Be Good to Yourself

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Be Good to Yourself
Singel av Journey
frå albumet Raised on Radio
B-side

Only the Young

Utgjeve Mai 1986
Innspelt 1985
Sjanger Hardrock
Lengd 3:51
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon
Produsent Steve Perry
Journey-kronologi 
«Only the Young»
(1985)
Be Good to Yourself «Suzanne»
(1986)


«Be Good to Yourself» er ein song av Journey frå det niande studioalbumet deira, Raised on Radio frå 1986. Songen kom ut som den første singelen frå albumet og gjekk inn på topp 10 den amerikanske Billboard Hot 100 og er så langt den siste singelen deira som har klart dette.

Journey valde å ikkje lage musikkvideo til songen, noko som var ganske uhøyrt på denne tida då MTV hadde stor innverknad og var særs populært. Årsaka var at bandet frykta å bli overeksponert.[1]

Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, og i lag med «Don't Stop Believin'» og «Only the Young» var det den fjerde høgaste plasseringa deira på lista.[2] Songen nådde høgare på Hot Mainstream Rock Tracks-lista, der han nådde andreplassen. Songen gjekk òg inn på lista i Canada og i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steve Gett (26. april 1986). «No Video For Journey Album—Manager: Clips Are 'Insignificant'». Billboard 98 (17). s. 1. Henta 2. juni 2020. 
  2. «Hot 100 Week of 31. mai 1986». Music chart. Billboard.com. 31. mai 1986. Henta 2. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]