Jolene av Dolly Parton
Jolene Singel av Dolly Parton frå albumet Jolene | ||
B-side |
«Love, You're So Beautiful Tonight» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1973 | |
Sjanger | Countrypop, bluegrass | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | RCA Nashville | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | Bob Ferguson | |
Dolly Parton-kronologi | ||
«Traveling Man» (1973) |
Jolene | «I Will Always Love You» (1974)
|
«Jolene» er ein song skriven og framført av den amerikanske countryartisten Dolly Parton. Han vart gjeven ut i oktober 1973 som den første singelen og tittelsporet frå albumet med same namnet, produsert av Bob Ferguson. Songen er rangert på 219. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tindene.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Jolene» fortel soga om ein kvinne som konfronterer Jolene, ei særs vakker kvinner, som ho trur prøver å stele mannen hennar frå henne, og bed hom å ikkje ta han frå ho. Gjennom heile songen tryglar kvinna Jolene om å ikkje ta han frå ho, sjølv om ho kan (please don't take him just because you can). Songen vart den andre førsteplassen til Parton på country-lista. Han nådde førsteplassen i februar 1974, og vart ein mindre pophit for ho. Året etter vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia der han nådde sjuandeplassen på UK singles chart.
Etter å ha framført «Jolene» på Glastonburyfestivalen i 2014, skal Parton ha sagt at songen var inspirert av ei raudhåra kvinne som Parson følte mannen hennar var for mykje i lag med då dei var nygifte.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1973–1974) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM)[1] | 84 |
Canada Adult Contemporary Songs (RPM)[2] | 40 |
Canada Country Singles (RPM)[3] | 1 |
Danmark (Tracklisten)[4] | 19 |
Irland (IRMA)[5] | 8 |
Sverige (Sverigetopplistan)[6] | 16 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 7 |
US Billboard Hot 100[8] | 60 |
US Adult Contemporary (Billboard)[9] | 44 |
US Country Songs (Billboard)[10] | 1 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]White Stripes
[endre | endre wikiteksten]Jolene (Live Under Blackpool Lights) Singel av The White Stripes frå albumet Under Blackpool Lights | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. november 2004 | |
Sjanger | Garagerock, alternativ rock | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | XL Recordings | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Produsent | Jack White | |
The White Stripes-kronologi | ||
---|---|---|
«There's No Home for You Here» (2004) |
Jolene (Live Under Blackpool Lights) | «Blue Orchid» (2005)
|
The White Stripes spelte inn «Jolene» som ein live-singel. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia i november 2004. The White Stripes hadde tidlegare gjeve ut ein studioversjon av «Jolene», som B-sida til singelen deira «Hello Operator» i 2000 frå albumet De Stijl. I Australia nådde singelen tiandeplassen i 2004. Eit anna konsertopptak av songen finst på konsertalbumet Under Great White Northern Lights frå 2010.
- Innhald
- "Jolene (Live Under Blackpool Lights)"
- "Black Math (Live Under Blackpool Lights)" (only on cd version)
- "Do (Live Under Blackpool Lights)" (only on vinyl flip side)
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Olivia Newton-John sin versjon kom ut i 1976 på albumet Come on Over. Denne versjonen vart gjeven ut som singel i Japan.
- Sherrié Austin spelte inn ein versjon i 2001 for albumet Followin' A Feeling.
- Punkrockbandet Me First and the Gimme Gimmes spelte songen på det sjette albumet deira, Love Their Country, i 2006.
- Postpunk-bandet The Sisters of Mercy spelte songen som ei rekkje «ukule» coverversjonar for å provosere publikummet sitt.
- Darcy Clay spelte ein versjon av songen i 1997 på Jesus I Was Evil.
- Den norske elektroniske og eksperimentelle duoen Susanna and the Magical Orchestra spelte songen i 2004 på debutalbumet List of Lights and Buoys.
- Sophie Ellis-Bextor spelte songen i 2008 og denne vart nytta i BBC-serien Beautiful People.
- Laura Marling spelte songen i lag med Mumford & Sons.
- Nederlandske Anneke van Giersbergen har framført songen på konsertane sine.
- Queenadreena spelte songen i 2000.
- Strawberry Switchblade spelte ein electro-pop-versjon av songen som vart gjeven ut som singel i 1985.
- Ellie Goulding spelte songen i 2009.
- I tillegg til dei nemnde over er «Jolene» framført av Leila Forouhar, Natalie Merchant, Rubber Rodeo (1981), Keith Urban, Paula Cole, Jill Johnson (2007), Reba McEntire, Mindy Smith, Katie B, Sherrié Austin, Rhonda Vincent, the Geraldine Fibbers, Lacrimosa, Queen Adreena, Ashley Arrison, Alison Krauss, One Dove, Alexander Veljanov, Candies, Elisabeth Andreassen (2004), Mindy Smith, Jessica Lowndes, Fiona Apple, John Mayer, Keith Urban og Norah Jones, Samuel Larsen, Miley Cyrus og Straight No Chaser.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jolene (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Top Singles - Volume 21, No. 3, March 02 1974». RPM. Collectionscanada.gc.ca. Henta 30 October 2012.
- ↑ «Adult Contemporary - Volume 21, No. 2, February 23, 1974». RPM. Collectionscanada.gc.ca. Henta 30 October 2012.
- ↑ «Country Singles - Volume 21, No. 1, February 16, 1974». RPM. Collectionscanada.gc.ca. Henta 30 October 2012.
- ↑ "Danishcharts.com – Dolly Parton – Jolene". Tracklisten. Hung Medien.
- ↑ «The Irish Charts - Search the Charts - Jolene». Irish Recorded Music Association. Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 9. oktober 2016. Henta 30 October 2012.
- ↑ "Swedishcharts.com – Dolly Parton – Jolene". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Parton?f=379&g=Singles Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Dolly Parton. Prometheus Global Media.
- ↑ «Chart Search Results - Adult Contemporary 1974-02-23». Billboard.biz. Henta 30 October 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Dolly Parton Awards». Allmusic. Henta November 2, 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]64: «Blitzkrieg Bop» Ramones |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 63 «Jolene» Dolly Parton |
62: «One» U2 |
220: «Boom Boom» John Lee Hooker |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 219 «Jolene» Dolly Parton |
218: «Do You Believe in Magic» The Lovin' Spoonful |
- Songar frå 1973
- Singlar frå 1973
- Singlar frå 2004
- Songar skrivne av Dolly Parton
- Dolly Parton-songar
- Jill Johnson-songar
- Dami Im-songar
- The White Stripes-songar
- Olivia Newton-John-songar
- Songar produserte av Bob Ferguson
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Nummer-ein-singlar i Japan
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021