William Holman Hunt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1867
Det vaknande samvitet, 1853

William Holman Hunt (2. april 18277. september 1910) var ein engelsk kunstmålar, kjend som ein av grunnleggjarane av den prerafaelittiske brorskapen. Mange av verka hans er moralske oppmodingar til publikum, i form av allegoriar og gjennom mytologi.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Hunt dreiv eit varehus, sjølv gjekk han i unge år i lære for å verte kontorist. Han tok elles teiknetimar og laga ulike mønster. Mellom 1834 og 1844 arbeidde han som kopist i British Museum og for National Gallery i London. Frå 1845 gjekk han på målarskulen til Royal Academy of Arts i London.

Hunt beundra fleirbandsverket Modern Painters som kunstkritikaren John Ruskin gav ut i 1843, samt dikta til John Keats. I 1848 var Hunt ein av dei som grunnla Den prerafaelittiske brorskapen. Same året stilte Hunt ut måleriet The Eve of St. Agnes i Royal Academy. Biletet er basert på eit dikt av Keats, og vert rekna som det aller fyrste prerafaelittiske måleriet. Vennskapen med ein annan av grunnleggjarane av denne kunstrørsla, John Everett Millais, vart særleg nær. Som truande anglikanar understreka Hunt i bileta sine det moralske alvoret til rørsla.

Verket A Converted British Family Sheltering a Christian Missionary from the Persecution of the Druids frå 1850 vart møtt med skarp kritikk for den kompromisslause, naturtru framstillinga. Eit anna måleri, med tittelen To menn frå Verona, vekte heller ingen positiv åtgaum hos publikum. Men frå Ruskin fekk han dei komande åra mykje ros for tre av arbeida sine; Leigekaren (The Hireling Shepherd) frå 1852, Verdas lys (The Light of the World) (1851/56) og Det vaknande samvitet (The Awakening Conscience) frå 1853.

I januar 1854 la Hunt ut på ei reise til det heilage land; to år seinare vende han tilbake til London. Med måleriet The Finding of the Saviour in the Temple, som han selde i 1860, sikra Hunt økonomien sin og sitt yrke som kunstnar. Mellom 1869 og 1878 la han ut på fleire reiser til Hellas, Italia og Egypt og atter til Palestina, som han i 1892 besøkte for fjerde gong.

Fram til 1874 presenterte Hunt verka sine hos Royal Academy of Arts, seinare nytta han seg Grosvenor Gallery og New Galleries til premierelokale. 1882 flytta han til bydelen Fulham, der han til saman måla 32 måleri som i 1886 vart utstilt i 'Fine Art Society'.

På sine eldre dagar, år 1905, fullførte Hunt måleriet The Lady of Shalott, eit verk inspirert av den kjende balladen med same namn, dikta av Alfred Tennyson. Hunt skreiv si eiga livssoge, minneboka Pre-Raphaelitism and the Pre-Raphaelite Brotherhood kom ut i 1905.

Hunt vart gravlagt frå St. Pauls katedralen i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Holman Hunt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]