Al-Karmil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
al-Karmil
خربة الكرمل, Khirbat al-Karmil
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°25′25.19″N 35°07′59.37″E / 31.4236639°N 35.1331583°E / 31.4236639; 35.1331583
Folketal 3 741  (2007)
Kart
Al-Karmil
31°25′25″N 35°07′59″E / 31.423663888889°N 35.133158333333°E / 31.423663888889; 35.133158333333
Wikimedia Commons: Al-Karmil

al-Karmil (arabisk خربة الكرمل) er ein palestinsk landsby som ligg 12 kilometer sør for Hebron. Landsbyen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 3 741 i 2007.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er tre referansar til al-Karmil i Bibelen. Karmel er nemnt som ein by i Juda, og som staden der Saul reiste eit monument etter krigen mot Amalek og der karmelitten Nabal budde.[2][3][4]

Etter Bar Kochba-opprøret vart Khirbet al-Karmil nytta som ein romersk garnisonsby. Jødane i byen mislikte at romarane slo seg ned der og flytta busetnaden 2 km søraust, på ein rygg. Den nye jødiske busetnaden blømde fram til den persiske hæren til Khosrau tvang den romerske garnisonen med armeen til Heraklios ut av Palestina. Den persiske hæren vart etter kort tid øydelagd av Rashidun-kalifatet.

Utan ein marknad for vinen sin, gjekk det nedover med det jødiske samfunnet og synagoga vart til slutt fråflytta på 800-talet. Denne synagoga er ei av dei best bevarte av dei gamle synagogene på Vestbreidda.[5]

Al-Muqaddasi skildra i 985 han som «ein landsby i ytterkanten av Hebron-området i Jund Filastin. Dette er den Karmel som er nemnt i Josva xv.55.»[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.120.
  2. Josva ch xv vers 55, 1 Samuel ch xv vers 12 og 1 Samuel ch xxv
  3. Nabal and Abigail
  4. Calmet's Dictionary of the Holy Bible, 1832. p 280
  5. Murphy-O'Connor, Jerome (2008) The Holy Land: An Oxford Archaeological Guide from Earliest Times to 1700 Oxford University Press US, ISBN 0-19-923666-6 p 351
  6. le Stange, Guy. (1890). Palestine Under the Moslems s.488.