Siren av Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Siren av Roxy Music
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve 24. oktober 1975
Innspelt June til september 1975
Studio AIR Studios i London
Sjanger
Lengd 42:30
Selskap
Produsent Chris Thomas
Roxy Music-kronologi
Country Life
(1974)
Siren av Roxy Music Viva!
(1976)


Singlar frå Siren
  1. «Love Is the Drug»
    Utgjeve: September 1975[1]
  2. «Both Ends Burning»
    Utgjeve: Desember 1975[1]

Siren er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i 1975 på Island Records. Det vart gjeve ut av Atco Records i USA.[1]

Siren inneheldt singlane «Love Is the Drug» og «Both Ends Burning», som nådde høvesvis andre- og 25. plassen på UK Singles Chart. «Love Is the Drug» vart den største hitten til Roxy Music i USA, då han nådde 30. plassen på Billboard Hot 100.[2] I 2003 vart Siren rangert på 371. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner den dåverande kjærasten til Bryan Ferry, modellen Jerry Hall, på berga nær South StackAnglesey. Graham Hughes, arbeidde i august 1975 med å ta biletet like under det sentrale bruspennet på sørsida. Han arbeidde ut frå skisser som var laga av Antony Price. Bryan Ferry fekk ideen til staden etter å ha sett ein TV-dokumentar om lavastraumar og klippeformasjonar på Anglesey.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Pitchfork8.7/10[4]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Spin Alternative Record Guide10/10[7]
The Village VoiceA−[8]

I ei melding i Melody Maker då albumet kom ut, skreiv kritikaren Allan Jones at det var «eit supert album, som umiddelbart slår lyttaren med ei kraft og ei nyskaping som ein berre får i dei mest spesielle musikalske opplevingane».[9] Han merka seg ei «klårheit og vitalitet» i produksjonen til Chris Thomas, som han meinte synte «kjensla av eventyr og den kavaleriske anda frå dei tidlege platene deira, ei drivkraft som i det siste har vore fråverande frå musikken deira.»[9] Rolling Stone-skribenten Simon Frith meinte albumet hadde meir fokuserte tekstar og straumlineforma produksjon, med «mindre kunstig rot, færre lydeffektar og meir streite soloar.»[10] Robert Christgau i The Village Voice meinte albumet lente meir mot pop og fann det openberrande: «Sjølvsagt har Roxy Music-albuma alltid hatt knaggar, men 'Street Life' og 'Virginia Plain' fortalte oss aldri så mykje om Roxy sin mindre tilgjengelege musikk som det 'Love Is the Drug' gjorde».[8] Han rangerte albumet som det 11. beste i 1975 på den publiserte årslista si.[11] Siren vart plassert på 13. plassen på Pazz & Jop-lista i Village People, laga av ei rekkje kritikarar.[12]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Siren er ei av dei mest kritikarrosten albuma til Roxy Music. Kritikaren Dave Marsh skildra Siren i 1983 som «meisterverket til Roxy som bringer lyttaren attende i kraft av dei finpussa instrumentale åtaka og den overtydande haldninga i tekstane».[13] I ei seinare melding for AllMusic, skreiv Stephen Thomas Erlewine om Roxy Music si lite smålåtne omfamning av dansemusikk og pop på Siren, som førte til den meir «kunstnariske tendensen» deira vart tona ned, og skapte «ein temakonsistens som fungerer i favør av albumet» og løftar det «inn i riket til klassikarane».[3] Rob Sheffield kalla Siren «det første Roxy Music-albumet utan dårlege augneblikk» i The New Rolling Stone Album Guide i 2004.[6] Simon Reynolds var mindre positiv i 1999 ein artikkel for Uncut. Han innsåg at Siren framleis var universelt høgt akta, særskild av amerikanske kritikarar, men rekna sjølv både dette og det føregåande albumet Country Life som «konvensjonelle og tamme» samanlikna med dei tidlegare albuma deira.[14]

Rolling Stone rangerte Siren på 371. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003,[15] og 374. plassen på den oppdaterte lista i 2012.[16] Det var ikkje med på den nye lista til Rolling Stone frå 2020. Vibe hadde albumet med på si liste over 100 essensielle album frå 1900-talet, og skildra det som ei blanding av «den esoteriske skyminga i tidleg Roxy» og «den smertefulle, gloande romantiske tonen i den seinare musikken deira».[17]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Love Is the Drug» (Ferry, Andy Mackay)4:11
2.«End of the Line»5:14
3.«Sentimental Fool» (Ferry, Mackay)6:14
4.«Whirlwind» (Ferry, Phil Manzanera)3:38
Side to
Nr.TittelLengd
1.«She Sells» (Ferry, Eddie Jobson)3:39
2.«Could It Happen to Me?»3:36
3.«Both Ends Burning»5:16
4.«Nightingale» (Ferry, Manzanera)4:11
5.«Just Another High»6:31

På kassettar (t.d. Island ZC19344) har «Whirlwind» og «Just Another High» (begge siste spor på kvar side) byta plass, truleg for å utnytte plassen på lydbandet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music

Produksjon

  • Steve Nye – lydteknikar
  • Ross Cullum – assisterande lydteknikar
  • Michael Sellers – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – ommastring (1999)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975–76) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[18] 12
Canada Top Albums/CDs (RPM)[19] 53
Nederlandske album (MegaCharts)[20] 9
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 33
Norske album (VG-lista)[22] 15
Svenske album (Sverigetopplistan)[23] 8
Britiske album (OCC)[24] 4
US Billboard 200[25] 50

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Nederlandske album (Album Top 100)[26] 47

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[27] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 930. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. «Roxy Music Chart History (Billboard Hot 100)». Billboard. Henta 17. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Siren – Roxy Music». AllMusic. Henta 18. juli 2021. 
  4. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: Roxy Music: The Complete Studio Recordings 1972–1982». Pitchfork. Henta 17. juli 2021. 
  5. «Roxy Music: Siren». Q (156): 122–23. September 1999. 
  6. 6,0 6,1 Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. Sheffield, Rob (1995). «Roxy Music». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 336–38. ISBN 0-679-75574-8. 
  8. 8,0 8,1 Christgau, Robert (22. desember 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 18. juli 2021. 
  9. 9,0 9,1 Jones, Allan (5. oktober 1975). «Roxy Music: Siren». Melody Maker. Henta 18. juli 2021. 
  10. Frith, Simon (1. januar 1976). «Siren». Rolling Stone. Henta 18. juli 2021. 
  11. Christgau, Robert (29. desember 1975). «Pazz & Jop 1975: Dean's List». The Village Voice. Henta 17. juli 2021. 
  12. «The 1975 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 29. desember 1975. Henta 18. juli 2021. 
  13. Marsh, Dave (1983). «Roxy Music». I Marsh, Dave; Swenson, John. The New Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. s. 437. ISBN 0-394-72107-1. 
  14. Reynolds, Simon (September 1999). «Roxy Music: Roxy Music / For Your Pleasure / Stranded / Country Life / Siren». Uncut (28). Henta 18. juli 2021. 
  15. «500 Greatest Albums of All Time: Siren – Roxy Music». Rolling Stone. 11. desember 2003. Arkivert frå originalen 20. desember 2010. Henta 17. juli 2021. 
  16. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 31. mai 2012. Henta 18. juli 2021. 
  17. «The Vibe 100 – Siren, Roxy Music». Vibe 7 (10): 164. December 1999 – January 2000. Henta 18. juli 2021. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. "Top RPM Albums: Nummer 4163b". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 17. juli 2021.
  20. "Roxy Music – Siren". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  21. "Roxy Music – Siren". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  22. "Roxy Music – Siren". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  23. "Roxy Music – Siren". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  24. "19751102 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. juli 2021.
  25. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media. Henta 17. juli 2021.
  26. «Jaaroverzichten – Album 1975». dutchcharts.nl. Henta 10. april 2021. 
  27. «British album salstrofé – Roxy Music – Siren». British Phonographic Industry. Henta 17. juli 2021.  Enter Siren in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go