Andy Mackay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andy Mackay
AndyMackay2011.jpg
Mackay med Roxy Music, LG Arena i Birmingham januar 2011
Verkeleg namn Andrew Mackay
Fødd 23. juli 1946
Instrument Saksofon, klaverinstrument, obo, fiolin
Sjanger Glamrock, rock, kunstrock, klassisk musikk, R&B
Aktive år 1971 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent, lærar, forfattar, filmmusikkomponist
Tilknytte artistar Roxy Music
Plateselskap Island
Polydor
Virgin
Reprise
Warners Bros.
EG
ATCO
Nettstad www.vivaroxymusic.com

Andrew «Andy» Mackay (fødd 23. juli 1946) er ein engelsk multi-instrumentalist, mest kjend som eit av dei medlemmane som starta Roxy Music, der han spelte obo og saksofon.

I tillegg har han arbeidd som musikklærar og skrive musikk for fjernsyn. Han har òg arbeidd mykje som studiomusikar med fleire kjende musikarar.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Mackay vart fødd i Lostwithiel i Cornwall i England, og voks opp sentralt i London. Han studerte musikk og engelsk litteratur ved Reading University, der han spelte i eit band kalla The Nova Express, som ein del av ei performance art-gruppe kalla Sunshine i lag med Simon Puxley. Her vart han òg vener med kunststundenten Brian Eno.

Mackay i Messeey Hall, Toronto, 1974

I byrjinga av 1971 vart Mackay medlem av Roxy Music (danna i november 1970) etter å ha svart på ei annonse i Melody Maker. Han førte med seg Eno inn i gruppa.

Mackay spelte obo og saksofon i Roxy Music, og vart mest kjend for hans Chuck Berry-inspirerte duckwalk under saksofonsoloane, mellom anna på «Editions of You». Med hår greidd bakover og oppover frå panna, kinnskjegg og underleg Motown-inspirerte scenekostyme, medverka Mackay til den unike Roxy Music-«looken».[1]

Han var med å skrive fleire av hittane til Roxy Music, som «Love is the Drug» (1975) og «Angel Eyes» (1979), samt «A Song for Europe», «Three and Nine», «Bitter-Sweet», «Sentimental Fool», «While My Heart is Still Beating» og «Tara». Han lærte seg òg å spele fiolin medan han var medlem i Roxy Music.

Han gav ut to instrumentale soloalbum i 1970-åra: In Search Of Eddie Riff (1974), ei utforsking av dei musikalske røtene hans, og Resolving Contradictions (1978), baset på inntrykk frå ei reise til Kina. Han skreiv òg produsete og musikk for fjernsynsseriane Rock Follies og Rock Follies of '77, med tekst av manusforfattar Howard Schuman. Musikken frå begge seriane vart gjevne ut på album, og det første nådde toppen av den britiske albumlista i mars og april 1976. Det andre inneheldt hitsingelen «OK?», som nådde 10. plass i Storbritannia i mai og juni 1977.

Mackay har òg arbeidd med Duran Duran, Mott the Hoople, John Cale, Pavlov's Dog, Johnny Cougar, Mickey Jupp, Yukihiro Takahashi, Paul McCartney, Godley & Creme, Eddie and the Hot Rods, Arcadia og 801. I 1981 kom boka hans Electronic Music: The Instruments, The Music & The Musicians ut på Phaidon.

Etter at Roxy Music vart oppløyst i 1983, slo Mackay seg saman med Roxy-gitarist Phil Manzanera og danna The Explorers, med ein Bryan Ferry-liknande James Wraith på solovokal. Gruppa gav ut eit album i 1985 og tre år seinare kom Manzanera and Mackay. Under dette namnet gav dei ut to album til.

Han har skrive fleire kjenningsmelodiar for britisk fjernsyn og radio, mellom anna for Armchair Thriller og Hazell frå 1970-åra.

Med Ferry, Manzanera og Paul Thompson har han vorte gjenforeint med Roxy Music i 2000-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Rock Follies[endre | endre wikiteksten]

Explorers/Manzanera and Mackay[endre | endre wikiteksten]

Players[endre | endre wikiteksten]

Andy Mackay + The Metaphors[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roxyrama Official Website Andy Mackay Biography

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]