Kyzylkum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilde av Kyzyl Kum.
Det meste av området er dekt av sanddyner.

Kyzyl Kum (usbekisk Qizilqum, kasakhisk Қызылқұм, Kyzylkum) er den ellevte største ørkenen i verda. Namnet tyder 'raud sand' på både usbekisk og kasakhisk. Han ligg i Sentral-Asia i området mellom elvane Amu-Darja og Syr-Darja i Kasakhstan, Usbekistan og Turkmenistan. Han dekkjer eit areal på om lag 298 000 km².

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området består hovudsakleg av ei omfattande slette i ei høgd opp til 300 meter over havet, med fleire senkingar og høgland (Sultanuizdag, Bukantau). Det meste av området er dekt av sanddyner. I nordvest er store område dekte av takirar (hol dekte av leire utan vatn, og det er òg nokre oasar). Langs elvane og i oasane ligg det busetnader som baserer seg på jordbruk.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Av dyreliv i ørkenen finn ein mellom anna den særs sjeldne saigaantilopen (Saiga tatarica) og ei stor øgle (varan Varanus griseus) som kan verte 1,6 meter lange. I 1971 vart Kyzyl Kum naturreservat oppretta i provinsen Bukhara som dekkjer eit område på 101 000 km² og som ligg på flodsletta (tugai) som vert drenert av Amu-Darja nær busetnaden Dargan Ata. Av andre dyr finn ein batrikahjort, villsvin (Sus scrofa), fasan (Phasianus colchicus) og kongeørn (Aquila chrysaetus).

Eit anna reservat (eller økosenter) er Djejran, som ligg 40 km sør for Bukhara. Det totale arealet til dette reservatet er 51 450 km². Her held sjeldne dyr som strumagaseller, przewalski-hest (Equus przewalskii), villesel (Equus hemionus) og stortrappe (Otis tarda). Reservatet vart oppretta i 1977.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Storfe i eit usbekisk område av Kyzul Kum.

Dei lokale innbyggjarane nyttar hovudsakleg dei enorme områda i Kyzyl Kum som beitemarker for buskapen sin (hovudsakleg sau, baktriakamel og dromedar).

Kyzyl Kum er òg kjend for førekomst av gull, uran, kopar, aluminium, sølv, naturgass og olje. Utviklinga av det kjende gullfeltet ved Muruntau byrja tidleg i 1960-åra. Sentera for gruvedrifta og smelteindustrien er i Navoi, Zarafsjan og Utsjkuduk. Dei største industrielle selskapa er НГМК (Navoi gruve og smeltekompleks) og Zarafsjan-Newmont, eit samarbeid mellom Usbekistan og USA. Sentera for gassproduksjonsindustrien er Gazli og Mubarek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]