Avalon av Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avalon
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve 28. mai 1982
Innspelt 1981–1982
Studio Compass Point Studios i Nassau; The Power Station i Manhattan i New York
Sjanger
Lengd 37:31
Selskap E.G. Records/Polydor
Produsent Rhett Davies and Roxy Music
Roxy Music-kronologi
Flesh and Blood
(1980)
Avalon The High Road
(1983)


Singlar frå Avalon
  1. «More Than This»
    Utgjeve: April 1982
  2. «Avalon»
    Utgjeve: Juni 1982
  3. «Take a Chance with Me»
    Utgjeve: September 1982

Avalon er det åttande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music. Det kom ut i mai 1982 og vart spelt inn i 1981-82 i Compass Point Studios i Nassau i Bahamas. Albumet vert generelt rekna som høgdepunktet i den glattare, meir vaksne stilen frå den siste perioden til bandet. Det vart ein stor kommersiell suksess og nådde toppen av den britiske albumlista (tre veker) og låg på albumlista i over eitt år. I Noreg låg albumet heile 12 veker på førsteplassen. Sjølv om det berre nådde 53. plass på den amerikanske albumlista, er albumet det einaste albumet deira som har selt til platinaplate i USA.

Den første singelen «More Than This» kom ut før albumet og nådde sjetteplassen i Storbritannia og Australia, og ein andreplass i Noreg. Tittelsporet vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og denne nådde Topp 20 i Storbritannia. Ein tredje song, «Take a Chance With Me» med ein nymiksa versjon av albumsongen «The Main Thing» som B-side, nådde 26. plass i Storbritannia og vart den siste hitsingelen til bandet i heimlandet. I USA klarte «More Than This» (nr. 103) og «Take a Chance With Me» (nr. 104) så vidt å misse topp 100 på singellista.

Bakgrunn og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Bryan Ferry byrja å arbeide på songane for Avalon medan han budde i Crumlin Lodge på vestkysten av Irland. Ferry var der med kjærasten sin Lucy Helmore, som vart kona hans i 1983. På plateomslaget kan ein sjå den same innsjøen som ein kan sjå frå hytta dei budde i.[2] Phil Manzanera har sagt om albumet: «For Avalon er 90 % av det skriven i studio. Albumet var eit produkt av at me fullstendig endra arbeidsmetodane våre. For å vere ærleg, for dei siste tre albuma var det mykje dop tilgjengeleg, som var bra og dårleg. Det skapte mykje paranoia og mykje fjerne ting.»[3] Bryan Ferry sa «Eg har ofte tenkt at eg skulle lage eit album der songane er bundne saman i same stil som West Side Story, men det verka alltid så strevsamt å arbeide på den måten. Så i staden for hadde eg desse ti dikta, eller novellene, som som med litt meir arbeid kunne gjerast om til ein roman. Avalon er ein del av soga om Kong Arthur og er ein særs romantisk sak, då Kong Arthur døyr og dronninga frakta han over til Avalon, som er ei slags forheksa øy. Det er den ultimate romantinske fantasistaden.»[4]

Phil Manzanera har sagt om tittelsporet, «Avalon», «Då me spelte inn det tredje eller fjerde albumet i London, arbeidde me ofte i same studioet som Bob Marley, som var i etasjen under og laga alle desse kjende albuma. Det måtte berre smitte over ein stad.»[5] Rhett Davies fortalte soga om korleis songen vart til: «Med songen 'Avalon' måtte me spele inn heile songen på nytt mot slutten av albumet. Me heldt faktisk på å mikse albumet, og versjonen av songen som me hadde laga fungerte rett og slett ikkje. Så medan me miksa, spelte me inn heile songen med ein heilt annan groove. Me var ferdig den siste helga me miksa. Me la til noko perkusjon og så nokre trommer, og så på sundag, då det var roleg i studioet, brukte dei å la lokale band komme inn og spele inn demoar. Bryan og eg drog ut for ein kaffi, og me høyrde ei jente syngje i studioet ved sidan av. Det var eit band frå Haiti som hadde kome inn for å spele inn nokre demoar, og Bryan og eg såg på kvarandre og sa 'For ei fantastisk røyst!' Det viste seg å vere Yanick Étienne, som song alle dei høge tonane på 'Avalon'. Ho kunne ikkje eit ord engelsk. Kjærasten hennar, som var bandmanager, kom inn og omsette. Og så miksa me songen dagen etter.»[6]

I 2003 gav Virgin ut Avalon på Hybrid Super Audio CD med ny 5.1-kanals kringlyd produsert av Rhett Davies og Bob Clearmountain.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget til albumet vart designa av Peter Saville.[7] Sjølv om det ikkje var like opplagt som på tidlegare album, fortsette Avalon tradisjonen med å ha kvinner på framsida av Roxy Music-album. Kvinna var kjærasten (og kort tid etter kona) til Ferry, Lucy Helmore, med ein mellomalderhjelm og ein falk på handa. Meininga var å sende tankane til den siste reisa til Kong Arthur til Avalon.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]
Pitchfork8.0/10[10]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[13]
Smash Hits8/10[14]
Spin Alternative Record Guide9/10[15]
Uncut4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[16]
The Village VoiceA−[17]

I 1982 vart Avalon stemd fram til det 11. beste albumet det året av ei rekkje kritikarar. Lista vart trykt i The Village Voice.[18] I 1989 vart albumet rangert på 31. plassen av Rolling Stone på lista dei over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 1993 inkluderte Entertainment Weekly plata på 25. plassen på lista deira over dei 100 beste elsk-eller-hat-CD-ane.[19] I 2000 vart albumet stemt fram til 187. plassen i boka til Colin Larkin kalla All Time Top 1000 Albums.[20] I 2003 vart albumet rangert på 307. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det var den høgaste av fire Roxy Music-album på lista (etter Siren på 371. plassen, Country Life på 387. plassen og For Your Pleasure på 394. plassen). Avalon og Country Life var ikkje med på den reviderte lista frå 2012, men Avalon vart henta inn att på ein 336. plass på den oppdaterte lista frå 2020. I 2012 førte Slant Magazine albumet på 45. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1980-åra.[21]

Albumet har som regel alltid fått god kritikk. I ei melding for Rolling Stone skreiv Kurt Loder: «Avalon tar lang tid før det slår inn, men når det endeleg skjer, så er det eit bra album. Bryan Ferry opptrer som ein merkverdig uttrykksfull klaverspelar og songar som med sine kjende manerar har underordna seg i ein rik, velvillig sjølvsikkerheit. Og Andy Mackay skin i ei rekkje roller (obo-meditasjon hans på på Ferry sin 'Tara' er særskild deilig). Ti år etter debuten har Roxy Music mjukna opp: sporadiske sterke pianoakkorder i 'While My Heart Is Still Beating', som minnar om den mektige stemninga i 'A Song for Europe', men lyden er mjukare, meir draumeaktig og mindre bestemt dramatisk no. Låtskrivinga til Ferry har derimot sjeldan verka sterkare.»[12]

Mark Coleman i The New Rolling Stone Album Guide gav plata 4,5 av 5 stjerner og skreiv «denne stramme, vakre songsamlinga representerer eit modent høgdepunkt. Den kontrollerte, kaotiske og intense kvaliteten i dei tidlege albuma er heilt borte, og Manzanera og Mackay gjev berre skjelettgitar og saksofonlinjer. Ferry fyller ut detaljane, skaper lagdelte synthlandskap rundt sine tragiske scenariar og melodiske drøvtyggingar. Den gjennomgripande innverkanden til Avalon på den britiske popscenen på 80-talet kan ikkje overvurderast. Statusen til Roxy Music blir ytterlegare forsterka av at dei ikkje gav ut eit nyare comeback-album. Så langt, i alle fall.»[22] Spin Alternative Record Guide gav Avalon ni av ti: «Avalon er eit av tidenes beste kline-inferno, ein synthbasert versjon av Al Green-plata Call Me, Van Morrison sitt Moondance og João Gilberto sitt Amoroso[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«More Than This» 4:30
2.«The Space Between» 4:30
3.«Avalon» 4:16
4.«India» (instrumental) 1:44
5.«While My Heart Is Still Beating»
3:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Main Thing» 3:54
2.«Take a Chance with Me»4:42
3.«To Turn You On» 4:16
4.«True to Life» 4:25
5.«Tara» (instrumental)
  • Ferry
  • Mackay
1:43
Total lengd:37:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music

Andre medverkande

Produksjon

  • Rhett Davies – plateprodusent
  • Roxy Music – produsent
  • Peter Revill – assisterande produsent
  • Ian Little – assisterande produsent
  • Benjamin Arbiter – assisterande produsent
  • Barry Bongiovi – assisterande produsent
  • Colin Good – assisterande produsent
  • Bob Clearmountain – lydteknikar; miksing
  • Michael Boddy – arkivering

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «More Than This» / «India» (mars 1982) (nr. 6 UK, nr. 6 AUS, nr. 2 NOR, nr. 6 SWI, nr. 8 FRA, nr. 17 SWE, nr. 24 GER, nr. 24 NED, nr. 32 ITA)
  • «Avalon» / «Always Unknowing» (juni 1982) (nr. 13 UK, nr. 22 AUS)
  • «Take a Chance With Me» / «The Main Thing (Remix)» (eptember 1982) (nr. 26 UK)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[23] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[24] 5
Kanadiske album (RPM)[25] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[26] 1
Den franske albumlista (SNEP)[27] 4
Tyske album (Offizielle Top 100)[28] 4
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[29] 1
Norske album (VG-lista)[30] 1
Svenske album (Sverigetopplistan)[31] 1
Britiske album (OCC)[32] 1
US Billboard 200[33] 53

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[34] 5
Kanadiske album (RPM)[35] 4
Nederlandske album (Album Top 100)[36] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[37] 23
New Zealand Albums (RMNZ)[38] 4
UK Albums (OCC)[39] 9

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[40] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[41] Gull 379,600[42]
Tyskland (BVMI)[43] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[44] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[45] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[46] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[47] Platina 300 000^
USA (RIAA)[48] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «10 Essential Sophisti-pop albums». treblezine.com. 24. april 2014. 
  2. Rigby, Jonathan. Roxy Music: Both Ends Burning. 2005 p. 243, Reynolds & Hearn Ltd, ISBN 978-1903111802
  3. «Rob Chapman, author, journalist and musician, Roxy Music: They Came From Planet Bacofoil». Rob-chapman.com. Henta 22. juli 2021. 
  4. Clark, Rick (6. januar 2004). «Roxy Music's »Avalon"». Mixonline.com. Henta 22. juli 2021. 
  5. «Roxy Music, 'Avalon'». Rolling Stone. Henta 18. juli 2021. 
  6. «Recording & Remiksing Roxy Music's Avalon». Henta 18. juli 2021. 
  7. «Peter Saville - Sleeve Design 1978-1982». Henta 22. juli 2021. 
  8. Erlewine, Stephen Thomas. «Avalon – Roxy Music». AllMusic. Henta 18. juli 2021. 
  9. «Roxy Music: Avalon». Mojo (118): 123. September 2003. 
  10. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: The Complete Studio Records 1972–1982». Pitchfork. Henta 10. august 2013. 
  11. «Roxy Music: Avalon». Q (159): 158. December 1999. 
  12. 12,0 12,1 Loder, Kurt (10. juni 1982). «Avalon». Rolling Stone. Henta 18. juli 2021. 
  13. Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  14. Birch, Ian (27. mai 1982). «Roxy Music: Avalon». Smash Hits 4 (11): 19. 
  15. 15,0 15,1 Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «Roxy Music». Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 337. ISBN 0-679-75574-8. 
  16. «Roxy Music – Avalon». Uncut (76): 126. September 2003. Henta 22. juli 2021. 
  17. Christgau, Robert (29. mars 1983). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 6. april 2016. 
  18. «The 1982 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 22. februar 1983. Henta 18. juli 2021. 
  19. «100 Greatest CDs – A Love-It-Or-Loathe-It Guide to the Essential Disc Library». Entertainment Weekly's EW.com. Henta 18. juli 2021. 
  20. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. ISBN 0-7535-0493-6. 
  21. Staff (17. juli 2021). «The 100 Best Albums of the 1980s». Slant Magazine. Henta 18. juli 2021. 
  22. DeCurtis, Anthony (Ed.). «Roxy Music». The New Rolling Stone Album Guide. 1992. p. 607
  23. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  24. "Roxy Music - Avalon" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  25. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 22. juli 2021. 
  26. "Roxy Music – Avalon". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  27. «Le Détail des Albums de chaque Artiste». Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 30. januar 2016. 
  28. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – Avalon" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  29. "Roxy Music – Avalon". Charts.org.nz. Hung Medien.
  30. "Roxy Music – Avalon". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  31. "Roxy Music – Avalon". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  32. "Roxy Music | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  33. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media.
  34. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – 1982». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 22. juli 2021. 
  35. «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Henta 22. juli 2021. 
  36. «Jaaroverzichten – Album 1982». dutchcharts.nl. Henta 22. juli 2021. 
  37. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 22. juli 2021. 
  38. «The Official New Zealand Music Charts: End of Year Charts – 1982». Henta 22. juli 2021. 
  39. Rees; Lazell; Jones (1983). «The Top 100 UK Albums». pp. 82–83.
  40. «Canadian album salstrofé – Roxy Music – Avalon». Music Canada. 
  41. «French album salstrofé – Roxy Music – Avalon» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  42. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 31. august 2011. 
  43. «Gold-/Platin-Datenbank (Roxy Music; 'Avalon')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  44. «Dutch album salstrofé – Roxy Music – Avalon» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  45. «New Zealand album salstrofé – Roxy Music – Avalon». Recording Industry Association of New Zealand. 
  46. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. 2005. ISBN 8480486392. 
  47. «British album salstrofé – Roxy Music – Avalon». British Phonographic Industry.  Enter Avalon in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  48. «American album salstrofé – Roxy Music – Avalon». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH