Generations av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Generations
Studioalbum av Journey
Utgjeve 29. august 2005
Innspelt Februar–mars 2005
Studio The Plant, Sausalito i California,
Prairie Sun Studios, Cotati i California,
Laughing Dog Studios, New York City
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 1:13:12
Selskap Sanctuary (USA)
Frontiers (Europe)
King (Japan)
Seoul (South Korea)
Produsent Kevin Elson
Journey-kronologi
Red 13
(2002)
Generations Live in Houston 1981: The Escape Tour
(2006)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
About.com4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Blogcritics3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Generations er det 12. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey. Det var det siste albumet deira med songaren Steve Augeri og det andre med trommeslagaren Deen Castronovo, som var same besetninga som på Arrival frå 2001 og EP-en Red 13 frå 2003. Albumet vart gjeve bort gratis av bandet under dei fleste konsertane deira for Generations-turneen i 2005, og så gjeven ut på Sanctuary Records seinare same året.

Dette var det første Journey-albumet der alle i bandet syng solovokal. Jonathan Cain syng solo på «Every Generation» og «Pride of the Family» (sistnemnde berre på den japanske utgåva), den første gongen han song sidan «All That Really Matters» (opphavleg eit unytta spor for Frontiers) frå plateboksen Time3. Deen Castronovo syng solo på «A Better Life» og «Never Too Late». Neal Schon syng solovokal på «In Self Defense» (tidlegare spelt inn for Schon & Hammer-albumet Here to Stay) og Ross Valory syng på «Gone Crazy».

Albumet nådde berre 170. plassen på Billboard 200-lista.[4]. Generations var det siste albumet med Augeri, som slutta i midten av turneen i 2006 på grunn av ein halsinfeksjon. Jeff Scott Soto erstatta han og turnere med bandet fram til juni 2007. Det var det einaste Journey-albumet som kom ut på Sanctuary Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Faith in the Heartland»Neal Schon, Jonathan Cain, Steve Augeri6:56
2.«The Place in Your Heart»N. Schon, Cain4:20
3.«A Better Life»N. Schon, Cain5:40
4.«Every Generation»N. Schon, Cain5:52
5.«Butterfly (She Flies Alone)»Augeri5:56
6.«Believe»Augeri, Tommy De Rossi5:41
7.«Knowing That You Love Me»Cain5:21
8.«Out of Harms Way»N. Schon, Cain5:14
9.«In Self-Defense»N. Schon, Cain, Steve Perry3:10
10.«Better Together»N. Schon, Cain, Augeri5:05
11.«Gone Crazy»N. Schon, Amber Schon, Cain, Kim Tribble4:04
12.«Beyond the Clouds»N. Schon, Augeri6:54
13.«Never Too Late» (bonus track)N. Schon, Cain, Jack Blades4:5
14.«Pride of the Family» (berre på japansk utgåve)Cain4:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar
  • Steve Augeri - solovokal (utanom der andre er nemnde), ekstra gitar på «Butterfly (She Flies Alone)» og «Believe»
  • Neal Schon - sologitar, korvokal, solovokal på «In Self-Defense»
  • Jonathan Cain - klaverinstrument, rytmegitar, korvokal, solovokal på «Every Generation» og «Pride of the Family»
  • Ross Valory - bass, korvokal, solovokal på «Gone Crazy»
  • Deen Castronovo - trommer, perkusjon, korvokal, solovokal på «A Better Life» og «Never Too Late»
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
2005 Oricon Den japanske albumlista[5] 20
Den svenske albumlista[6] 39
Den tyske albumlista[7] 70
Billboard 200 (USA)[4] 170

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Theakston, Rob. «Journey Generations review». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  2. White, Dave. «Journey - «Generations»». Classic Rock. About.com. Henta 2. juni 2020. 
  3. Dionne, George (27. november 2005). «CD Review: Journey’s Generations». Blogcritics. Henta 2. juni 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Generations Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  5. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  6. «Journey – Generations (album)». Swedishcharts.com. Media Control Charts. Henta 2. juni 2020. 
  7. «Album – Journey, Generations». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 2. juni 2020.