5D (Fifth Dimension)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
5D (Fifth Dimension)
singel av The Byrds
frå albumet Fifth Dimension
B-side «Captain Soul»
Utgjeve 13. juni 1966
Innspelt 24. og 25. mai 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Rock, psykedelisk rock
Lengd 2:33
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn
Produsent Allen Stanton
The Byrds-kronologi
«Eight Miles High»
(1966)
5D (Fifth Dimension) «Mr. Spaceman»
(1966)

«5D (Fifth Dimension)» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av bandmedlemmet Jim McGuinn.[1] Han vart gjeven ut på singel 13. juni 1966 og nådde 44. plass på den amerikanske singellista, men kom ikkje ein gong inn på den britiske.[2][3][4] Songen vart òg jeven ut som opningsspor på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966.[2] «5D (Fifth Dimension)» kom ut etter den viktige singelen «Eight Miles High» single og tok den psykedeliske eksperimenteringa deira eit steg vidare.[1]

I følgje McGuinn var teksten eit forsøk på forklare relativitetsteorien til Einstein og var direkte inspirert av boka 1-2-3-4, More, More, More, More av Don Landis.[5] Den abstrakte songteksten vart av mange tilhengjarar tolka som ei LSD-tripp, noko McGuinn nekta på det sterkaste.[6] På grunn av desse skuldingane vart songen bannlyst frå somme radiostasjonar i USA.[7]

Innspelinga av songen vart gjort 24. og 25. mai 1966 med Allen Stanton som produsent.[8] På songen finn ein Bach-aktig orgel og elektrisk piano, spelt av Van Dyke Parks.[8][9] «5D (Fifth Dimension)» var ein av favorittane til The Byrds-bassisten Chris Hillman, som skildra han som «ein av dei flottaste songane McGuinn nokon gong har skrive.»[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «5D (Fifth Dimension) review». Allmusic. http://www.allmusic.com/song/t2736485. Henta 17. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 544–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  4. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  5. «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. http://ebni.com/byrds/lp5d.html. Henta 17. oktober 2010. 
  6. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 177–179. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 97. ISBN 1-90600-215-0. 
  8. 8,0 8,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 620–621. ISBN 0-95295-401-X. 
  9. Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  10. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 95. ISBN 1-90600-215-0.