William Gallacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willie Gallacher i 1919.

William Gallacher (25. desember 188112. august 1965), kjend som Willie Gallacher, var ein fagforeiningsleiar og kommunist fødd i Paisley i Skottland. Han var ein framståande person på venstresida i Clydeside-området (i og ved Glasgow), saman med mellom andre James Maxton og John Maclean.

Etter grunnskulen arbeidde Gallacher i industrien.

Gallacher var imot britisk deltaking i første verdskrigen og vart leiar for Arbeidarkomiteen i Clyde, som kjempa mot ei lov som innskrenka organisasjonsfridomen. I 1916 vart avisa til Arbeidarkomiteen straffeforfølgd for ein artikkel med kritikk av krigen, og Gallacher var ein av dei som vart fengsla.

Etter krigen var Gallacher aktiv i striden for betre kår for arbeidarane. Den daverande regjeringa frå Det liberale partiet meinte streiken i Glasgow i januar 1919 var starten på eit bolsjevikisk opprør, og sende soldatar og stridsvognar frå den britiske hæren til gatene i Glasgow for å kontrollere situasjonen. Fagforeiningleiarane vart arresterte og klaga for å lage til opprørske folkemassar. Gallacher var igjen mellom dei som vart fengsla.

Sidan slutta Gallacher seg til Det britiske kommunistpartiet CPGB og prøvde fleire gonger å bli vald som parlamentsmedlem, noko som lukkast i 1935.

Frå 1936 arbeidde Gallacher saman med slike venstreorienterte medlemmer av Det britiske arbeidarpartiet Labour Party som Stafford Cripps og Aneurin Bevan for at Storbritannia måtte gi militær hjelp til den spanske folkefrontregjeringa som kjempa mot Franco og fascismen i den spanske borgarkrigen. Men den konservative regjeringa nekta dette, og følgde ein såkalla ikkje-innblandingspolitikk sjølv om Mussolini og Hitler gav openberr og omfattande militær støtte til Franco.

Gallacher tapte parlamentsplassen sin ved valet i 1950, men heldt fram i politikken, og var president i kommunistpartiet mellom 1956 og 1963. Han døydde 12. august 1965.