Albumet Help!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Help!
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 6. august 1965
Innspelt 15. februar – 17. juni 1965[1]
Studio EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 34:20
Selskap Parlophone
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
Beatles for Sale
(1964)
Help! Rubber Soul
(1965)
Singlar frå Help!
  1. «Ticket to Ride»
    Utgjeve: 9. april 1965
  2. «Help!»
    Utgjeve: 23. juli 1965
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
The A.V. Club A[5]
Chicago Sun-Times 4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Consequence of Sound B[7]
The Daily Telegraph 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Encyclopedia of Popular Music 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
MusicHound 3.5/5[10]
Paste 100/100[11]
Pitchfork 9.2/10[12]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[13]

Help! er det femte albumet av The Beatles og filmmusikken til filmen med same namn. Det vart produsert av George Martin for EMI sitt Parlophone Records og den originale britiske utgjevinga av albumet inneheld sju songar som var med i filmen og sju songar som ikkje var det, mellom anna ein av dei mest innspelte songane gjennom tidene, balladen «Yesterday» av Paul McCartney.

Albumet inneheld to songar som vart store hittar i mange land, «Ticket to Ride» og tittelsporet. Songar som Lennon sin «You've Got to Hide Your Love Away» indikerte påverknad av Bob Dylan og folkemusikk. I seinare år fortalte Lennon at tittelsporet var eit rop om hjelp sidan presset den store populariteten gav og hans eige ulukkelege humør (som han seinare kalla sin «feite Elvis-periode»). Han fortalte samstundes at han angra på at han gjorde songen om frå ein neddempa song ala Roy Orbison sin «Only the Lonely» til ein rask song på grunn av kommersielt press.

McCartney medverka med «Yesterday», «Another Girl», «The Night Before», og «I’ve Just Seen a Face». McCartney viste kor mangesidig han var då Beatles i løpet av ein innspelingsdag, den 14. juni 1965, spelte inn songane hans «I’m Down», «I’ve Just Seen a Face» og «Yesterday»

George Harrison medverka med «I Need You» og «You Like Me Too Much». Dette var dei første Harrison-songane på eit Beatles-album sidan «Don’t Bother Me» frå With The Beatles i 1963.

I 2012 vart albumet plassert på 331. plass på musikkmagsinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

På plateomslaget ser ein gruppa med armane som stavar eit ord med flaggsignal. Eigentleg skulle dei stave HELP, men dette såg visstnok ikkje så bra ut, så dei valde i staden å improvisere. Derfor stavar dei eigentleg NUVJ.[15]

Albumet gjekk til topps i mange land, mellom anna Storbritannia, USA og Australia.

Albumet vart gjeve ut på CD i 1987.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Help!»   2:18
2. «The Night Be fore»   2:33
3. «You've Got to Hide Your Love Away»   2:08
4. «I Need You» (Harrison) 2:28
5. «Another Girl»   2:05
6. «You’re Going to Lose That Girl»   3:10
7. «Ticket to Ride»   3:10
Side to
# Tittel Lengd
8. «Act Naturally» (Johnny Russel, Voni Morrison) 2:29
9. «It’s Only Love»   1:54
10. «You Like Me Too Much» (Harrison) 2:35
11. «Tell Me What You See»   2:36
12. «I’ve Just Seen a Face»   2:36
13. «Yesterday»   2:03
14. «Dizzy Miss Lizzy» (Larry Williams) 2:53

Den amerikanske utgåva av albumet inneheld songar frå filmen, samt eit par orkesterstykke komponert av Ken Thorne og framført av George Martin Orchestra. Av desse stykka finn ein det første musikkstykket med indisk sitar på eit popalbum.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn[16][17] og Alan W. Pollack.[18]

The Beatles

  • John Lennon – solo- harmoni- og korvokal; rytme- og akustisk gitar; elektrisk piano; tamburin på «Tell Me What You See»
  • Paul McCartney – solo- harmoni- og korvokal; bass, akustisk og sologitar; piano, elektrisk piano
  • George Harrison – solo- harmoni- og korvokal; akustisk gitar, solo- og rytmegitar; solovokal på «I Need You» og «You Like Me Too Much»; guiro på «Tell Me What You See»
  • Ringo Starr – trommer og ymse perkusjon; claves på «Tell Me What You See»; solovokal på «Act Naturally»

Andre musikarar

  • George Martin – produsent, piano på «You Like Me Too Much»
  • John Scott – tenor- og altfløyter på «You've Got to Hide Your Love Away»
  • Strykekvartetten på «Yesterday» arrangert av Martin i lag med McCartney

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Australia (Kent Music Report)[19] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[20] 1
Britiske album (OCC)[21] 1
US Billboard 200[22] 1
Liste (1987) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 62
UK Albums Chart[24] 61
Liste (2009) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[25] 62
Belgiske album (Ultratop Flandern)[26] 48
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[27] 62
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 64
Finske album (Suomen virallinen lista)[28] 26
Italienske album (FIMI)[29] 50
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[30] 35
Portugisiske album (AFP)[31] 18
Spanske album (PROMUSICAE)[32] 53
Svenske album (Sverigetopplistan)[33] 30
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[34] 53
UK Albums Chart[24] 29

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

I USA selde albumet 1 314 457 eksemplar innan 31. desember 1965 og nesten 1,6 millionar innan slutten av 60-åra.[35]

Originalutgåva
Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[36] Gull 35 000^
Storbritannia (BPI)[37] Platina 300 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[38]

Nordamerikansk utgåve
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[39] 2× Platina 200 000^
USA (RIAA)[40] 3× Platina 3 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Help! beatlesbible.com Retrieved 22. januar 2015.
  2. Unterberger, Richie (2002). Turn! Turn! Turn!: The '60s Folk-Rock Revolution. San Francisco: Backbeat Books. s. 272. ISBN 0-87930-703-X. 
  3. Spignesi, Stephen J.; Lewis, Michael (2004). Here, There, and Everywhere: The 100 Best Beatles Songs. New York: Black Dog. ISBN 978-1-57912-369-7. ...after the unabashed more-or-less traditional pop rock of A Hard Day's Night and Help!... 
  4. AllMusic review
  5. Klosterman, Chuck (8. september 2009), «Chuck Klosterman Repeats The Beatles», The A.V. Club (Chicago), Arkivert frå den opphavlege versjonen den 26. mai 2013, https://www.webcitation.org/6GuiHAk0V?url=http://www.avclub.com/articles/chuck-klosterman-repeats-the-beatles,32560/, henta 11. mars 2018 
  6. McLeese, Don (30. april 1987), «CDs `Help!' restore Beatles' intent», Chicago Sun-Times, https://www.highbeam.com/doc/1P2-3823417.html, henta 11. mars 2018 
  7. Young, Alex (18. september 2009). «The Beatles – Help! (Remastered)». Consequence of Sound. http://consequenceofsound.net/2009/09/album-review-the-beatles-help-remastered/. Henta 11. mars 2018. 
  8. McCormick, Neil (7. september 2009), «The Beatles – Revolver, review», The Daily Telegraph (London), http://www.telegraph.co.uk/culture/music/the-beatles/6150301/The-Beatles-Revolver-review.html, henta 11. mars 2018 
  9. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 1. Muze. s. 489. ISBN 0-19-531373-9. 
  10. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 88. ISBN 1-57859-061-2. 
  11. Kemp, Mark (8. september 2009). «The Beatles: The Long and Winding Repertoire». Paste. https://www.pastemagazine.com/articles/2009/09/the-beatles-the-long-and-winding-repertoire.html. Henta 11. mars 2018. 
  12. «Pitchfork review». Pitchfork. 8. september 2009. http://pitchfork.com/reviews/albums/13428-help/. Henta 11. mars 2018. 
  13. Brackett & Hoard 2004, s. 51.
  14. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 10. oktober.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  15. Freeman, Robert The Beatles: A Private View, Barnes & Noble, NY, s. 62 ISBN 1-59226-176-0
  16. Lewisohn 1988.
  17. Lewisohn 1996.
  18. Pollack 2009.
  19. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  20. "Offiziellecharts.de – The Beatles – Help!" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018.
  21. "The Beatles | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. mars 2018.
  22. "The Beatles Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
  23. 23,0 23,1 "The Beatles – Beatles for Sale". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  24. 24,0 24,1 «Help (1987 Version)« > »Chart Facts». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/search/albums/help%20(1987%20version)/. Henta 28. juni 2017. 
  25. "The Beatles - Beatles for Sale" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  26. "The Beatles – Beatles for Sale" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  27. "The Beatles – Beatles for Sale" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  28. "The Beatles: Beatles for Sale" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 11. mars 2018.
  29. "The Beatles – Beatles for Sale". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  30. "The Beatles – Beatles for Sale". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  31. "The Beatles – Beatles for Sale". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  32. "The Beatles – Beatles for Sale". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  33. "The Beatles – Beatles for Sale". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  34. "The Beatles – Beatles for Sale". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  35. «How Many Records did the Beatles actually sell?». Deconstructing Pop Culture by David Kronemyer. 29. april 2009. http://deconstructingpopculture.com/2009/04/how-many-records-did-the-beatles-actually-sell. Henta 11. mars 2018. 
  36. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesARIACharts-Accreditations-2009Albums.htm. Henta 11. mars 2018. 
  37. «British album salstrofé – The Beatles – Help». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 11. mars 2018.  Enter Help in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  38. Beatles albums finally go platinum, BBC News, 2. september 2013, http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-23927271, henta 11. mars 2018 
  39. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Help». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Help%22%20%22The+Beatles%22. Henta 11. mars 2018. 
  40. «American album salstrofé – Beatles, The – Help!». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Help%21%22. Henta 11. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


332:
 Shoot Out the Lights 
Richard and Linda Thompson
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
331


The Beatles – Help!

330:
 Tonight's the Night 
Neil Young