David Coverdale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Coverdale

Coverdale syng med Whitesnake i 2006
Foto: Raúl Ranz
Fødd22. september 1951 (72 år)
FødestadSaltburn-by-the-Sea i Redcar and Cleveland i England
OpphavStorbritannia, USA
Aktiv1965 til i dag
SjangerHardrock, bluesrock, heavy metal
InstrumentVokal, gitar, munnspel, tangentinstrument, perkusjon
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarDeep Purple, Whitesnake, Coverdale and Page
PlateselskapPurple, EMI, United Artists
Verka somMusikar, songar og låtskrivar
Gift medTawny Kitaen
PrisarRock and Roll Hall of Fame

David «Jack» Coverdale (fødd 22. september 1951) er ein engelsk rockevokalist, mest kjend for arbeidet sitt med hardrockbandet Whitesnake som oppnådde stor kommersiell suksess.[1] Tidleg i karrieren sin var han òg nokre år vokalist for Deep Purple, og forlet bandet for å starte ein solokarriere som etter kvart utvikla seg til Whitesnake. Eit samarbeid med Jimmy Page gjorde det òg bra.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var vokalist i Vintage 67, The Government og Fabulosa Brothers samstundes med at han arbeidde i ein klesbutikk som heitte Gentry i Redcar. Som vokalist i The Government hadde han vore oppvarmar for Deep Purple ved eit høve. Då Deep Purple annonserte etter ny vokalist, sende han ein demo og imponerte Deep Purple-medlemmane med den djupe blues-stemma si, og fekk jobben.

Opphavleg var det meininga at han skulle dele vokalist-oppgåva saman med bassist Glenn Hughes, noko dei første albuma hans med Deep Purple, Burn gjev uttrykk for. Men snart vart det klårt at Coverdale var meir enn god nok som vokalist på eigahand. På hans Deep Purple-album nummer to, Stormbringer frå 1975, har han heilt klart full kontroll på det vokale, endå med einskilde innslag frå Hughes.

Deep Purple gav i 1976 ut Come Taste the Band saman med den nye gitaristen i bandet, Tommy Bolin, og etter den påfølgjande katastrofale turneen, valde Coverdale å forlate bandet. Først spelte han inn to soloalbum, Whitesnake i 1976 og Northwinds i 1977, før han i 1978 starta bandet Whitesnake. Det tok ikkje lang tid før bandet var ein suksess i Europa, men det kunne virke som om USA ikkje brydde seg nemneverdig. Whitesnake var i starten eit energisk bluesbasert hardrock-band, og gav ut sju album i løpet av dei første fire åra.

USA byrja å få smaken for Whitesnake først i 1984 med albumet Slide It In, medan det neste albumet, 1987 (utgjeve i 1987), gjorde bandet til superstjerner òg på den andre sida av Atlanterhavet. No var musikkstilen vorte blankpolert og tilpassa det amerikanske marknaden, men den «gamle» fansen i Europa var ikkje så begeistra for dette og kalla musikken for «puddelrock». Den nye fansen elska glam metal-stilen til bandet.

I tida mellom 1991 og 1993 samarbeidde han med Jimmy Page, gitaristen frå Led Zeppelin, og resultatet vart albumet Coverdale/Page. No var Coverdale tilbake til den blues-baserte hardrocken igjen, og denne gongen vart musikken godt motteke i både USA og Europa. Whitesnake vart lagt på is, og dukka ikkje opp att før i 2002 då Coverdale samla saman gamle musikervener og la ut på turné. Etter dette har han sett saman eit nytt Whitesnake, som seinast i 2009 turnerte i Europa.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

1977 White Snake
1978 Northwinds
1990 «The Last Note Of Freedom» – song på filmmusikkalbumet Days of Thunder
1993 Coverdale and Page (med Jimmy Page)
2000 Into the Light

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

1974 Roger GloverThe Butterfly Ball and the Grasshopper's Feast («Behind the Smile»)
1974 Jon LordWindows – 2. sats, Gemini
1976 Eddie HardinWizard's Convention («Money To Burn»)
1978 Barbi BentonAin't That Just The Way (medlåtskrivar på «Up In The Air»)
1989 Steve VaiPassion and Warfare («For the Love of God»)
2000 Bernie MarsdenAnd About Time Too («Who's Fooling Who», live recording from '81, only on reissue of the album)
2003 Tony FranklinWonderland («Sunshine Lady»)
2014 Adrian VandenbergMoonkings («Sailing Ships»)
2014 Bernie MarsdenShine («Trouble»)
2015 Phil Collen's Delta Deep – Delta Deep («Private Number»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. «David Coverdale: Biography». Allmusic Guide review. MSN Music. Arkivert frå originalen 18. august 2010. Henta 28. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]