Dyngeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dyngeland
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5226 NESTTUN

Dyngeland er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg i liene nordvest for Dyngelandsvatnet og sør for Grimevatnet. Garden vart på 1500-talet er delt i Nedre og Øvre Dyngeland.

Det er framleis gardsdrift på begge gardane.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne Dyngjuland, som truleg igjen kjem av elvenamnet Dyngja.

Nedre Dyngeland[endre | endre wikiteksten]

Nedre Dyngeland

Nedre Dyngeland har gardsnummer 51 og høyrte til Lunge-slekta fram til 1659. Garden ligg mellom Grimevatnet og Dyngelandsvatnet. Ein fråskild del ligg òg på austsida av Grimevatnet, medan ein del av Øvre Dyngeland ligg i mellom desse to.

Garden grensar til Heldal, Nedre Bratland, Grimen i nord, Øvre Bratland i nordaust, Øvre Totland og Myrdal i aust og Milleshaug i søraust. I vest ligg Midtun. I tillegg grensar garden til Nedre Dyngeland i sør og i aust.

Øvre Dyngeland[endre | endre wikiteksten]

Øvre Dyngeland

Øvre Dyngeland har gardsnummer 52 og høyrte til Munkeliv kloster fram til 1660. Dette året vart Munkelivsgodset kjøpt av Herman Garmann.

Sjølve garden ligg vest for Dyngelandsvatnet, men garden eig òg land nordaust for Dyngelandsvatnet og nordaust for Nedre Dyngeland.

Garden grensar til Nedre Dyngeland i nord, Helldal i nordvest, Midtun i vest, Milleshaug i sør og Myrdal i aust.

Sjå ôg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]