Jealous Guy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jealous Guy
Singel av John Lennon
frå albumet Imagine
Utgjeve 18 November 1985 (UK)
Innspelt Mai og juni 1971
Sjanger Poprock
Lengd 4:14
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) John Lennon
Produsent John Lennon,
Yoko Ono,
Phil Spector

«Jealous Guy» er ein song skriven og framført av John Lennon og først gjeven ut på albumet hans Imagine i 1971. Det er ein av dei mest spelte Lennon-songane, og det finst kring 100 coverversjonar av han, mest kjend av Roxy Music som nådde førsteplassen i mange land, tre månader etter Lennon døydde i 1980.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til songen kom i India, etter at The Beatles besøkte Maharishi Mahesh Yogi. Dette inspirerte både Paul McCartney og John Lennon til å skrive songar om same tema. McCartney-songen «Mother Nature's Son» vart valt ut for The Beatles (The White Album), medan Lennon-songen «Child of Nature» ikkje kom med. Begge vart derimot spelt inn som demoar heime hos George Harrison i mai 1968. Demoen med Lennom er med dobbelspora vokal og akustisk gitar. Etter dette spelte Lennon songen gjennom Get Back-innspelingane.[1] Til slutt vart teksten fjerna og erstatta av den meir kjende teksten for «Jealous Guy».

Tre innspelingar av «Child of Nature» er kjende i dag. Den første er ein demo av songen heime hos George Harrison frå mai 1968. Den andre er med Harrison på korvokal, innspelt i Twickenham Film Studios den 2. januar 1969. Ei tredje innspeling vart gjort i Apple Studios den 24. januar. Ein del av refrenget frå den andre innspeligna finst på Fly on the Wall-disken på Let It Be... Naked.[1]

Bassgitaren på songen er spelt av Klaus Voormann, ein ven av The Beatles frå tida deira i Hamburg, og kjæraste med Astrid Kirchherr før ho vart kjæraste med Stuart Sutcliffe.

Utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

«Jealous Guy» vart gjeven ut på albumet Imagine i 1971. Songen vart ikkje gjeven ut på singel medan Lennon levde.

Nesten fem år etter Lennon døydde, og fire og eit halv år etter Roxy Music hadde teke songen til førsteplassen i Storbritannia i 1981, vart Lennon-utgåva av songen gjeven ut på singel av Parlophone i november 1985. Denne singelen nådde 65. plass på den britiske lista.[2]

I USA nådde singelen 80. plass i november 1988 i samband med filmen Imagine: John Lennon.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Albumversjonen frå Imagine vart spelt inn med [4]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo for songen i1971. Han synte hovudsakleg John og Yoko som reiser i ein likbil frå Tittenhurst Park til ein innsjø i nærleiken, filma frå eit helikopter.

Roxy Music-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Jealous Guy
Singel av Roxy Music
B-side «To Turn you on»
Utgjeve Februar 1981 (UK)
Sjanger Pop/rock
Lengd 6:10
Selskap Polydor/E.G.
Låtskrivar(ar) John Lennon
Produsent Bryan Ferry og Rhett Davies
Roxy Music-kronologi
«In the Midnight Hour»
(1980)
Jealous Guy «More Than This»
(1982)


Etter at Lennon døydde i 1980 spelte Roxy Music inn denne songen medan dei var på turne i Tyskland. Songen vart spelt inn og gjeven ut i mars 1981. Dette gav dei noko kritikk, sidan det vart indikert at dei utnytta dødsfallet til Lennon. Singelen vart gjeven ut på Polydor med «To Turn you on» som B-side. Songen vart den einaste førsteplassen til Roxy Music i Storbritannia og låg på toppen av lista i to veker i mars 1981. [5] I Noreg nådde songen sjetteplass. B-sida kom seinare ut på albumet «Avalon», men i ei noko anna utgåve. [6] «Jealous Guy» finst òg på samleplata Bryan Ferry & Roxy Music: The Platinum Collection.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Jealous Guy» er òg spelt inn av mange andre artistar, som Aslan, Belinda Carlisle, Ben Allison, The Black Crowes, Casey James, Collective Soul, Curtis Stigers, Deftones, Donny Hathaway, Elliott Smith, Enuff Z'Nuff, The Faces, Frankie Miller, Gavin DeGraw, Jeff Tweedy, Kevin Hewick, Liz Gillies, Lou Reed, Luna, Mason Betha, Peter Criss, The Shadows, Youssou N'Dour og Jimmy Scott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]