Banks of the Ohio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Banks of the Ohio» (Laws F5, Roud 157) er ein mordballade frå 1800-talet, skriven av ukjende låtskrivarar. Songen handlar om Willie som inviterer den unge kjærasten sin med på ein liten tur, der ho seier nei til frieriet hans. Då dei er aleine ved elvebreidda, tek han livet av ho. Songen vert òg kalla «Down on the Banks of the Ohio».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen har eit liknande tema som «Pretty Polly», og fortel truleg same soga. Begge songane kjem frå omtrent same tid, og har ein skurk kalla Willie. Ein annan, ikkje så godt kjend, versjon av songen heiter «On the Banks of the Old Pedee».[1] Teksten vert vanlegvis tilpassa for ein kvinneleg songar.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Den første innspelinga av songen vart gjort av Red Patterson's Piedmont Log Rollers den 12. august 1927. I 1959 vart songen spelt inn av Joan Baez som opningssporet på albumet Folksingers 'Round Harvard Square, det første albumet ho deltok på. I 1961 var songen med på albumet hennar Joan Baez, Vol. 2 og det var ein av fire songar ho framførte på Newport Folk Festival i 1968. Ho spelte seinare inn songen på ny fleire gonger og han finst på samleplata Voice of the People frå 2011.[2]

I 1961 vart songen spelt inn av visesamlaren Alan Lomax, med den gamle songaren Clarence Ashley, og i lag med Fred Price (fele), og Clint Howard og Doc Watson (gitar) som seinare vart nytta av Anna Lomax Wood i kortfilmen Ballads, Blues and Bluegrass.[3]

Olivia Newton-John spelte inn eit arrangement av songen av Farra og Welsh i 1971, for albumet If Not for You. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, og vart ein sukses i Storbritannia, der han nådde sjetteplassen. Det vart den første singelen hennar som nådde toppen av salslista i Australia[4] men nådde ikkje Topp 40 i USA eller Canada, der han nådde høvesvis 66. og 94. plass.[5][6]

Songen er òg spelt inn av mange andre artistar, som New Lost City Ramblers, The Wolfe Tones, G. B. Grayson and Henry Whitter (som «I'll Never Be Yours»), Ernest Stoneman, Clayton McMichen, Bascom Lamar Lunsford, The Carter Family (òg med Johnny Cash), Blue Sky Boys (versjonen frå 1936 vert nytta i filmen Paper Moon frå 1973), Johnny Cash, Porter Wagoner, Pete Seeger, Monroe Brothers, Dolly Parton, Dave Guard and the Whiskeyhill Singers, Mike Ireland and Holler, og The Callagan Brothers. Gangstagrass med Alexa Dirks har òg gjort ein versjon av songen i 2014 for albumet Broken Hearts and Stolen Money.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. «The Joan Baez Web Pages». Joanbaez.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 25. august 2014. 
  3. «Clarence Ashley with Doc Watson: The Banks of the Ohio (1961)». YouTube. 11. juni 2012. Henta 25. august 2014. 
  4. «Pop Archives: Go-Set National Top 60 (12. juni 1971)». Arkivert frå originalen 29. mars 2015. Henta 25. august 2014. 
  5. Viglione, Joe. «Olivia Newton-John – If Not for You». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 22. desember 2012. 
  6. «Collections Canada: RPM Top 100 Singles (November 20, 1971)». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]