Idhna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idhna
إذنا, Idna
kommune
Våpenskjold
Namneopphav: Nedre[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°33′31″N 34°58′34″E / 31.55861°N 34.97611°E / 31.55861; 34.97611
Areal 25,5 km²
Folketal 19 012  (2007)
Folketettleik 746 / km²
Kart
Idhna
31°33′31″N 34°58′34″E / 31.558611111111°N 34.976111111111°E / 31.558611111111; 34.976111111111
Wikimedia Commons: Idhna

Idhna (arabisk إذنا) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, i Hebron guvernement, 13 kilometer vest for Hebron og kring ein kilometer aust for Den grøne linja. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 19 012 innbyggjarar i 2007.[2]

Idhna er fysisk delt i ein sørleg og ein nordleg del av Wadi al-Feranj.[3] Hovudnæringa i Idhna er jordbruk.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Idhna har vore busett sidan kanaanittisk tid (bronsealderen), og det er gjort funn av eldgamle ruinar i byen. Byen er identifisert som den bibelske byen Dannah, som er nemnt i Josva 15:49.[5] hebraiske folk, austromarar og arabarar hadde alle kontroll over området og det er funne myntar, statuar, graver og keramikk datert til desse kring i byen.[6]

Idhna vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 68 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.[7]

Edward Robinson, som vitja Idhna i 1838, registrerte at dei to delane av byen vart leia av kvar sin sjeik og innbyggjarar i kvar del følgde sjeikande i interne kranglar. Like ved Idhna ligg ruinane av den opphavlege landsbyen, som er totalt dekt av åkrar i dag. Ein har òg funne mosaikksteinar i marmor på staden.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Idna i juni 1863. Han estimerte folketalet til nesten 500 innbyggjarar, delt inn i to distrikt, kvar styrt av ein eigen sjeik. Mange hus, særleg små Bordj, var bygde med eldgamle steinar, daterte attende til oldtida.[8]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Idhna som «ein liten landsby i sørsida av ein ås [ ] delt i to av eit lite søkk.»[9] SWP skreiv òg at det låg fleire store grotter nær byen med nisjer for lampar eller hovudskallar.[10]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Idna eit folketal på 1 300, alle muslimar,[11] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1719, framleis alle muslimar, i 317 hus.[12]

I 1945 var folketalet i Idna 2 190, alle arabarar, som eigde 34 002 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 528 mål var plantasjar og irrigert land, 14 481 for korn,[14] medan 153 mål var utbygd (urbant) land.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 394
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. 3,0 3,1 Robinson and Smith, 1856, s. 69-70
  4. Demolitions, threats of demolitions and evictions in Idhna town - Hebron guvernement Arkivert 2007-05-28 ved Wayback Machine. Land Research Sentral. 24. februar 2007
  5. Prewitt, J.F. (1915). Bromiley, Geoffrey W., red. International Standard Bible Encyclopedia. I(A-D). ISBN 0-8028-3781-6. ISBN 08028 37859. 
  6. Historie of Idna Arkivert 2008-01-16 ved Wayback Machine. Idna Municipality.
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 124.
  8. Guérin, 1869, s. 364-5
  9. Conder og Kitchener, 1883, s. 305
  10. Conder og Kitchener, 1883, s. 330
  11. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10. 
  12. Mills, 1932, s. 32.
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]