Escape av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Escape
Studioalbum av Journey
Utgjeve 17. juli 1981
Innspelt April til juni 1981
Studio Fantasy Studios i Berkeley i California
Sjanger Rock
Lengd 42:46
Selskap Columbia
Produsent Mike Stone, Kevin Elson
Journey-kronologi
Captured
(1981)
Escape Frontiers
(1983)


Singlar frå Escape
  1. «Who's Crying Now»
    Utgjeve: Juli 1981
  2. «Don't Stop Believin'»
    Utgjeve: Juni 1981
  3. «Open Arms»
    Utgjeve: Januar 1982
  4. «Still They Ride»
    Utgjeve: Mai 1982
  5. «Who's Crying Now»
    Utgjeve: August 1982

Escape (skrive E5C4P3 på plateomslaget) er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i 1981. Det toppa den amerikanske Billboard 200-lista[1] og inneheld fire hittar som nådde høgt på Billboard Hot 100-lista – «Don't Stop Believin'» (#9), «Who's Crying Now» (#4), «Still They Ride» (#19) og «Open Arms» (#2)[2] – i tillegg til den populære radiosongen «Stone in Love». Albumet selte til 9x platinaplate i USA[3] og har selt over 12 millionar eksemplar verda over. Det er dermed det mest suksessrike studioalbumet deira, og det nest mest suksessrike albumet deira totalt etter Greatest Hits.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Escape var det første albumet til bandet med klaverspelaren Jonathan Cain, som erstatta den opphavlege klaverspelaren Gregg Rolie etter han slutta i bandet mot slutten av 1980. Albumet vart samprodusert av den tidlegare lydteknikaren til Lynyrd Skynyrd, Kevin Elson og den tidlegare lydteknikaren til Queen, Mike Stone, som òg var lydteknikar på dette albumet.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[4]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Great Rock Discography8/10[6]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]

Mike DeGagne i AllMusic gav Escape fire og ei halv stjerne av fem og skreiv «Songane er tidlause og i lag klarar dei på ny å tenne uskulda i ungdommeleg kjærleik og opprørstrongen når ein veks opp, ved hjelp av inderleg låtskriving og solid musikalitet.»[4] Colin Larkin gav albuemt fire av fem stjerner i 2002-utgåva av Virgin Encyclopedia of Popular Music.[5] Meldingane i Rolling Stone var mindre positive då albumet kom ut. Den første meldinga i 1981 av Deborah Frost omtalte Journey som nokon som utgav seg for å vere heavy metal og at musikken på albumet lett kunne spelast av kva studiomusikar som helst. I 2004-utgåva av albumguiden sin, gav Rolling Stone albumet to og ei halv stjerne av fem, som likevel var ei betring frå den eine stjerna Dave Marsh gav albumet i 1983-utgåva av guiden.[8]

I 1988 stemte lesarane av Kerrang! albumet Escape til det beste AOR-albumet gjennom tidene[9]Classic Rock kom fram til same meining i 2008.[10] I 1989 rangerte Kerrang! Escape på 32. plassen på lista si over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene.[11] Ei undersøking av Virgin i 2000 plasserte albumet på 24. plassen på ei liste over dei beste heavy metal/alternativ rock-albuma.[12] I 2001 rangerte Classic Rock albumet på 22. plassen på lista si over dei 100 beste rockealbuma gjennom tidene.[13] I 2006 publiserte dei lista si over dei 200 beste albuma frå 1980-åra, der albumet var teke med på lista over dei 20 beste albuma frå 1981.[14] Magasinet Q rangerte Escape på 15. plassen på lista si kalla «Plater det er OK å like» i 2006.[15]

Eit spel for Atari 2600 basert på albumet, Journey Escape, kom ut i 1982.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Don't Stop Believin'»Jonathan Cain, Steve Perry, Neal Schon4:11
2.«Stone in Love»Cain, Perry, Schon4:26
3.«Who's Crying Now»Cain, Perry5:01
4.«Keep On Runnin'»Cain, Perry, Schon3:40
5.«Still They Ride»Cain, Perry, Schon3:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Escape»Cain, Perry, Schon5:17
7.«Lay It Down»Cain, Perry, Schon4:13
8.«Dead or Alive»Cain, Perry, Schon3:21
9.«Mother, Father»Cain, Perry, Matt Schon, N. Schon5:29
10.«Open Arms»Cain, Perry3:23
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«La Raza del Sol» (B-side til «Still They Ride»)Cain, Perry3:26
12.«Don't Stop Believin'» (Live frå The Summit i Houston i Texas, 6. november 1981; frå Live in Houston 1981: The Escape Tour) 4:19
13.«Who's Crying Now» (Live frå The Summit, Houston, Texas, 6. november 1981; frå Live in Houston 1981: The Escape Tour) 5:44
14.«Open Arms» (Live frå The Summit, Houston, Texas, 6. november 1981; frå Live in Houston 1981: The Escape Tour) 3:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Journey[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Escape var det femte bestseljande albumet i 1981, like bak Bella Donna av Stevie Nicks.

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1981 Billboard 200 (USA)[1] 1
RPM100 Albums (Canada)[16] 6
Den tyske albumlista[17] 49
1982 UK Albums Chart[18] 32
Den newzealandske albumlista[19] 36
1983 Billboard 200 (USA) 139
1984 Billboard 200 (USA) 156
2006 Oricon Den japanske albumlista[20] 124
2011 Top Pop Catalog Albums (USA)[1] 9

Singles[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Liste Plassering
1981 «Who's Crying Now» Billboard Hot 100 (USA)[2] 4
Mainstream Rock (USA)[2] 4[21]
RPM100 Hit Tracks (Canada)[22] 3
«Don't Stop Believin'» Billboard Hot 100 (USA)[2] 9
Mainstream Rock (USA)[2] 8
RPM100 Hit Tracks (Canada)[23] 9
«Stone in Love» Mainstream Rock (USA)[2] 13
1982 «Who's Crying Now» UK Singles Chart[18] 46
«Don't Stop Believin'» UK Singles Chart[18] 62
«Open Arms» Billboard Hot 100 (USA)[2] 2
Mainstream Rock (USA)[2] 35
Adult Contemporary (USA)[2] 7
RPM100 Hit Tracks (Canada)[24] 2
New Zealand Singles Chart[25] 49
«Still They Ride» Billboard Hot 100 (USA)[2] 19
Mainstream Rock (USA)[2] 47
Adult Contemporary (USA)[2] 37

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon' År Salstal
USA RIAA 1994 9x Platina (+9 000 000)[3]
Canada CRIA 1983 3x Platina (+300 000)[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Escape Billboard Albums». AllMusic. Henta 31. mai 2020. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 «Escape Billboard Singles». AllMusic. Henta 31. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey. Henta on 9. september 2019.
  4. 4,0 4,1 Mike, DeGagne. «Journey Escape review». AllMusic. Henta 26. mars 2011. 
  5. 5,0 5,1 Larkin, Colin. Virgin Encyclopedia of Popular Music (2002)
  6. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Canongate Books. 
  7. Frost, Deborah (29. oktober 1981). «Album Reviews: Journey – Escape». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. november 2007. Henta 10. juli 2013. 
  8. Rolling Stone Album Guide (2004)
  9. The Best AOR Albums Of All Time. Kerrang!. 29. oktober 1988. Archived at rocklistmusic.co.uk
  10. Elliott, Paul (20. august 2008). «Journey: a guide to their best (and worst) albums». Classic Rock. Louder. Henta 31. mai 2020. 
  11. «The 100 Greatest Heavy Metal Albums of All Time». Kerrang!. January 1989. Archived at rocklistmusic.co.uk. Henta 31. mai 2020.
  12. Heavy Metal/Alternative Rock – All Time Top 50. Virgin. 2000. Archived at rocklistmusic.co.uk. Henta 31. mai 2020.
  13. «The 100 Greatest Rock Albums of All Time». Classic Rock. Christmas 2001. Archived at acclaimedmusic. Henta 31. mai 2020.
  14. «The 200 Greatest Albums of the 80s». Classic Rock. 2006. Archived at acclaimedmusic. Henta 31. mai 2020.
  15. Guilty Pleasures!: Essential Playlist of the 115 Records it’s OK to Love. Q magazine. September 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk
  16. «Top Albums/CDs – Volume 35, No. 12, 17. oktober 1981». Library and Archives Canada. 17. oktober 1981. Arkivert frå originalen 22. februar 2015. Henta 31. mai 2020. 
  17. «Album – Journey, Escape». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 31. mai 2020. 
  18. 18,0 18,1 18,2 «Journey Official Charts». Official Charts Company. Henta 31. mai 2020. 
  19. «Journey – Escape (album)». charts.nz. Media Control Charts. Henta 31. mai 2020. 
  20. ジャーニー – クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på japansk). Oricon. Henta 17. februar 2013. 
  21. https://en.wikipedia.org/wiki/Who%27s_Crying_Now
  22. «Top Singles – Volume 35, No. 12, 17. oktober 1981». Library and Archives Canada. 17. oktober 1981. Arkivert frå originalen 22. februar 2015. Henta 31. mai 2020. 
  23. «Top Singles – Volume 35, No. 21, 19. desember 1981». Library and Archives Canada. 19. desember 1981. Arkivert frå originalen 22. februar 2015. Henta 31. mai 2020. 
  24. «Top Singles – Volume 36, No. 8, April 03 1982». Library and Archives Canada. 3. april 1982. Arkivert frå originalen 22. februar 2015. Henta 31. mai 2020. 
  25. «Journey – Open Arms (song)». charts.nz. Media Control Charts. Henta 31. mai 2020. 
  26. «Gold Platinum Search for Journey». Music Canada. Arkivert frå originalen 25. februar 2012. Henta 31. mai 2020.