Alphard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alfa Hydrae
Hydra constellation map.svg
Locator Dot2.gif

Alphard er alfastjerna i stjernebiletet Vasslangen.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Vasslangen
Rektascensjon 09h 27m 35.2433s[1]
Deklinasjon −08° 39′ 30.969″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)+2.00[2]
Karakteristikk
SpektralklasseK3 II-III[2]
U−B fargeindeks+1.73[3]
B−V fargeindeks+1.44[3]
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: −14.49[1] mas/år
Dek.: 33.25[1] mas/år
Parallakse (π)18.40 ± 0.78[1] mas
Avstand177 ± 8 ly
(54 ± 2 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)−1.69 ± 0.09[4]
Detaljar
Masse3.03 ± 0.36[4] M
Radius50.5 ± 4.0[4] R
Luminositet780 ± 78[2] L
Overflategravitasjon (log g)1.54[5] cgs
Temperatur4,120[5] K
Metallisitet [Fe/H]−0.06[5] dex
Rotasjon2,991 dagar[6]
Rotasjonssnøggleik (v sin i)1.1[6] km/s
Alder(4.2 ± 1.6) × 108[4] år
Andre namn
Alphard, Alphard, Alfart, Kalbelaphard, Cor Hydrae, 30 Hydrae, HR 3748, BD−08° 2680, HD 81797, SAO 136871, FK5 354, HIP 46390.[7]

Alphard (α Hya, α Hydrae, Alfa Hydrae) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Vasslangen. Namnet Alphard kjem frå det arabiske الفرد (al-fard), «den einsame», fordi det ikkje er nokre andre lyssterke stjerner i nærleiken. Han vart òg kalla «ryggraden til slangen» av arabarane. I det gamle Kina var han ein del av ein asterisme kalla «den raude fuglen». Den europeiske astronomen Tycho Brahe kalla han Cor Hydræ, hjartet av slangen.[8]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Alphard har tre gonger massen til sola. Det er estimert at ho er 420 millionar år gammal og har utvikla seg bort frå hovudserien og blitt ei kjempestjerne med ein spektralklasse lik K3 og lysstyrkeklasse mellom II og III.[4] Vinkeldiameteren er 9.09 ± 0.09 millibogesekund, berre slått av Betelgeuse og R Doradus.[9] Ho har utvida seg til 50 gonger radien til sola.[4]

Spektrumet til Alphard syner at ho har noko overskot av barium, eit grunnstoff som vanlegvis vert produsert i kjernedanninga kalla s-prosess. Ofte høyrer ei bariumstjerne til eit dobbeltsystem og anomaliane i overskotet vert forklart av masseoverføring frå ei følgjande kvit dvergstjerne.[10]

Flagg[endre | endre wikiteksten]

Alphard er avbilda på det brasilianske flagget og symboliserer staten Mato Grosso do Sul.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Perryman, M. A. C.; et al. (1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy & Astrophysics 323: L49–L52, Bibcode:1997A&A...323L..49P 
  2. 2,0 2,1 2,2 Piau, L.; et al. (February 2011), «Surface convection and red-giant radius measurements», Astronomy and Astrophysics 526: A100, Bibcode:2011A&A...526A.100P, arXiv:1010.3649, doi:10.1051/0004-6361/201014442 
  3. 3,0 3,1 Pfleiderer, J.; Mayer, U. (October 1971). «Near-ultraviolet surface photometry of the southern Milky Way». Astronomical Journal 76: 691–700. Bibcode:1971AJ.....76..691P. doi:10.1086/111186. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 da Silva, L.; et al. (November 2006). «Basic physical parameters of a selected sample of evolved stars». Astronomy and Astrophysics 458 (2): 609–623. Bibcode:2006A&A...458..609D. arXiv:astro-ph/0608160. doi:10.1051/0004-6361:20065105. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Cenarro, A. J.; et al. (January 2007). «Medium-resolution Isaac Newton Telescope library of empirical spectra - II. The stellar atmospheric parameters». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 374 (2): 664–690. Bibcode:2007MNRAS.374..664C. arXiv:astro-ph/0611618. doi:10.1111/j.1365-2966.2006.11196.x. 
  6. 6,0 6,1 Setiawan, J.; et al. (July 2004), «Precise radial velocity measurements of G and K giants. Multiple systems and variability trend along the Red Giant Branch», Astronomy and Astrophysics 421: 241–254, Bibcode:2004A&A...421..241S, doi:10.1051/0004-6361:20041042-1 
  7. «Alphard». SIMBAD. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 22. mars 2015. 
  8. Olcott, William Tyler (2004). Star Lore: Myths, Legends, and Facts. Courier Dover Publications. s. 226. ISBN 0-486-43581-4. 
  9. Le Bouquin, J.-B.; et al. (January 2009). «Post-processing the VLTI fringe-tracking data: first measurements of stars». Astronomy and Astrophysics 493 (2): 747–752. Bibcode:2009A&A...493..747L. arXiv:0812.2328. doi:10.1051/0004-6361:200810613. 
  10. Mennessier, M. O.; et al. (October 1997). «Barium Stars, Galactic Populations and Evolution». Astronomy and Astrophysics 326: 722–730. Bibcode:1997A&A...326..722M. 
  11. «Astronomy of the Brazilian Flag». FOTW Flags Of The World website.