Flekkmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flekkmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig Flekkmarihand, på lynghei ved Lillesand
Flekkmarihand, på lynghei ved Lillesand

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. maculata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza maculata ssp. maculata
(Linné) Soó
Økologi
Habitat: skog, myr, fjell
Utbreiing: nord i Eurasia

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata) er ei fleirårig plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks i Europa, Vest-Asia og Nordvest-Afrika.[2] Planta blømer på forsommaren og til midtsommaren,[2] frå midten av mai til juli.[3]

Utsjånad og habitat[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon

Flekkmarihand vert 10–40 centimeter høg.[2] Planta har rotknoll, grann stengel og grøne blad, oftast med mørke flekkar. Kvar plante har to rotknollar, ein av dei innskrumpa og mørk på farge, som gjev årets plante næring, den andre fast og lysfarga, med opplagsnæring til neste vekstsesong.[4] Planta har ein sylindrisk eller svakt smalnande blomsterstand der det sit mellom 10 og 30 blomstrar.[2] Blomsteren er fiolett, frå bleik til kraftig farga.

Ho finst over heile Noreg, frå kysten til over tregrensa, mest på kalkfattig jord og helst i myr og på fuktig mark.[5]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Slektsnamnet «Dactylorhiza» er danna av dei grekse orda daktylos (δάκτυλος), 'finger', og ridza ( ρίζα), 'rot'. Det viser til rotknollane på desse plantene, som deler seg opp i fingerliknande mindre knollar. Artsnamnet «maculata» tyder 'flekkete', og viser til flekkane på blada. Det opphavlege artsnamnet føreslått av Linné i 1753 var Orchis maculata. Det blei endra til Dactylorhiza maculata etter forslag frå den ungarske botanikaren Károly Rezső Soó i 1962.

Namnet «flekkmarihand» vart tidlegare brukt om arten Dactylorhiza maculata, men ein har no gitt dette namnet til nominatunderarten ssp. maculata. Som ein konsekvens av at Artsdatabanken prinsipielt bruker separate namn på ulike taksonomiske nivå, har arten fått namnet bleikmarihand, eit namn som er lite innarbeidd.[6] Det kan vere vanskeleg å skilja flekkmarihand frå den andre underarten skogmarihand, og det finst òg mellomformer med andre planter i marihandslekta.

Flekkmarihand, som på Dei britiske øyane er rekna som ein art, er ut frå den britiske klassifiseringa delt inn i underartane D. maculata ssp. maculata og D. maculata ssp. ericetorum, der somme klassifiseringar reknar at båe er å finne i Storbritannia, medan andre fører alle til ericetorum.[7] I Irland er alle rekna å høyre til ssp. ericetorum.[8] I somme klassifiseringer er òg D. maculata ssp. elodes brukt om alle eller somme av populasjonane. Dessutan er planter frå øya Rùm i Hebridane òg skildra i somme kjelder som ein underart D. maculata ssp. rhoumensis.[9][10][11]

Både i Estland og i Litauen er flekkmarihand rekna som art og er delt inn i underartane D. maculata ssp. maculata og D. maculata ssp. elodes.[12][13][14]

I Nederland er flekkmarihand òg rekna som art med underartane D. maculata ssp. elodes, D. maculata ssp. ericetorum og D. maculata ssp. podesta.[15][16][17] Dei to første av desse er òg registrerte i Belgia.[18][19][20]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Norsk raudliste for artar (2021) er flekkmarihand vurdert som livskraftig (LC).[21]

Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn Jungfru Marie nycklar),[22] i Danmark (LC, dansk namn plettet gøgeurt),[23] på Færøyane (vanligt, færøysk namn tjaldursbørkubóndi)[24][25] og på Island (LC, islandsk namn brönugrös).[26][27] I Finland er flekkmarihand rekna som ein eigen art (LC, finsk namn maariankämmekkä).[28]

På Dei britiske øyane er flekkmarihand (engelsk namn heath spotted orchid) og underarten ssp. ericetorum rekna som livskraftige (LC) både i den britiske og den irske raudlistevurderinga,[7][8] på same måte som lokalt i England og Wales,[29][30] og dei er ikkje nemnde for tiltak i Skottland.[31] I den siste raudlistevurderinga (2021) er ssp. maculata/elodes og ssp. rhoumensis sett på venteliste (WL) i påvente av meir forsking.[7]

I Estland (estisk namn kuradi-sõrmkäpp) veks flekkmarihand spreidd over det meste av landet. Han er rekna som nær truga (NT).[32] I Latvia (latvisk namn plankumainā dzegužpirkstīte)[33] er arten vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista[34] I Litauen (litauisk namn dėmėtoji gegūnė) veks arten spreidd over det meste av landet, men er i tilbakegang og er rekna som sårbar (VU).[14][35]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn gevlekte orchis, fransk namn orchis tacheté) spreidd i det meste av landet i Nederland. I Flandern i Belgia er arten i tilbakegang og finst mest i aust, og i Vallonia er han mest vanleg i Ardennane.[36][37] I den nederlandske raudlista er arten rekna som nær truga (NT, gevoelig),[38] I Belgia er han rekna som sårbar (VU, kwetsbaar) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[39][20] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[40]

WFO – The World Flora Online reknar flekkmarihand som ein art med desse underartane:[41]

  • Dactylorhiza maculata subsp. maculata (L.) Soó – i det meste av utbreiingsområdet
  • Dactylorhiza maculata subsp. battandieri (Raynaud) H.Baumann & Künkele (1988) – Algerie
  • Dactylorhiza maculata subsp. caramulensis Verm. (1970) – Frankrike, Spania, Portugal
  • Dactylorhiza maculata subsp. elodes (Griseb.) Soó (1962) – mykje av Europa, frå Portugal og Island aust til europisk Russland
  • Dactylorhiza maculata subsp. ericetorum (E.F.Linton) P.F.Hunt & Summerh. (1965) – Dei britiske øyane, Sverige, Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia, Spania
  • Dactylorhiza maculata subsp. islandica (Á.Löve & D.Löve) Soó (1962) – Island
  • Dactylorhiza maculata subsp. podesta (Landwehr) Kreutz in C.A.J.Kreutz & H.Dekker (2000) – Nederland
  • Dactylorhiza maculata subsp. savogiensis (D.Tyteca & Gathoye) Kreutz (2004) – Frankrike, Spania, Italia
  • Dactylorhiza maculata subsp. schurii (Klinge) Soó (1967) – Romania, Ukraina
  • Dactylorhiza maculata subsp. transsilvanica (Schur) Soó (1962) – Ungarn, Bulgaria, Romania, tidlegare Jugoslavia, Ukraina, Tsjekkia

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Hybrid med purpurmarihand, D. maculata × D. purpurella

Flekkmarihand dannar ofte hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × maculata ssp. maculata eller Dactylorhiza maculata nothossp. transiens, alternativt Dactylorhiza ×transiens), og mellomformer er nokså vanlege.[42][43][44] Hybridar mellom underartane vil ha lett for å krysse seg attende med foreldreartane og slik skape hybridsvermar der det er særs vanskeleg å skilje mellom typane.[45][46][9]

Hybriden mellom flekkmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. maculata eller Dactylorhiza ×claudiopolitana nothossp. carnea)[47] er ikkje registrert i Noreg,[42] men han finst i Sverige,[48] Danmark[46] og Finland.[49] Han er òg registrert i Storbritannia og Irland, men er sjeldan.[9] I Nederland er denne hybriden (der kalla Dactylorhiza ×carnea) svært sjeldan.[50] I Sverige er det registrert hybridar med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata ssp. maculata).[51]

På Austlandet og sørvest til Vest-Agder er det funne hybridar med smalmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. sphagnicola eller Dactylorhiza ×senayi nothossp. wiefelspuetziana, alternativt Dactylorhiza ×wiefelspuetziana),[52][42] som òg er funne spreidd i Sverige[53] og i Danmark,[46] med eit einskild funn i Nederland.[54] Hybridar med lappmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. lapponica) veks spreidde stader i Noreg frå Hedmark og Oppland til Troms,[42] i nordlege Sverige[55] og i nordlege Finland.[56] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. purpurella eller Dactylorhiza ×formosa nothovar. formosa)[57] er i Noreg registrert i Rogaland og Sogn og Fjordane,[42] han finst òg i Danmark,[58][46] og på Dei britiske øyane er han rekna som den vanlegaste orkidéhybriden i den nordlege delen av Storbritannia og i Irland.[9]

Hybridar mellom flekkmarihand og nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×senayi nothossp. senayi)[59] er funne både i Sverige,[60] Danmark[46] og Nederland (der kalla Dactylorhiza maculata × majalis).[61] I Danmark er det òg registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. calcifugiens (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. calcifugiens).[46] På Dei britiske øyane er det registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. occidentalis) i Irland, Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. traunsteineroidis) i Yorkshire, Nordvest-Wales og Irland og Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. praetermissa) i det sørlege England.[9] Den siste er òg kjend frå Nederland (der som Dactylorhiza maculata × praetermissa eller Dactylorhiza ×hallii).[62]

Hybridar mellom båe underartane av bleikmarihand og smågrønkurle er funne fleire stader i Noreg.[42] Hybriden mellom flekkmarihand og smågrønkurle (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×conigera)[63] er òg funne både i Sverige[64] og på Dei britiske øyane.[9]

Flekkmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Gymnadenia conopsea). Han er funnen på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms[42] og spreidde stader i Sverige.[65] I Nederland (der som Dactylorhiza maculata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia legrandiana) er han truleg utdøydd.[66] På Dei britiske øyane finst det hybridar med grannbrudespore (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia evansii).[67][9]Orknøyane er det òg registrert ein intergenerisk hybrid med kvitkurle (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Pseudorchis albida eller ×Pseudorhiza bruniana).[68][9]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Flekkmarihand har namn etter Jomfru Maria, med andre norske variantar som jomfrumariakujura og jomfrumarias geitjur. Ein har også knytt planta til både Vårherre, Jesus og djevelen, som «vårherres hånd», «herrens hånd» og «jesuhånd», og «gammelerikklo», «djevelens klør» og «styggemannshand». Dei to rotknollane har gjeve opphav til samanlikning med jur, med namn som «kujurgras», «kujur» og «geitjur».[2]

Ein har også brukt planta til lækjing og magi. Ho skulle bidra til god helse og mykje mjølk hjå kyr. Ho skulle også fungera som afrodisiakum, og kunne brukast til å gjera nokon forelska ved å leggja henne under ei hovudpute.[2]

Flekkmarihand er ein vanleg blome på Hitra, og Hitra kommunestyre vedtok at han skulle vera kommuneblome i 1999. I 2021 vart blomen bekrefta som kommuneblome etter at kommunen vart utvida.[69]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar flekkmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Grindeland, John Magne (21. januar 2023). «flekkmarihånd». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Dactylorhiza maculata - Heath Spotted-orchid», www.first-nature.com, henta 19. mars 2023 
  4. Grindeland, John Magne (20. februar 2023). «marihånd». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. «Artskart: Flekkmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  6. «Artsdatabanken: Namnetre flekkmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  10. R.M. Bateman og I. Denholm (1988). «A reappraisal of the British and Irish dactylorchids, 3. The spotted-orchids». Watsonia 17: 319–349. 
  11. Richard Bateman (4. november 2021). «Challenges of applying monophyly in the phylogenetic shallows: taxonomic reappraisal of the Dactylorhiza maculata group». Kew Bulletin. ISSN 1874-933X. doi:10.1007/s12225-021-09971-2. 
  12. «eElurikkus: Dactylorhiza maculata subsp. maculata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  13. «eElurikkus: Dactylorhiza maculata subsp. elodes» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  14. 14,0 14,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 46-47. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  15. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata subsp. elodes». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  16. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata subsp. ericetorum». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  17. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata subsp. podesta». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  18. «Tengere heideorchis – Dactylorhiza maculata subsp. elodes». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  19. «Heideorchis – Dactylorhiza maculata subsp. ericetorum». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  20. 20,0 20,1 «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  21. «Raudlista: Flekkmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2022. 
  22. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  23. «Naturbasen: Plettet Gøgeurt Dactylorhiza maculata ssp. maculata». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  24. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  25. Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2. 
  26. «Brönugrös (Dactylorhiza maculata)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023. 
  27. «Dactylorhiza maculata». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022. 
  28. «LAJI: Dactylorhiza maculata». LAJI.FI. Henta 30. august 2023. 
  29. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  30. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  31. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  32. «eElurikkus: Dactylorhiza maculata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  33. «Latvijas daba: plankumainā dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023. 
  34. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 6. februar 2023. 
  35. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 399. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 6. februar 2023. 
  36. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  37. «Verspreidingskaart: Gevlekte orchis – Dactylorhiza maculata». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  38. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  39. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  40. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  41. «WFO Plant List | Dactylorhiza maculata», wfoplantlist.org, henta 31. august 2023 
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 42,4 42,5 42,6 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  43. «LAJI: Dactylorhiza fuchsii × maculata». LAJI.FI. Henta 30. august 2023. 
  44. «PoWO: Dactylorhiza maculata nothosubsp. transiens». Plants of the World Online. Henta 17. januar 2024. 
  45. Mikael Hedrén (2005). «Artbildning och släktskap inom orkidésläktet handnycklar Dactylorhiza» (PDF). Svensk Botanisk Tidsskrift 99 (2): 70–93. ISSN 0039-646X. 
  46. 46,0 46,1 46,2 46,3 46,4 46,5 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  47. «PoWO: Dactylorhiza × claudiopolitana nothosubsp. carnea». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  48. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × maculata subsp. maculata äkta ängsnycklar × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  49. «LAJI: Dactylorhiza incarnata × maculata, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 29. januar 2023. 
  50. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × carnea». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  51. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata subsp. maculata blodnycklar × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  52. «PoWO: Dactylorhiza × senayi nothosubsp. wiefelspuetziana». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  53. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × majalis subsp. sphagnicola Jungfru Marie nycklar × mossnycklar». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  54. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × wiefelspuetziana». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  55. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × majalis subsp. lapponica Jungfru Marie nycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  56. «LAJI: Dactylorhiza maculata × majalis, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 29. januar 2023. 
  57. «PoWO: Dactylorhiza × formosa nothovar. formosa». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  58. «Naturbasen: Plettet Gøgeurt x Purpur-Gøgeurt Dactylorhiza maculata ssp. maculata × D. majalis ssp. purpurella var. purpurella». Naturbasen. Henta 29. januar 2023. 
  59. «PoWO: Dactylorhiza × senayi nothosubsp. senayi». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  60. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × majalis subsp. majalis Jungfru Marie nycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  61. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata × majalis». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  62. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × hallii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  63. «PoWO: Dactylorhiza × conigera». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  64. «Artfakta: Coeloglossum viride × Dactylorhiza maculata subsp. maculata grönkulla × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  65. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × Gymnadenia conopsea Jungfru Marie nycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 29. januar 2023. 
  66. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia legrandiana». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  67. «PoWO: × Dactylodenia evansii». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  68. «PoWO: × Pseudorhiza bruniana». Plants of the World Online. Henta 29. januar 2023. 
  69. «Hitra-Frøya». Hitra. 16. november 2021. s. 4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dactylorhiza maculata