Wukinesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wukinesisk
(tradisjonelt 吳, forenkla 吴, pinyin

eller 吳語, 吴语, wúyǔ)

Klassifisering: Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
   Wu
Talarar: wugruppa av hankinesarar
Bruk
Tala i: Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesisksamfunn verda rundt.
Område: Aust-Asia
Wukinesisktalande i alt: 1,2 milliardar
Rangering: 12
Skriftsystem: Kinesisk
Språkkodar
ISO 639-3: wuu
Wikipedia på wukinesisk
Ubtreiingsområdet for wukinesisk.
Kinesiske dialektar og språk

Wukinesisk eller berre wu er eit kinesisk språk eller ei dialektgruppe som blir snakka av rundt 77 millionar menneske i Wu-regionen rundt Shanghai, sørlege Jiangsu, Zhejiang og ein del av Anhui aust i Kina. Wukinesisk blir også snakka i fleire utvandrarmiljø.

Sammenlikna med mandarinkinesisk har wu-dialektane eit noko ulikt ordforråd, tidvis ei anna ordstilling og fleire språktonar. Dialektane i Shaoxing og Wenzhou har åtte tonar medan shanghainesisk har fem.

Dialektgrupper[endre | endre wikiteksten]

Wukinesisk blir gjerne delt inn i seks hovuddialektar:

  • Tàihú 太湖: Sør-Jiangsu og nord-Zhejiang. Her høyrer mellom anna shanghainesisk, suzhouhua, wuxihua, changzhouhua, hangzhouhua, ningbohua og shaoxinghua til.
  • Táizhōu 台州: I Zhejiang
  • Dōng'ōu 东瓯: I Wenzhou (Zhejiang)
  • Wùzhōu 婺州: I og rundt Jinhua (Zhejiang)
  • Chùqú 处衢: I og rundt Lishui og Quzhou (Zhejiang)
  • Xuānzhōu 宣州: I og rundt Xuancheng (Anhui)

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende wutalarar er Chiang Kai-shek, Lu Xun og Cai Yuanpei. Språket blir brukt i Shaoxing-opera og i framføringar av den populære utøvaren Zhou Libo.

Wukinesisk har elles låg status i høve til det offisielle mandarinkinesisk. Det er ikkje offentleg anderkjend i Kina, og blir i dag ikkje brukt i skular eller offentleg samanheng. Ei rekkje tv-program blir laga på wuspråk, men offisielle retningsliner seier at desse ikkje kan kringkastast i beste sendetid.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Yuen Ren Chao [Zhào Yuánrèn 赵元任]: «Contrastive aspects of the Wu dialects», i: Language 43:1 (1967), s. 92-101.
  • Jerry Norman: Chinese, Cambridge, 1988.
  • Zhào Yuánrèn 赵元任: Xiàndài Wúyǔ de yánjiū 《现代吴语的研究》 (Studiar av dei moderne Wu-dialektane, 1928).
  • Qián Nǎiróng 钱乃荣: Dāngdài Wúyǔ yánjiū 《当代吴语研究》 (Studiar av Wu-dialektane i samtida, 1992).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Song Wei,«Dialects to be phased out of prime time TV» (chinadaily.com.cn), 2011-01-14