Betelgeuse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Betelgeuse (α Ori)
Position Alpha Ori.png
Den rosa pila ved stjerna til venstre merka α syner Betelgeuse i Orion.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0
Stjernebilete Orion
Rektascensjon 05h 55m 10.3053s[1]
Deklinasjon +07° 24′ 25.426″[1]
Karakteristikk
Spektralklasse M2Iab[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) 0.42 (0.3 to 1.2)[1][2]
Tilsynelatande storleiksklasse (J) -2.99 ± 0.10[1]
U−B fargeindeks 2.06[3]
B−V fargeindeks 1.85[3]
Variabel type SR c (semi-regular)[1]
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: 24.95 ± 0.08[4] mas/år
Dek.: - mas/år
Parallakse (π) 5.07 ± 1.10[4] mas
Avstand 643 ± 146[4] ly
(197 ± 45[4] pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) −5.85[4]
Detaljar
Masse 7.7–20[5][6] M
Radius 950–1200[5][7] R
Luminositet 90,000-150,000[5][8] L
Overflategravitasjon (log g) -0.5[9] cgs
Temperatur 3,140–3,641[5][10][11] K
Metallisitet 0.05 Fe/H[12]
Rotasjon 5 km/s[11]
Alder ~7.3×106[13] år
Andre namn
Betelgeuse, α Ori, 58 Ori, HR 2061, BD +7° 1055, HD 39801, FK5 224, HIP 27989, SAO 113271, GC 7451, CCDM J05552+0724AP, AAVSO 0549+07
Databasereferanse
SIMBAD data

Koordinatar: Sky map 05h 55m 10.3053s, +07° 24′ 25.426″ Betelgeuse, òg kjend med Bayer-nemninga Alfa Orionis (forkorta til α Orionis eller α Ori), er den niande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen og den nest mest lyssterke i stjernebiletet Orion. Ho har ein markant raudfarge og er ei halvregulær variabel stjerne med tilsynelatande storleiksklasse som varierer mellom 0,2 og 1,2, den største variasjonen av alle stjerner av første storleiksorden. Betelgeuse er ein av tre stjerner som utgjer Vintertriangelet og markerer sentrum i Vintersekskanten. Namnet på stjerna kjem frå arabisk يد الجوزاء Yad al-Jauzā, som tyder «handa til Orion». Den arabiske bokstaven for Y vart mistolka som B av omsetjarar i mellomalderen, og skapte den første B-en i Betelgeuse.

Stjerna er klassifisert som ei raud superkjempe med spektralklasse M2Iab og er ein av dei største og mest lyssterke av dei observerbare stjernene. Om Betelgeuse hadde lege i sentrum av solsystemet, ville overflata strekt seg heilt til asteroidebeltet, og kanskje forbi banen til Jupiter. Ho ville dermed ha slukt både Merkur, Venus, jorda og Mars. Estimata av massen til stjerna varierer mykj, og varierer frå 5 til 30 gonger massen til sola. Avstanden frå jorda vart i 2008 estimert til å vere 640 lysår, som gjev ein midla absolutt storleiksorden på kring −6,02. Ho er mindre enn 10 millionar år gammal og har utvikla seg raskt på grunn av den store massen. Stjerna vart kasta bort frå fødestaden i Orion OB1-samanslutninga—som inkluderer stjernene i Orions belte—og flyttar seg i dag gjennom verdsrommet med ein fart på 30 km/s, som skapar ein baugsjokk som er over 4 lysår breitt. Ho er i dag på eit seint stadium i stjerneutviklinga og er venta å eksplodere som ein type II supernova i løpet av dei neste millionar åra. Ein observasjon frå Herschel romobservatorium i januar 2013 avdekte at stjernevinden kræsjar mot det kringliggande interstellare mediet.[14]

I 1920 vart Betelgeuse den andre stjerna (etter sola) som fekk målt vinkelstorleiken på fotosfæren sin. Sidan den gong har forskarar nytta teleksop med forskjellige tekniske parameterar til å måle den enorme stjerna, ofte med motstridande resultat. Studiar sidan 1990 har gjeve ein vinkeldiameter (tilsynelatande storleik) som varierer frå 0,043 til 0,056 bogesekund, noko som kjem av stjerna har ein tendens til å periodevis endre form. På grunn av kantformørking, variabilitet, og vinkeldiameter som varierer med bølgjelengd, kjenner ein ikkje med visse mange av eigenskapane til stjerna. of the star's properties are not yet known with any certainty. I tillegg til dette er overflata av Betelgeuse dekt av ei kompleks, assymetrisk kappe som er kring 250 gonger så stor som stjerna, skapt av enorm massetap.

Den relative storleiken til planetane i solsystemet og fleire stjerner, inkludert including Betelgeuse
1. Merkur < Mars < Venus < jorda
2. Jorda < Neptun < Uranus < Saturn < Jupiter
3. Jupiter < Proxima Centauri < sola < Sirius
4. Sirius < Pollux < Arcturus < Aldebaran
5. Aldebaran < Rigel < Antares < Betelgeuse
6. Betelgeuse < VY Canis Majoris < NML Cygni < UY Scuti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «SIMBAD Query Result: BETELGEUSE – Semi-regular Pulsating Star». Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=betelgeuse. Henta 19. august 2015. 
  2. Davis, Kate (AAVSO Technical Assistant, Web) (December 2000). «Variable Star of the Month: Alpha Orionis». American Association of Variable Star Observers (AAVSO). http://www.aavso.org/vsots_alphaori. Henta 19. august 2015. 
  3. 3,0 3,1 Nicolet, B. (1978). «Catalogue of Homogeneous Data in the UBV Photoelectric Photometric System». Astronomy & Astrophysics 34: 1–49. Bibcode:1978A&AS...34....1N. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Harper, Graham M.; Brown, Alexander; Guinan, Edward F. (April 2008). «A New VLA-Hipparcos Distance to Betelgeuse and its Implications» (PDF). The Astronomical Journal 135 (4): 1430–40. Bibcode:2008AJ....135.1430H. doi:10.1088/0004-6256/135/4/1430. Henta 19. august 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Mohamed, S.; Mackey, J.; Langer, N. (2012). «3D Simulations of Betelgeuse's Bow Shock». Astronomy & Astrophysics. 541, id.A1: A1. Bibcode:2012A&A...541A...1M. arXiv:1109.1555v2. doi:10.1051/0004-6361/201118002. 
  6. Mackey, Jonathan; Mohamed, Shazrene; Neilson, Hilding R.; Langer, Norbert; Meyer, Dominique M.-A.; et al. (May 2012). «Double Bow Shocks around Young, Runaway Red Supergiants: Application to Betelgeuse». The Astrophysical Journal Letters 751 (1, article id. L10): 837–40. Bibcode:2012ApJ...751L..10M. arXiv:1204.3925v1. doi:10.1088/2041-8205/751/1/L10. 
  7. See Note#2 for additional calculations
  8. Smith, Nathan; Hinkle, Kenneth H.; Ryde, Nils (March 2009). «Red Supergiants as Potential Type IIn Supernova Progenitors: Spatially Resolved 4.6 μm CO Emission Around VY CMa and Betelgeuse» (PDF). The Astronomical Journal 137 (3): 3558–3573. Bibcode:2009AJ....137.3558S. arXiv:0811.3037. doi:10.1088/0004-6256/137/3/3558. Henta 9 September 2012. 
  9. Lobel, Alex; Dupree, Andrea K. (2000). «Modeling the Variable Chromosphere of α Orionis» (PDF). The Astrophysical Journal, 545 (1): 454–74. Bibcode:2000ApJ...545..454L. doi:10.1086/317784. Henta 19. august 2015. 
  10. Harper, Graham M.; Brown, Alexander; Lim, Jeremy (April 2001). «A Spatially Resolved, Semiempirical Model for the Extended Atmosphere of α Orionis (M2 Iab)». The Astrophysical Journal 551 (2): 1073–98. Bibcode:2001ApJ...551.1073H. doi:10.1086/320215. 
  11. 11,0 11,1 Kervella, P.; Verhoelst, T.; Ridgway, S. T.; Perrin, G.; Lacour, S.; et al. (September 2009). «The Close Circumstellar Environment of Betelgeuse. Adaptive Optics Spectro-imaging in the Near-IR with VLT/NACO» (PDF). Astronomy and Astrophysics 504 (1): 115–25. Bibcode:2009A&A...504..115K. arXiv:0907.1843. doi:10.1051/0004-6361/200912521. Henta 10 July 2010. 
  12. Ramírez, Solange V.; Sellgren, K.; Carr, John S.; Balachandran, Suchitra C.; et al. (July 2000). «Stellar Iron Abundances at the Galactic Center» (PDF). The Astrophysical Journal, 537 (1): 205–20. Bibcode:2000ApJ...537..205R. arXiv:astro-ph/0002062. doi:10.1086/309022. Henta 19. august 2015. 
  13. «Sharpest Views of Betelgeuse Reveal How Supergiant Stars Lose Mass». Press Releases. European Southern Observatory. 29 July 2009. http://www.eso.org/public/news/eso0927/. Henta 6 September 2010. 
  14. «Betelgeuse braces for a collision». ESA. 2013-01-22. http://www.esa.int/Our_Activities/Space_Science/Betelgeuse_braces_for_a_collision. Henta 19. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]