Do the Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Do the Strand
Singel av Roxy Music
frå albumet For Your Pleasure
B-side «Editions of You»
Utgjeve Juli 1973
Innspelt Februar 1973 i Command Studios i London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 4:04
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Chris Thomas, John Anthony, Roxy Music
Roxy Music-kronologi
«Pyjamarama»
(1973)
Do the Strand «Street Life»
(1973)


«Do the Strand» er den første songen frå det andre albumet til Roxy Music, For Your Pleasure frå 1973. I motsetnad til songane frå debutalbumet, startar denne songen brått utan ein instrumental introduksjon.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen prøver å overtale lyttarane om å gjere «the strand», som truleg er ein slags dans. Teksten er typisk for tidlege Roxy Music-tekstar med intellektuelle referansar, som Sfinksen, Mona Lisa, Lolita og Guernica.

Songen gjev ingen instruksjonar om korleis The Strand bør dansast, og truleg hadde ikkje bandet noko spesifikk dans i tankane.

Singel[endre | endre wikiteksten]

«Do the Strand» vart gjeven ut som singel i 1973 i somme land (ikkje Storbritannia). Han kom ut som singel i Storbritannia i 1978 for å marknadsføre Greatest Hits-albumet deira, men nådde då ikkje lista. Trass i dette er songen ein av dei mest populære hos Roxy Music-tilhengjarane, særleg på konsertane.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det tyske synthpopbandet Alphaville gjorde ein versjon av «Do the Strand» på albumet CrazyShow i 2003.

Det amerikanske popbandet Scissor Sisters gjorde ein versjon av «Do the Strand» for War Child-albumet War Child Presents Heroes i 2009.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]