Ana Soklič

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ana Soklič
DionaDimm.jpg
Fødd10. april 1984 (37 år)
FødestadBohinj Kommune
OpphavSlovenia
Aktiv2004–
Sjangerpop
Verka sommusikar, låtskrivar, songar

Ana Soklič (fødd 10. april 1984) er ein slovensk songar og låtskrivar. I 2019 vann ho to prisar under den slovenske musikkfestivalen Slovenska popevka, og i 2020 vann ho musikktevlinga EMA med songen «Voda». Gjennom sigeren skulle Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Soklič fekk i staden representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amen».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Soklič er fødd i 1984 i Savica i nordvestre Slovenia.[3] Ho dreiv med musikk sidan starten av tenåra og aktivt frå ho var 17 år gammal.[4] Ho studerte opera solosong med den slovenske sopranen Alenka Dernač Bunta, og tok seinare songtimar med songaren Darja Švajger og songpedagogen Natasa Nahtigal.[5] I 2012 deltok Soklič i X Factor Slovenija, der ho enda på femteplass.[3]

Soklič har sunge med Harlem Gospel Choir, og ho har turnert i Slovenia og dessutan byar over heile Europa, blant anna Berlin, München, Milano, Stockholm, Wien og Zagreb. Ho har òg delteke i fleire musikktevlingar, blant anna musikkfestivalen Slovenska popevka. Soklič vart for alvor kjent i Slovenia då ho deltok i songtevlinga EMA.[4] I 2019 vann ho to prisar under Slovenska popevka, i klassane «beste opptreden» og «beste song».

I 2020 vann Soklič EMA med songen «Voda», som ho hadde skrive sjølv saman med Bojan Simončič.[6] Songen fekk 54 prosent av røystane i den avgjerande duellen.[7] Med sigeren i EMA skulle Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[8] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest.[9] I staden kunngjorde den slovenske kringkastaren RTVSLO at Soklič skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[2] Ho deltek med songen «Amen».

Soklič syng innan sjangrar som blues, soul, gospel, jazz og pop, og ho er inspirert av artistar som Aretha Franklin, Joni Mitchell, Ray Charles, Annie Lennox, Nina Simone og Tina Turner.[4][5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 – «If You»
  • 2007 – «Oče (Father)»
  • 2013 – «Naj muzika igra»
  • 2019 – «Temni svet»
  • 2020 – «Voda»
  • 2021 – «Amen»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 Granger, Anthony (16. mai 2020). «Slovenia: Ana Soklič Confirmed For Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 24. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Ana Soklič: “Nihče se ne poteguje zate, če tega najprej ne storiš sam”» (på slovensk). Henta 24. februar 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Rome, Primoz. «Slovenska popevka: Ana Soklič meni, da ni prostora za manipuliranje» (på engelsk). Henta 24. februar 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Ana Soklic (anasoklic) on Myspace». Henta 24. februar 2020. 
  6. «Slovenia: Ana Soklič to Eurovision 2020 after winning EMA». 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  7. «Life after Helsinki 2007 Eurovision» (på engelsk). Henta 24. februar 2020. 
  8. «Ana Soklič – Slovenia – Rotterdam». eurovision.tv. Henta 24. februar 2020. 
  9. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.