «Hundeelva». Han er nemnt i Domesday Book (1086), då han kom i kongen sitt eige og hadde ein verdi på 61 pund. I 1190 vart byen gjeve til jarlen av Albemarle. Wantage fekk rett til å holde ein vekentleg marknad av Henrik III i 1216. Det er no to marknadsdagar i veka, onsdagar og laurdagar.

Det finst fleire historiske bygningar i Wantage. Den noverande soknekyrkja, vigd til apostlane Peter og Paulus, er på 1200-talet, og erstatta ei kyrkje på 900-talet. Ei vassmølle frå tida der Wantage var eit senter for ullhandel er bevart. Denne handelen oppstod etter at Wilts og Berks-kanalen vart anlagt mot slutten av det 1700-talet.

Ein periode hadde byen ein trikk som knytte han med Great Western Railway, men med unntak av den tidlegare stasjonsbygningen i Mill Street er det ingenting igjen av linja. Jernbanestasjonen, som òg er nedlagt, ligg omkring 5 km frå byen.

Nest etter Alfred den store er den mest kjente innbyggjaren lyrikaren John Betjeman, som budde der frå 1972 til 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]