(Sittin' on) the Dock of the Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
(Sittin' On) The Dock of the Bay
Singel av Otis Redding
frå albumet The Dock of the Bay
B-side «Sweet Lorene» (Volt) · «Keep Your Arms Around Me» (Atco)
Utgjeve 8. januar 1968
Innspelt 22. november og 7. desember 1967, Stax Studios, Memphis i Tennessee[1]
Sjanger
Lengd 2:38
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Steve Cropper
Otis Redding-kronologi
«Knock on Wood»
(1967)
(Sittin' On) The Dock of the Bay «The Happy Song (Dum Dum)»
(1968)


«(Sittin' On) The Dock of the Bay» er ein song skriven av soulsongaren Otis Redding og gitaristen Steve Cropper. Han vart spelt inn to gonger av Redding i 1967, den andre gongen berre dagar før han omkom i ein flystyrt. Songen vart gjeven ut på Volt-etiketten til Stax Records i 1968,[2] og vart den første posthume singelen som toppa listene i USA.[3] Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.

Markering av staden der Otis Redding skreiv «(Sittin' On) The Dock of the Bay».

Redding skreiv på teksten til songen i august 1967, då han sat på ein husbåt i Sausalito i California. Han fullførte songen i lag med Cropper, som var produsent for Stax og gitarist for Booker T. & the M.G.'s. Songen inneheld plystring og lyden av bølgjer som bryt på kysten.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Husbåtar i Sausalito.
Statuen Otis Redding Sittin on the Dock of the Bay frå 2003

Redding skreiv det første verset av songen då han var på turné med The Bar-Kays i august 1967, og teksten hadde då tittelen «Dock of the Bay». Redding sat då på ein husbåt i Waldo Point i Sausalito i California.[1] Han hadde spelt på Monterey Pop Festival berre veker tidlegare. Medan han turnerte for å marknadsføre albuma King & Queen (eit samarbeid med vokalisten Carla Thomas) og Live in Europe, fortsette han å skrive ned linjer til songen på serviettar og hotellpapir. I november det året møtte han Steve Cropper i platetudioet til Stax i Memphis i Tennessee for å spele inn songen.[4]

I lag komponerte dei ferdig musikken og den melankolske teksten til «(Sittin' On) The Dock of the Bay». Desse innspelingane vart dei siste Redding gjorde. «Dock of the Bay» vart spelt inn 22. november og ekstraspor vart lagt til 7. november.[1] Redding vert akkompagnert av Cropper på gitar.[5] Songen skil seg frå dei fleste andre songane Redding spelte inn.[1] Redding diskuterte songen med kona si og sa at han ønskte å «gjere noko litt annleis» med «The Dock of the Bay» og «endre stilen sin».[1] Det var uro over at «The Dock of the Bay» hadde ei for stor pop-kjensle for å vere Otis Redding, og det var snakk om å få gospelgruppa til Stax, Staple Singers, å syngje korvokal, men så langt kom ein aldri.[1] Redding rekna songen som uferdig og planla å spele inn det han meinte skulle bli den endelege versjonen, men det fekk han aldri sjansen til.[6] Songen inneheld plystring før songen tonar ut. Dette var opphavleg gjort av Redding, som (i følgje Cropper) hadde «nokre ord han skulle sei under uttoninga, ein improvisasjon. Han gløymde kva han skulle sei og byrja å plyste i staden»[7] Redding fortsette turneen etter innspelinga. Den 10. desember styrsta flyet hans i Lake Monona, utafor Madison i Wisconsin. Redding og seks andre mista livet.[8]

Etter Redding døydde, miksa Cropper «Dock of the Bay» i Stax Studios. Han la til lyden av måse og bølgjer i bakgrunnen, slik Redding hadde planlagt, etter lydane han høyrde då han budde på husbåten.[9] Plystringa i slutten av songen var opphavleg spelt inn av Redding, men vart innspelt på nytt av bandleiaren hans, Sam «Bluzman» Taylor.[10][11]

Versjonen til Otis Redding[endre | endre wikiteksten]

Mottaking

Mange som først høyrde den endelege versjonen hadde sine tvil om songen, stilen og produksjonen. Blant skeptikarane var Phil Walden og Jim Stewart. Redding aksepterte noko av kritikken og finjusterte songen. Han endra opninga, som byrja med plystringa, og sette det til slutt i songen, slik det var blitt føreslått. «The Dock of the Bay» kom ut tidleg i 1968 og toppa listene i USA og Storbritannia Billboard rangert songen som den fjerde beste songen i 1968.

«(Sittin' On) The Dock of the Bay» kom ut i januar 1968, kort tid etter Redding døydde. R&B-stasjonar byrja raskt å spele songen, slik dei hadde gjort med mange av songane til Redding. Songen skaut til toppen av R&B-listene tidleg i 1968, og i mars toppa songen poplista i fire veker.[12] Albumet, som hadde same tittel som songen, vart hans bestseljande nokon gong, og nådde fjerdeplassen på poplista.[13] «Dock of the Bay» var populær over heile verda og vart den mest suksessrike songen til Redding, og selde meir enn fire millionar eksemplar totalt.[14][15] Songen fekk to Grammyprisar: Beste R&B-song og beste mannlege R&B-vokal.[16]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister
Liste (1968) Plassering
Canada RPM Top Singles 7
New Zealand (Listener)[17] 3
UK Singles Chart[18] 3
U.S. Billboard Hot 100[13] 1
U.S. Hot Rhythm & Blues Singles[13] 1

Årslister
Liste (1968) Rangering
Canada [19] 44
UK [20] 38
U.S. Billboard Hot 100 [21] 4

Seinare versjonar[endre | endre wikiteksten]

(Sittin' on) The Dock of the Bay
Singel av Sammy Hagar
B-side «I've Done Everything for You»
Utgjeve 1979
Innspelt Mai 1979
Sjanger Rock
Lengd 3:03
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar)
  • Steve Cropper
  • Otis Redding
Produsent Carter
(Sittin' on) The Dock of the Bay
Singel av Michael Bolton
B-side «Call My Name»
Utgjeve 1987
Sjanger
Lengd 3:50
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar)
  • Steve Cropper
  • Otis Redding
Produsent
  • Jonathan Cain
  • Keith Diamond
  • Susan Hamilton

«The Dock of the Bay» er blitt spelt inn av mellom anna Glen Campbell, Cher, Peggy Lee, David Allan Coe,[22] Bob Dylan, Don Partridge,[23] Percy Sledge, Dee Clark og Sam & Dave, til artistar innan forskjellige sjangrar, inkludert Jimmy Velvit, Widespread Panic, Waylon Jennings og Willie Nelson, Kenny Rankin, Dennis Brown, Michel Pagliaro, Jacob Miller, Pearl Jam, The Format, T. Rex, Brent Smith frå Shinedown, Justin Nozuka (2007), Sara Bareilles (2008) og Garth Brooks. Playing for Change spelte inn ein versjon med Grandpa Elliott og andre musikarar.

Sammy Hagar gav ut ein versjon av songen på singel i 1979. Han hadde med seg Steve Cropper på gitar og medlemmar frå bandet BostonBrad Delp, Sib Hashian og Barry Goudreau på korvokal.[24] Produsenten John S. Carter spelte inn songen i mai 1979 med Cropper, bassisten Leland Sklar og trommeslagaren Alvin Taylor. Seinare la han på vokalen til Hagar og korvokalen til medlemmane frå Boston, som Hagar nettopp hadde turnert med.[25] Singelen vart ein liten hit for Hagar, og nådde 65. plassen på Billboard Hot 100.[24] Hagar og Cropper sitt arbeid på songen vart kåra til den 37. verste gitarsoloen i historia av Pitchfork i 1998.[26] Songen kom ikkje ut på eit album før i 1992, då han kom ut på The Best of Sammy Hagar.

Michael Bolton spelte inn songen i 1987 for albumet The Hunger. Versjonen hans nådde 11. plassen på Billboard Hot 100. Zelma Redding, kona til Otis, sa ho vart så rørt av versjonen til Bolton at «ho fekk tårer i augo. Det minna meg så mykje om ektemannen min at eg visst om han hadde høyrt songen, ville han ha kjent det på same vis».[27] I eit brev som heng på veggen i kontoret til Bolton, kallar ho versjonen «favorittversjonen min av klassikaren til mannen min.»[28]

I april 2013 framførte Justin Timberlake songen som ein del av ein hyllest til Memphis soul i konsertserien «In Performance» i Det kvite huset. Serien vart sett av president Barack Obama og Michelle Obama.[29]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1999 kåra BMI songen til den sjette mest framførte songen på 1900-talet, med kring seks millionar framføringar.[30] Rolling Stone rangerte The Dock of the Bay på 161. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, den tredje av fem Redding-album på lista. På lista deira over dei 500 beste songane, vart «(Sittin' On) The Dock of the Bay» rangert på 26. plassen, den nest høgaste av fire Redding-songar på lista, etter «Respect».[31]

Jim Morrison refererte til «Dock of the Bay» i Doors-songen «Runnin' Blue», skriven av Robby Krieger, frå albumet The Soft Parade i 1969. Morrison syng ein acapella intro til songen, der han syng direkte om Otis Redding. «Poor Otis dead and gone, left me here to sing his song, pretty little girl with a red dress on, poor Otis dead and gone.» Og under verset teksten «Got to find a dock and a bay».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Bowman, Rob (2007). Liner Notes for Dreams to Remember: The Otis Redding Story [DVD]. Beverly Hills, CA: Reelin' in the Years Productions/Concord Music Group.
  2. Gilliland, John (1969). «Show 51 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 7] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  3. Rose Lichter-Marck (March 25, 2011). «The undying soul of Otis». The Daily Holdings, Inc. Henta 26. juli 2017. 
  4. «Dock of the Bay origin/meaning». Arkivert frå originalen den 11 June 2007. Henta 26. juli 2017. 
  5. Richie Unterberger. «Otis Redding – Biography». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 26. juli 2017. 
  6. Henry, Mike (1 January 2013). «Black History: More Than Just a Month». Rowman & Littlefield – via Google Books. 
  7. Bowman 1997, s. 132.
  8. Guralnick 1999, s. 394–395.
  9. Sullivan 2013, s. 116.
  10. Bowman 1997, s. 134.
  11. Perrone, Pierre (February 16, 2009), Sam Taylor: Blues man who provided the whistling on 'Dock of the Bay', independent.co.uk, http://www.independent.co.uk/news/obituaries/sam-taylor-blues-man-who-provided-the-whistling-on-dock-of-the-bay-1623024.html 
  12. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 486. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Otis Redding – Charts & Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 26. juli 2017. 
  14. Otfinoski 2003, s. 194.
  15. «Honors». Otis Redding Official Website. Henta 26. juli 2017. 
  16. «1968 Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 26. juli 2017. 
  17. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 2016-10-02. 
  18. «Artist Chart History - Otis Redding». The Official UK Charts Company. Henta July 5, 2012. 
  19. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2016-10-02. 
  20. «Top 100 1968 - UK Music Charts». Uk-charts.top-source.info. Henta 2016-10-02. 
  21. «Top 100 Hits of 1968/Top 100 Songs of 1968». Musicoutfitters.com. Henta 2016-10-02. 
  22. «David Allan Coe ‎– Dock Of The Bay». Discogs. 
  23. Album «Don Partridge», EMI Columbia Records SCX 6280 (1968)
  24. 24,0 24,1 Hagar, Sammy; Selvin, Joel (2011). Red: My Uncensored Life in Rock. HarperCollins. s. 77. ISBN 0-06-200928-1. 
  25. Liner notes. Sammy Hagar. The Best of Sammy Hagar. Capitol CDP 0777 7 80262 2 8. 1992.
  26. Mal:Kjeld www
  27. «People Are Talking About . . .». Jet. January 18, 1988. Henta 26. juli 2017. 
  28. «Michael Bolton: 'How Black Music Changed My Life'». Ebony. Henta 26. juli 2017. 
  29. Schlosser, Kurt (April 10, 2014). «Justin Timberlake bares his soul with Otis Redding cover at White House». today.com. Henta 26. juli 2017. 
  30. «BMI Announces Top 100 Songs of the Century». at BMI.com. 13 December 1999. Henta 26. juli 2017.
  31. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen den 16 May 2007. Henta 26. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]