Albumet Yellow Submarine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Yellow Submarine
Filmmusikkalbum av The Beatles og George Martin
Utgjeve 13. januar 1969
Innspelt 26. mai 1966 – 11. februar 1968 (The Beatles)
22–23. oktober 1968 (George Martin) i EMI og De Lane Lea studio i London
Sjanger
Lengd 40:12
Selskap Apple
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
The Beatles
(1968)
Yellow Submarine Abbey Road
(1969)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The A.V. Club C–[2]
Consequence of Sound C+[3]
Encyclopedia of Popular Music 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Music Story 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[5]
Pitchfork Media 6.2/10[6]
Record Mirror 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]

Yellow Submarine er eit filmmusikkalbum av The Beatles med musikk frå filmen med same namn.

I motsetnad til korleis filmen vart teke imot, vert Yellow Submarine vanlegvis rekna som det svakaste albumet til The Beatles, sidan det berre inneheld seks songar av bandet. Ho var ei av få Beatles-plater som ikkje nådde toppen av albumlista i verken Storbritannia eller USA. Den høgaste plasseringa i USA var andreplass. Albumet nådde derimot førsteplassen på VG-lista i Noreg. The Beatles sjølv rekna det ikkje som eit studioalbum, sidan dei fire songane som ikkje var gjeve ut før dette albumet, vart spelte inn til forskjellige tider i 1967 og 1968.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Only a Northern Song» vart spelt inn under innspelinga av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, men kom ikkje med her. Det meste av songen vart spelt inn i februar 1967. «It's All Too Much» vart spelt inn like før Sgt. Pepper kmo ut, men vart korta ned (frå åtte minuttar) for Yellow Submarine. «Hey Bulldog», spelt inn i februar 1968, og «All Together Now», spelt inn i mai 1967, var heile tida meint for filmen.

«Baby You’re a Rich Man» vart òg opphavleg tenkt som ein del av musikken i filmen, men vart i staden gjeve ut som B-sida til «All You Need is Love» og ikkje med på Yellow Submarine-albumet.[9]

To songar på albumet hadde vore gjeve ut før. «Yellow Submarine» hadde alt vore på Revolver i august 1966 og på same tid ein hitsingel då. «All You Need Is Love» hadde vore ein hit i 1967, samt vore gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour seinare på året. Songen er i ekte stereo på dette albumet. Songen hadde tidlegare vore gjeve ut i mono eller i omkanaliserte stereoutgåver på Magical Mystery Tour.

Den andre sida inneheld musikkstykke (spelt inn spesifikt for albumet) av George Martin nytta i filmen.

Etter at blanda mottaking då albumet kom ut, tenkte The Beatles på å gje ut Yellow Submarine som ein EP med fem spor, utan filmmusikken til Martin, men med «Across the Universe» som bonusspor. Dette skjedde derimot aldri.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon–McCartney, utanom «Only a Northern Song» og «It's All Too Much», av George Harrison

Side ein: Songar frå filmen
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Yellow Submarine»   Starr 2:39
2. «Only a Northern Song»   Harrison 3:24
3. «All Together Now»   McCartney, med Lennon 2:11
4. «Hey Bulldog»   Lennon 3:11
5. «It's All Too Much»   Harrison 6:25
6. «All You Need Is Love»   Lennon[11] 3:51

Alle songar er skrivne av George Martin, utanom «Yellow Submarine in Pepperland» av Lennon–McCartney, arr. Martin. 

Side to: Åtfølgjande orkestermusikk
# Tittel Lengd
1. «Pepperland»   2:21
2. «Sea of Time»   3:00
3. «Sea of Holes»   2:17
4. «Sea of Monsters»   3:37
5. «March of the Meanies»   2:22
6. «Pepperland Laid Waste»   2:17
7. «Yellow Submarine in Pepperland»   2:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beatles (side ein)

  • John Lennon – solo- og korvokal, rytme- og sologitar, piano, klapping
  • Paul McCartney – solo- og korvokal, bass og akustisk gitar, kontrabass, trompet, klapping, perkusjon
  • George Harrison – solo- og korvokal, sologitar og akustisk gitar, Hammondorgel, perkusjon og klapping, fiolin
  • Ringo Starr – trommer, perkusjon og klapping, korvokal, solovokal (på spor 1)
  • George Martin – piano på «All You Need is Love», orkesterarrangement

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[12] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[13] Gull 100 000^
USA (RIAA)[14] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal sidan 1994.[15]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[16] 4
Kanadiske RPM Top LPs[17] 1
VG-lista[18] 1
UK Albums Chart[19] 3
US Billboard Top LPs[20] 2
Vesttyske Musikmarkt LP Hit-Parade[21] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Albumet Yellow SubmarineAllmusic
  2. Klosterman, Chuck (8. september 2009), Chuck Klosterman Repeats The Beatles, Chicago: The A.V. Club, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 26. mai 2013, https://www.webcitation.org/6GuiHAk0V?url=http://www.avclub.com/articles/chuck-klosterman-repeats-the-beatles,32560/, henta 26. mai 2013 
  3. Young, Alex (25. september 2009). «Album Review: The Beatles – Yellow Submarine [Remastered»]. Consequence of Sound. http://consequenceofsound.net/2009/09/album-review-the-beatles-yellow-submarine-remastered/. Henta 16. mars 2018. 
  4. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 1. Muze. s. 489. ISBN 0-19-531373-9. 
  5. «The Beatles > Discographie de The Beatles (in French)». Music Story. Arkivert frå originalen den 19. juni 2013. https://web.archive.org/web/20130619191846/http://www.music-story.com/the-beatles. Henta 16. mars 2018. 
  6. «Yellow Submarine». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/13429-yellow-submarine/. Henta 16. mars 2018. 
  7. Uncredited writer (18. januar 1969). «The Beatles: Yellow Submarine (Apple Records, Stereo PCS7O70)». Record Mirror.  Finst på Rock's Backpages (krev medlemskap).
  8. «The Beatles: Album Guide». rollingtone.com. Arkivert frå originalen den 20. september 2011. https://web.archive.org/web/20110920032458/http://www.rollingstone.com/music/artists/the-beatles/albumguide. Henta 16. mars 2018. 
  9. Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.
  10. Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7.
  11. Dowlding, W.J. (1989). Beatlesongs. New York: Simon & Schuster. p. 186. ISBN 0-671-68229-6
  12. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Yellow Submarine». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Yellow+Submarine%22%20%22The+Beatles%22. Henta 17. mars 2018. 
  13. «British album salstrofé – The Beatles – Yellow Submarine». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 17. mars 2018.  Enter Yellow Submarine in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «American album salstrofé – Beatles, The – Yellow Submarine». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Yellow+Submarine%22. Henta 17. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  15. Beatles albums finally go platinum, BBC News, 2. september 2013, http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-23927271, henta 17. mars 2018 
  16. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  17. «Top 50 Albums». RPM 11 (13). 17. mars 1969. Henta 17. mars 2018. 
  18. «VG-lista – The Beatles». VG-lista. http://lista.vg.no/artist/the-beatles/728. Henta 17. mars 2018. 
  19. «The Beatles – Full official Chart History». Official Charts. http://www.officialcharts.com/artist/10363/beatles/. Henta 17. mars 2018. 
  20. «The Beatles – Chart history». Billboard. http://www.billboard.com/artist/383540/beatles/chart. Henta 17. mars 2018. 
  21. «Charts-Surfer: Liedsuche» (på tysk). charts-surfer.de. http://www.charts-surfer.de/musiksuche.php. Henta 17. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]