Ash-Shuyukh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ash-Shuyukh
الشيوخ, Al-Shuyukh
kommune
Namneopphav: Sjeikane[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°34′41.22″N 35°08′59.73″E / 31.5781167°N 35.1499250°E / 31.5781167; 35.1499250
Areal 22,1 km²
Folketal 8 811  (2007)
Folketettleik 399 / km²
Kart
Ash-Shuyukh
31°34′41″N 35°09′00″E / 31.578116666667°N 35.149925°E / 31.578116666667; 35.149925
Wikimedia Commons: Ash-Shuyukh

Ash-Shuyukh eller al-Shuyukh (arabisk الشيوخ) er ein palestinsk by i Hebron guvernement som ligg 6 km nordaust for byen Hebron. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Ash-Shuyukh eit folketal på over 8 811 i 2007.[2]

Som resten av Hebron-området, er ash-Shuyukh eit jordbruksområde. Det vert hovudsakleg dyrka oliven, fiken, mandlar, linser, fersken og aprikos.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, seint i osmansk tid. Han skreiv at landsbyen låg på ei høg klippe. Han hadde 200 innbyggjarar og ein liten moské tileigna "Cheikh Ibrahim el-Hedmi.»[4]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein velbygd landsby i høgt lende, og synleg frå Tekua. Det står nokre få tre rundt, og grotter. Vassforsyninga kjem frå cisterner, og det ligg ei kjelde i nord.»[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde 'Al Shiukh eit folketal på 792, alle muslimar[6] Dette hadde auka under folketeljinga i 1931 til 925 muslimar, i 180 hus.[7]

I 1945 var folketalet i Ash-Shuyukh 1 240 arabarar, som eigde 22 091 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 1 713 mål var plantasjar og irrigert land, 3 365 for korn,[9] medan 24 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 408
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. Shuyukh Jordbruk, Economy and Historie In arabisk
  4. Guérin, 1869, s. 150
  5. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309
  6. Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10
  7. Mills, 1932, s. 33
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]