Błędówørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Błędówørkenen

Błędówørkenen (polsk Pustynia Błędowska) er ein ørken mellom Błędów (ein del av Dąbrowa Górnicza i Øvre Schlesiske Metropolforeining) og landsbyen Klucze i Polen. Ørkenen ligg hovudsakleg i Det schlesiske høglandet i Schlesiske voivodskap og har eit areal på 32 km².

Bledowskaørkenen er den største samlinga av sand i Sentral-Europa som ikkje ligg ved sjøen. Sanden kom hit som følgje av smeltande isbrear under den siste istida. Ørkenlandskapet byrja å utvikle seg i mellomalderen som følgje av gruvedrift etter sølv, sink og kol. På grunn av sanden, som i snitt dekkjer eit 40 meter tjukt lag, somme stader opp mot 70 meter, vert området raskt drenert for vatn som trekkjer djupt ned i sanden. Dei siste åra har ørkenen byrja å krympe.

Under den andre verdskrigen nytta det tyske Afrika Korps område for trening og for å teste utstyr før det vart sendt til Afrika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]