Country Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Country Life
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve 15. november 1974
Innspelt Juli til august 1974 i AIR Studios i London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 41:42
Selskap Island, Polydor (UK)
Atco, Reprise (U.S.) [1]
Produsent Roxy Music, John Punter
Kritikk
Roxy Music-kronologi
Stranded
(1973)
Country Life Siren
(1975)

Country Life er det fjerde albumet til det britiske rockebandet Roxy Music. Det kom ut i 1974 og nådde 3. plass i Storbritannia. Det nådde òg 37. plass i USA og var det første albumet deira på Topp 40 der. Albumet vert av mange kritikarar rekna som det mest sofistikerte og konsistente albumet deira. Ferry tok tittelen på albumet frå eit jordbruksmagasin kalla Country Life.

I 2003 vart albumet rangert på 387. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Det var eit av fire Roxy Music-album på denne lista.[6]

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Opningssongen «The Thrill of it All» er ein livleg rockesong som vidareutvikla stilen frå songar som «Virginia Plain» (1972) og «Do the Strand» (1973). Her vart diktet «Resume» av Dorothy Parker sitert: «You might as well live». Fiolinen til Eddie Jobson dominerte «Out of the Blue», som vart ein konsertfavoritt. Skjulte musikalske inspirasjonskjelder kjem til syne i dei tyske ompaband-passasjane i «Bitter-Sweet», den elizabethanske smaken i «Triptych» og den muntre, boogie-blues-aktige «If It Takes All Night».

«Casanova» vart hylla av m ange kritikarar som ein meir kynisk og hardrockande song, som skilde seg ut frå andre Roxy Music-songar. Som den tidlegare «In Every Dream Home a Heartache» (1973), vart han rekna som ein kritikk mot hulheita i jet set-livet på denne tida. Ein ny versjon av denne songen kom ut på soloalbumet til Ferry i 1975, Let's Stick Together.

Den siste songen «Prairie Rose» var ein ode til Texas og ein av kvinnene her frå, Jerry Hall, som då var kjærasten til Ferry. Ho dukka sidan opp på biletet på omslaget til det neste albumet til Roxy Music, Siren (1975), og seinare i videoen til hitsingelen til Ferry, «Let's Stick Together».

Singelen «All I Want is You» nådde 12. plass i Storbritannia. Ei kortare utgåve av «The Thrill of It All» vart gjeven ut i USA.

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

På biletet på omslaget finn ein to lettkledde modellar, Constanze Karoli (visstnok syster til Michael Karoli frå Can) og Eveline Grunwald. Bryan Ferry møtte dei i Portugal og overtalte dei til å la seg avbilete for omslaget, samt hjelpe han med teksten til songen «Bitter-Sweet». Dei er tilskriven på omslaget for den tyske omsetjinga dei gjorde.

Omslaget vart rekna som kontroversielt i mange land, som USA, Spania og Nederland, der det vart sensurert før det kom ut. Den amerikanske utgåva som kom ut i 1975 til 1980 hadde derfor eit anna bilete på omslaget. I staden for Karoli og Grunwald føre nokre tre, var det på omslaget bilete av dei same trea, men utan jentene.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Thrill of It All»     6:24
2. «Three and Nine»   Ferry, Andy Mackay 4:04
3. «All I Want Is You»     2:53
4. «Out of the Blue»   Ferry, Phil Manzanera 4:46
5. «If It Takes All Night»     3:12
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Bitter-Sweet»   Ferry, Mackay 4:50
7. «Triptych»     3:09
8. «Casanova»     3:27
9. «A Really Good Time»     3:45
10. «Prairie Rose»   Ferry, Manzanera 5:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate. s. 930. ISBN 1841958603. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Country Life > Review )))». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r17011. Henta 6. april 2011. 
  3. Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705, henta 6. april 2011
  4. Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, henta 6. april 2011.
  5. Scaruffi, Piero. "Roxy Music". pieroscaruffi.com (italiensk). Henta 6. april 2011.
  6. The RS 500 Greatest Albums of All Time : Rolling Stone
  7. Both covers compared

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]