Baby You’re a Rich Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baby, You're a Rich Man
Singel av The Beatles
A-side «All You Need Is Love»
Utgjeve 7. juli 1967
Innspelt 11. mai 1967
Olympic Sound Studios, London
Sjanger Psykedelisk pop,[1] psykedelisk rock[2]
Lengd 3:03
Selskap Parlophone, Capitol
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane»
(1967)
Baby, You're a Rich Man «Hello, Goodbye»
(1967)


«Baby, You’re a Rich Man» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles den 11. mai 1967 ved Olympic Sound Studios med hjelp frå lydteknikar Keith Grant. Dette var den første songen bandet spelte inn og miksa utan å nytte Abbey Road Studios.[3]

Songen starta som to forskjellige, uferdige songar. Versa er frå ein song kalla «One of the Beautiful People» av John Lennon, medan refrenget var Paul McCartney sin uferdige «Baby, you’re a rich man …». Dette vart gjort på liknande måte med songen «A Day in the Life».[4] Melodien i versa vart nytta i songen «Put a Little Love in Your Heart» av Jackie DeShannon.

Songen vart spelt inn under innspelinga av EPen Magical Mystery Tour, men vart først ikkje gjeve ut på denne doble EP-en. I USA vart Magical Mystery Tour gjeve ut som ein full LP med songar som tidlegare berre hadde vore på singel. Seinare vart denne LP-utgåva rekna som den offisielle utgåva, som mellom anna CD-utgåva er basert på.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn[5] og Ian MacDonald:[6]

The Beatles

Andre musikarar

Brian Jones (frå The Rolling Stones) vert stundom feilaktig rekna som personen som spelar Clavioline. Mick Jagger var til stades under innspelinga, og namnet hans står på boksen som inneheld lydbandet av opptaket, noko som kan tyde på at han kanskje song korvokal.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Borack 2007, s. 3.
  2. DeRogatis 2003, s. 48.
  3. 3,0 3,1 Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions, s. 111
  4. 4,0 4,1 Barry Miles, Many Years From Now, s. 370-371
  5. Lewisohn 2005, s. 111.
  6. MacDonald 2005, s. 257.
  7. Guesdon & Margotin 2013, s. 416.
  • Borack, John M. (2007). Shake Some Action: The Ultimate Power Pop Guide. Fort Collins, CO: Not Lame Recordings. ISBN 0-9797714-0-4. 
  • Guesdon, Jean-Michel; Margotin, Philippe (2013). All the Songs: The Story Behind Every Beatles Release. New York, NY: Black Dog & Leventhal. ISBN 978-1-57912-952-1. 
  • Lewisohn, Mark (2005) [1988]. The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road Years 1962–1970. London: Bounty Books. ISBN 978-0-7537-2545-0. 
  • MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (2nd rev. edn). Chicago, IL: Chicago Review Press. ISBN 978-1-55652-733-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]