Captured av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Captured
Konsertalbum av Journey
Utgjeve 30. januar 1981
Innspelt The Forum i Montreal i Canada den 8. august 1980,
Cobo Arena i Detroit 4. og 5. august 1980,
Koseinenkin Hall i Shinjyuku i Tokyo den 13. oktober 1980,
Fantasy Studios i Berkeley i California (studioinnspeling)
Sjanger Rock
Lengd 1:11:18
Selskap Columbia
Produsent Kevin Elson
Journey-kronologi
Dream, After Dream
(1980)
Captured Escape
(1981)


Singlar frå Captured
  1. «The Party's Over (Hopelessly in Love)»
    Utgjeve: Mars 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Captured er det første konsertalbumet til Journey. Det vart spelt inn under Departure-turneen deira og kom ut 30. januar 1981 på Columbia Records. Albumet nådde niandeplassen på Billboard 200-lista[2] og selte to millionar eksemplar.[3]

Spor 1 til 4 var henta frå konserten deira i The Forum i Montreal i Canada den 8. august 1980. Spor 5 & 6 var frå konserten deira mot slutten av turneen i Koseinenkin Hall i Shinjyuku i Tokyo i Japan den 13. oktober 1980 og spor 7 til 16 kom frå to konsertar i Cobo Hall i Detroit den 4. og 5. august 1980.[4] Songen «Dixie Highway» var ikkje tidlegare spelt inn for noko studioalbum av Journey. Til slutt på albumet vart det plassert eit studioopptak av songen «The Party's Over (Hopelessly in Love)», som kom ut på singel.

I notata i omslaget var albumet dedisert til AC/DC-songaren Bon Scott, som omkom i februar 1980.

Dette var det siste Journey-albumet med klaverspelaren og grunnleggjaren Gregg Rolie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Majestic» (førinnspelt instrumental)Neal Schon, Steve Perry0:41
2.«Where Were You»Perry, Schon3:22
3.«Just the Same Way»Gregg Rolie, Schon, Ross Valory3:37
4.«Line of Fire»Perry, Schon3:25
5.«Lights»Perry, Schon3:30
6.«Stay Awhile»Perry, Schon2:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Too Late»Perry, Schon3:44
8.«Dixie Highway»Perry, Schon6:51
9.«Feeling That Way»Perry, Rolie, Aynsley Dunbar3:14
10.«Anytime»Rolie, Roger Silver, Robert Fleischman, Schon, R. Valory4:27
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Do You Recall»Rolie, Perry3:26
12.«Walks Like a Lady» (inkl. gitarsolo av Neal Schon)Perry7:05
13.«Lă Do Dā» (inkl. trommesolo av Steve Smith)Perry, Schon7:02
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Lovin', Touchin', Squeezin'»Perry5:14
15.«Wheel in the Sky»Schon, Fleischman, Diane Valory5:03
16.«Any Way You Want It»Perry, Schon3:39
17.«The Party's Over (Hopelessly in Love)» (studioinnspeling)Perry3:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar
Andre medverkande
Produksjon
  • Kevin Elson - produsent, lydteknikar, miksing
  • Clifford Bonnell, Daniel Aumais, Guy Charbonneau, Akira Fukuda, Tom Suzuki - assisterande lydteknikarar
  • Wally Buck - assisterande lydteknikar for studioinnspeling
  • Bob Ludwig - mastering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1981 Billboard Top LPs & Tape (USA)[2] 9
RPM100 Albums (Canada)[5] 9
2006 Oricon Den japanske albumlista[6] 263

Singlar
År Tittel Liste Plassering
1981 «The Party's Over (Hopelessly in Love)» Mainstream Rock (USA)[7] 2
RPM100 Hit Tracks (Canada)[8] 33
Billboard Hot 100 (USA)[7] 34
«Dixie Highway» Mainstream Rock (USA)[7] 30

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1994 2× Platina (+ 2 000 000)[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kurutz, Steve. «Journey Captured review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Captured Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «RIAA – Searchable Database: Journey». Henta 31. januar 2020. 
  4. «Journey's Past Tour Information». The Journey Tribute Page. Henta 26. mai 2020. 
  5. «Top Albums/CDs - Volume 34, No. 22, May 09 1981». Library and Archives Canada. 9. mai 1981. Arkivert frå originalen 28. desember 2012. Henta 26. mai 2020. 
  6. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Captured Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020. 
  8. «Top Singles - Volume 34, No. 19, 18. april 1981». Library and Archives Canada. 18. april 1981. Arkivert frå originalen 28. desember 2012. Henta 26. mai 2020.