Trial by Fire av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trial by Fire
Studioalbum av Journey
Utgjeve 22. oktober 1996
Innspelt Sommaren 1996
Studio Ocean Way Recording Studios, Hollywood, California,
The Site Studio and Wildhorse Studio, Marin County, California
Sjanger Rock
Lengd 71:14
Selskap Columbia
Produsent Kevin Shirley
Journey-kronologi
Raised on Radio
(1986)
Trial by Fire Arrival
(2001)


Singlar frå Trial by Fire
  1. «When You Love a Woman»
    Utgjeve: 10. juli 1996
  2. «Message of Love»
    Utgjeve: 1996
  3. «If He Should Break Your Heart»
    Utgjeve: 1996
  4. «Can't Tame the Lion»
    Utgjeve: 1997
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Trial by Fire er det tiande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Albumet kom ut 22. oktober 1996 og markerte ei sameining av den klassiske besetninga frå 1980-åra, som ikkje hadde spelt inn ei plate i lag sidan Frontiers i 1983. Trial by Fire vart produsert av Kevin Shirley, som seinare har produsert dei fleste albuma deira. Det var det første albumet med bassisten Ross Valory sidan Frontiers og det siste med vokalisten Steve Perry og trommeslagaren Steve Smith.

Trial by Fire inneheld topp 20-hitten og den Grammy-nominerte singelen «When You Love a Woman», som nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista.[2] «Message of Love», «Can't Tame the Lion» og «If He Should Break Your Heart» vart òg gjevne ut på singlar.

Albumet reflekterte ei aukande modenheit hos medlemmene av Journey og kunne laust reknast som eit konseptalbum med mange spor som gjenspeglar ein meir openlys spiritualitet i tekstane. Tittelsporet er for eksempel henta direkte frå Paulus 2. korintarbrev. [3]

Trial by Fire er det einaste Journey-albumet som ikkje vart etterfølgd av ein turné. Dette kom delvis over krangling over ein planlagd turné (meint for sommaren og hausten 1997) og ein hofteskade for Perry som måtte opererast. Perry slutta i bandet då han kjende seg pressa ut. Trommeslagaren Steve Smith slutta òg, sidan han meinte at bandet utan Perry ikkje interesserte han. Han kom attende til gruppa i 2015, men fekk sparken i 2020.

Den 9. november 1996 gjekk albumet inn på tredjeplassen på Billboard 200[4] og selde omsider til platinaplate i USA.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trial by Fire var det første studioalbumet til Journey på ti år, etter Raised on Radio i 1986. Bandet var oppløyst i mellomtida. Neal Schon og Jonathan Cain hadde skipa supergruppa Bad English og gjeve ut album i 1989 og 1991, medan songaren Steve Perry gav ut det andre soloalbumet sitt, For the Love of Strange Medicine (1994). Medan han var på ein soloturné i 1994, var det klart for Perry at han sakna å vere songaren i Journey meir enn han trudde han kom til å gjere.[6] Då A&R-sjefen John Kalodner i Columbia Records føreslo at bandet skulle kome saman att, byrja Cain, Perry og Schon å skrive musikk i lag. I følgje Perry ønskte dei «å sjå om me framleis hadde gnisten til å skrive igjen» i staden for å berre kome saman att for ein turné.[6] «Eg vart invitert - før invitasjonen vart rakst trekt attende» sa Gregg Rolie, som hadde slutta i 1980.[7]

Perry sa at bandet ikkje prøvde å finne opp seg sjølv på ny på albumet. «Ingenting høyrest meir pretensiøst ut enn nokon som prøver å vere noko dei ikkje er. Noko me alltid har visst er at det er visse musikalske retningar som passar kjemien vår. Me kjem til å søkkje eller symje med å vere det me er og ikkje prøve å fornye oss sjølv og prøve å bli månadens smak.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Message of Love»Perry, Schon, Cain, John Bettis5:34
2.«One More»Perry, Schon, Cain5:28
3.«When You Love a Woman»Perry, Cain, Schon4:07
4.«If He Should Break Your Heart»Perry, Cain, Schon4:23
5.«Forever in Blue»Perry, Cain, Schon3:35
6.«Castles Burning»Perry, Cain, Schon6:00
7.«Don't Be Down on Me Baby»Perry, Schon, Cain4:01
8.«Still She Cries»Perry, Schon, Cain5:04
9.«Colors of the Spirit»Perry, Cain, Schon, Bettis5:41
10.«When I Think of You»Perry, Cain4:21
11.«Easy to Fall»Perry, Schon, Cain5:15
12.«Can't Tame the Lion»Perry, Cain, Schon4:32
13.«It's Just the Rain»Perry, Cain5:19
14.«Trial by Fire»Perry, Schon, Cain4:41
15.«Baby I'm a Leavin' You» (Hidden track)Perry, Cain, Schon2:49
16.«I Can See It in Your Eyes» (Japansk bonusspor på original CD-utgåve, seinare lagt til 2006-utgåva)Perry, Schon, Cain4:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Journey

Andre medverkande

Production

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1996 Billboard 200 (USA)[4] 3
Oricon Den japanske albumlista[8] 6
RPM100 Albums (Canada)[9] 16
Den svenske albumlista[10] 24
Den tyske albumlista[11] 62
GfK Dutch Charts[12] 89

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Liste Plassering
1996 «Message of Love» Mainstream Rock (USA)[2] 18
RPM100 Hit Tracks (Canada)[13] 36
«When You Love a Woman» Billboard Hot 100 (USA)[2] 12
Top 40 Mainstream (USA)[2] 9
Adult Contemporary (USA)[2] 1
Adult Top 40 (USA)[2] 3
RPM100 Hit Tracks (Canada)[14] 3
1997 Top 40 Adult Recurrents (USA)[2] 2
«Can't Tame the Lion» Mainstream Rock (USA)[2] 33
RPM100 Hit Tracks (Canada)[15] 86
«If He Should Break Your Heart» Adult Contemporary (USA)[2] 21
RPM100 Hit Tracks (Canada)[16] 13

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1996 Platina (+ 1 000 000)[5]
Canada CRIA 1996 Gull (+ 50 000)[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DeGagne, Mike. «Journey Trial by Fire review». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Trial by Fire Billboard Singles». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  3. 2 Kor 4: 6,7
  4. 4,0 4,1 «Trial by Fire Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta on 1. juni 2020.
  6. 6,0 6,1 6,2 Newman, Melinda (5. oktober 1996). «Columbia's Journey Gets Warm Welcome At Radio». Billboard (Nielsen Business Media) 108 (40): 13, 113. ISSN 0006-2510. 
  7. Ling, Dave (August 2001). «A beginner's guide to Gregg Rolie». Classic Rock #30: 67. 
  8. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  9. «Top Albums/CDs - Volume 64, nr. 13, 11. november 1996». Library and Archives Canada. 11. november 1996. Henta 2. juni 2020. 
  10. «Journey – Trial by Fire (album)». Swedishcharts.com. Media Control Charts. Henta 2. juni 2020. 
  11. «Album – Journey, Trial by Fire». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 2. juni 2020. 
  12. «Album – Journey, Trial by Fire». GfK Dutch Charts (på Dutch). Media Control Charts. Henta 2. juni 2020. 
  13. «Top Singles - Volume 64, nr. 18, 16. desember 1996». Library and Archives Canada. 16. desember 1996. Henta 2. juni 2020. 
  14. «Top Singles - Volume 64, nr. 18, 16. desember 1996». Library and Archives Canada. 16. desember 1996. Henta 2. juni 2020. 
  15. «Top Singles - Volume 65, nr. 3, 24. mars 1997». Library and Archives Canada. 24. mars 1997. Henta 2. juni 2020. 
  16. «Top Singles - Volume 65, nr. 10, 12. mai 1997». Library and Archives Canada. 12. mai 1997. Henta 2. juni 2020. 
  17. «Gold Platinum Search for Journey». Music Canada. Arkivert frå originalen 2012-02-25. Henta 1. juni 2020.