Alan Spenner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alan Spenner
Fødd7. mai 1948
FødestadDalston
Død11. august 1991 (43 år)
FødenamnAlan Henry Spenner
OpphavStorbritannia
SjangerHardrock, bluesrock, folkrock, jazz, britisk soul
InstrumentBass, gitar
Tilknytte artistarPeter Frampton, Spooky Tooth, Roxy Music, Kokomo, Alvin Lee, Joe Cocker
Verka somMusikar, låtskrivar

Alan Henry Spenner (7. mai 194811. august 1991) var ein britisk bassist som spelte med Wynder K. Frog, The Grease Band, ABC, David Coverdale, David Soul, Joe Cocker, Lynda Carter, Peter Frampton, Ted Nugent, Kokomo og Roxy Music. Han spelte òg på den originale innspelinga i 1970 av Jesus Christ Superstar.[1][2]

Spenner spelte bass på Woodstock i 1969 med Joe Cocker og the Grease band, som sett på The Woodstock Directors Cut DVD og Roxy Music-DVDen The High Road, filma i Frejus i Frankrike, i august 1982.

Spenner døydde 11. august 1991 av eit hjarteattakk, berre 43 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «What’s The Buzz», Jesus Christ Superstar: A Complete Transcription of Alan Spenner’s Bass Line, bassplayer.com, henta 9. april 2011 
  2. Allmusic performance credits page