Brigaden i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Den norske brigaden i Skottland utgjorde hovuddelen av den norske hæren under andre verdskrigen. Han var på storleiken brigade og var for det meste forlagt til Dumfries i Skottland.[1]

1940: Norwegian Army Camp Dumfries[endre | endre wikiteksten]

Norske soldatar ombord på ein transportbåt ved Greenock i Skottland.

I august 1940 overtok Hærens overkommando kommandoen over Norwegian Army Camp, Dumfries, i Dumfries i Skottland. Leiren hadde starta i juni som Norwegian Reception Camp, Dumfries beståande av omkring 500 menn og kvinner, hovudsakleg utanlandsk-norske som hadde meldt seg frivillig til krigsteneste i Noreg under kampane våren 1940. Då Hærens overkommando overtok, var det 70 befal og omkring 760 meinige i leiren. Utover sumaren auka mengda til omkring 1500 sidan fleire nordmenn som var stranda i utlandet kom til. Nokon stor tilvekst vart det likevel ikkje, sidan mange søkte seg over eller vart overført til norsk og britisk marine, handelsmarine, flyvåpen eller spesialstyrkar (SOE).

Mannskapet i Dumfries var uniformert og hadde noko tyngre utstyr transportert over frå Noreg, mellom dei mitraljøser og artilleri. Væpning av den norske hæravdelinga hadde likevel på dette tidspunktet liten prioritet hjå britane. Utover hausten vart avdelinga tilført noko utstyr av vekslande kvalitet, for ein stor del overskotmateriell frå første verdskrigen.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Styrken i Dumfries var organisert som følgjer:

  • Ei øvingsavdeling
    • Stabskompani
    • 1. geværkompani
    • 2. geværkompani
    • 3. geværkompani
    • Mitraljøsekompani
    • Blanda kompani
      • Sykkelryttarar
      • Pionerar
      • Samband
    • Feltartilleribatteri.

I tillegg fanst det eit befalkurs, ei forsyningsavdeling og eit norsk sjukehus – Newlands Hospital. Deltakarar ved befalkurset fekk tilgang til alle kurs ved British Army Schools, men ikkje War Gas School.

Det norske kompani, Island[endre | endre wikiteksten]

Samstundes med at Hærens overkommando overtok i Dumfries, mottok dei melding om at norske frivillige på Island hadde organisert seg under leiing av løytnant Karl Hjelvik. I samråd med britiske styresmakter vart det bestemt at denne avdelinga skulle forsterkast med personell frå Dumfries, og setjast opp som eit skiløperkompani i den norske hæren under namnet Det norske kompani, Island.

Den norske hæren i skotsk lokalforsvar[endre | endre wikiteksten]

Norsk soldat med mitraljøse i Coatbridge

I desember 1940 godkjende War Office den norske styrken som stridsklar. Utover hausten hadde Glasgow vorte utsett for valdsame luftangrep, og det var allmenn frykt for ein tysk invasjon. Alle militære avdelingar i området var i alarmberedskap. To kompani frå Den norske brigaden vart forlagt til Coatbridge, medan eit kompani vart sett opp som nærforsvar på Heath Hall flyplass.

1941: Brigaden vert oppretta[endre | endre wikiteksten]

Verneplikt for nordmenn i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

General Carl Gustav Fleischer hadde heila sidan han 19. juni 1940 vart utnemnd til sjef for Hærens overkommando, pressa på eksil-regjeringa for å få sett i verk utskrivning av alle nordmenn i vernepliktig alder på Dei britiske øyane. Den 22. august 1940 vedtok så Storbritannia Allied Forces Act, som gav allierte statars styresmakter til å utøva militær makt på britisk territorium. Etter lang tids nøling vedtok eksil-regjeringa den 13. desember ein provisorisk forordning om utskriving av alle mannlege norske borgarar frå 18 til 55 år til teneste i dei væpna styrkane. Den 31. januar 1941 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å innkalla dei årsklassene som ville fylla 19 år i 1941 og 1942.

Den norske brigaden[endre | endre wikiteksten]

Den 3. mars gav Hærens overkommando ordre om at at den norske hærstyrken i Skottland skulle organiserast som ein brigade. Den 15. mars vart så Den norske Brigaden oppretta, med oberst Oscar Sigvald Strugstad som sjef.

Jan Mayen-garnisonen[endre | endre wikiteksten]

I mars 1941 vart ein garnison beståande av 11 mann frå kompaniet på Island landsett på Jan Mayen, der ein meteorologisk stasjon og ein radiostasjon vart oppretta. Værtenesta på Jan Mayen var gjennom krigen av stor betyding for dei allierte konvoiane og flåteoperasjonane. Garnisonen vart regelmessig utsett for luftangrep, men leid ingen tap. Ein tysk operasjon for å okkupera Jan Mayen var planlagd, men vart skrinlagt i 1942.

Eit fjerde geværkompani vert oppretta[endre | endre wikiteksten]

Våren 1941 vart eit fjerde geværkompani sett opp, hovudsakleg med frivillige som hadde kome over til Storbritannia saman med styrkane som returnerte frå Lofotraidet. Feltbatteriet var no plassert i 127. Field Regiment, Royal Artillery i Insch, nordvest for Aberdeen. Dei fire geværkompania roterte for trening og innføring i britiske system hjå eit skotsk infanteriregiment, The Cameronians.

Militæravtalen med Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Den 28. mai 1941 underteikna den norske eksil-regjeringa ei omfattande militæravtale, Armed Forces Agreement, med britane. Avtalen definerte plassen til nordmennene i den allierte kommandostrukturen og anerkjende deira status som suverene nasjonale einingar tilhøyrande Kongeriket Noreg i allianse med UK (United Kingdom)». Andsynes landstridkreftane vart det fastslege at Norske avdelingar og formasjonar skal kommanderast av norske offiserar. Britisk organisasjon skal nyttast, men norske regimentsfargar, merker og gradsdistinksjonane til alle i den norske hær skal haldast på. Arbeidsoppgåvene til brigaden vart no uttrykkeleg spesifisert som forsvar av Storbritannia og frigjering av Noreg. Den 12. juni underteikna eksil-regjeringa "Inter-Allied Declaration". Dermed var «nøytralitetslinja», som særleg utanriksminister Koht hadde freista å føra sjølv i eksil, gravlagt for godt.

Brigaden i invasjonsforsvar[endre | endre wikiteksten]

Den 10. juli 1941 vart dei fire geværkompania, mitraljøsekompaniet og pionertroppen flytta til Tain i Ross & Cromarty, der dei fekk ansvaret for invasjonsforsvar av eit større områ.

I oktober vart den operative delen av brigaden flytta frå Tain til Banffshire og Aberdeenshire, og fekk ansvaret for invasjonsforsvar av Aberdeenhalvøya. Området vart verdsett som særleg utsett for landsetting av luftbårne styrkar, og ein stor del av oppgåvene til troppane vart dermed bygging av forsvarsverk.

Evakueringen av Svalbard[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1941 vart Svalbard evakuert etter avtale mellom Storbritannia, Sovjetunionen og Noreg. Ein tropp frå 2. kompani deltok ved evakueringen, som likevel føregjekk utan nokon kontakt med fienden. 349 av dei evakuerte nordmennene vart innrullert i brigaden.

Garnisonen på Sør-Georgia[endre | endre wikiteksten]

Same månad segla 14 mann frå feltbatteriet til Sør-Georgia, der nordmennene etter anmoding frå War Office avløyste ein britisk vaktstyrke. Britane frykta på dette tidspunktet at tyskarane ville okkupera øya for å etablera ein flåtebase. Mannskapa var handplukka, ein stor del av dem var tidlegare kystartilleristar og/eller kvalfangarar som kjende området frå tidlegare.

Instruksjon av allierte ved Islands-kompaniet[endre | endre wikiteksten]

Òg i oktober vart det ved Islands-kompaniet starta instruksjon i skiløping og vinterkrigføring for allierte troppar. Mellom 1941 og 1944 fekk omkring 1000 britiske og 3000 amerikanske soldatar opplæring ved kompaniet.

1942: Omorganisering[endre | endre wikiteksten]

Forsvarets overkommando vert oppretta[endre | endre wikiteksten]

6. februar 1942 vart Forsvarets overkommando oppretta. Generalmajor Wilhelm von Tangen Hansteen vart forsvarssjef, medan generalmajor Johan Beichmann vart sjef for Overkommandoen til Hærens overkommando. General Fleischer vart beordra som sjef for dei norske styrkane i Canada, der han begjekk sjølvmord den 19. desember 1942.

Brigaden vert atter omorganisert[endre | endre wikiteksten]

Dei fire geværkompania vart omorganisert som bergkompani, bemanninga auka til 260 mann og eldkrafta betydeleg auka. Føremålet var å gjera kompania betre eigna til å støtta allierte styrkar under kamp i Noreg, og dessutan å setja dei istand til å operera på eiga hand. Det vart òg oppretta eit fallskjermkompani. I underkant av 100 frivillige var allereie opplærd og kvalifisert ved British Army Parachute School. Føremålet til brigaden var deretter

  • 1) å assistera allierte styrkar ved ei militær frigjering av Noreg,
  • 2) å etablera militær administrasjon i frigjorde område.

I april overtok brigaden igjen ansvaret for Ross & Cromarty. Brigaden byrja no trening med Scottish 52nd Mountain (Lowland) Division, som på dette tidspunktet var øyremerkt for innsats i Noreg. Norske liaisonoffiserar vart permanent utplassert til divisjonen.

Svalbardgarnisonen[endre | endre wikiteksten]

I slutten av april avga brigaden personell, dei fleste av dei tidlegare evakuerte frå Svalbard, til Sjøforsvarets overkommando. Desse soldatane vart grunnstammen i operasjon Fritham, ein 82 mann stor styrke under oberstløytnant Einar Sverdrup som skulle ta kontroll over gruvene på Svalbard. Den 30. april segla dei frå Greenock ombord DS «Selis» og «Isbjørn». Den 14. mai vart fartøya angripne av tyske fly i isen utanfor Barentsburg. Begge skipa vart senka og 12 mann omkom, inkludert Sverdrup. Dei overlevande greidde med fleire såra å ta seg over isen til Barentsburg, der dei overlevde isolert og under stadige luftangrep inntil dei vart berga av operasjon Gearbox den 2. juli. Svaldbardgarnisonen talte etterkvart inntil 172 mann, og vart forsterka med luftvern og kystartilleri for å kunna stå i mot dei stadige angrepa frå tyske fly og ubåtar.

Norske kystartilleristar i Skottland[endre | endre wikiteksten]

I juni 1942 avga brigaden 27 mann til Sjøforsvarets overkommando for trening som kystartilleristar. Det vart på dette tidspunktet anteke at det kunne verta behov for kystartilleri til forsvar av frigjorde område av Noreg. Styrken i kystartilleriet vart fram til våren 1945 bygd opp til over 600 mann, og bemanna etterkvart to stridklare kystartillerifort, Fort Nigg og Fort South Sutor, på nord- og sør-sida av Cromarty Firth. Dei to forta sorterte under 501 Coast Regiment i den britiske hæren.

I 1944 vart kystartilleristane tilbakeført til hæren for å betra koordineringen med det britiske kystartilleriet, som sorterte under hæren. I 1945 vart kystartilleristane konvertert til to luftvernsbatteri, med oppdrag å verna den norske marinen under eventuelle operasjonar i Noreg.

Norsk kvinnekorps, hæren[endre | endre wikiteksten]

I juli 1942 vart mobiliseringsordren utvida til òg å omfatta kvinner. Både hæren, marinen og flyvåpena oppretta eigne kvinnekorps. Kvinner innrullert i hæren vart organisert i Norsk kvinnekorps, hæren. På det meste tjenestegjorde det her 466 kvinner, inkludert autoriserte sjukepleiarar. Dei fleste av desse var i teneste ved brigaden i Skottland.

No. 5 Troop 10 Interallied Commando[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1942 vart det vedteke å la mannskap frå 4. bergkompani, saman med frivillige frå dei øvrige kompania, danna basis for ein tropp i 10 Interallied Commando. 4. bergkompani vart etter detta oppløyst.

No. 5 Troop 10 Interallied Commando stod under Britisk kommando, men troppen var framleis ein del av den norske hæren og nytta norsk uniform. Troppen kom i kamp både ved deltaking i raid på norskekysten og frå november 1944 på kontinentet, der den mellom anna deltok i angrepet på Walcheren. Den vart tilbakekalt i februar 1945.

Den endelege organisasjonen til brigaden[endre | endre wikiteksten]

Brigaden var frå då av organisert slik:

  • Brigadekommando
  • 1. bergkompani
  • 2. bergkompani
  • 3. bergkompani
  • Fallskjermkompaniet
  • Feltartilleribatteriet
  • Carriertropp / Motorisert oppklaringseskadron
  • MP-tropp
  • Skule- og Øvingsavdeling

Carriertroppen var ein mindre oppklaringseining, sett opp med opne, beltedrevne køyretøy bevæpna med brengun. Etter innsats på Svalbard i 1943 vart troppen nedlagt. Frå hausten 1944 vart det oppretta ein motorisert oppklaringseskadron, sett opp med lette og tunge panservogner og 6-pundkanonane.

1943: Svalbard-garnisonen i kamp og invasjonsførebuingar[endre | endre wikiteksten]

8. september 1943 vart Svalbard raida av «Scharnhorst» og «Tirpitz» med eskortefartøy. Ein langangsstyrke på omkring 600 mann øydela bygningar og utstyr i Longyearbyen og Barentsburg, og den norske garnisonen vart mellombels tvinga til å trekkja seg attende opp i fjella. Garnisonen hadde 7 falne og 41 tilfangetakne. Omkring 45 tyskarar omkom i kampane.

I november 1943 vart brigaden flytta til Stirling-området. Treninga vart ytterlegare intensivert, og dei fleste mannskapa vart køyrt gjennom svært realistiske Shock Assault Courses der det vart brukt skarp ammunisjon. I januar 1944 overtok oberst Gunnar Just som brigadesjef.

1944: Strid om rolla til brigaden ved frigjeringa[endre | endre wikiteksten]

Brigaden var no for første gong fulltalig som «redusert brigade» med omkring 2500 mann. Den 16. mai 1944 underteikna regjeringa separate avtalar med Storbritannia, USA og Sovjetunionen andsynes frigjeringa av Noreg. Avtalene stadfesta at frigjorde område umiddelbar skulle koma under direkte kontroll og administrasjon av den norske regjeringa, med unntak for situasjonar under militære operasjonar mot fienden. Verdien av brigaden som instrument for å administrera frigjorde norske område vart dermed stadfesta.

Sommaren 1944 deltok brigaden i realistiske landgangsøvingar saman med 52nd Division. Men då divisjonen i august vart flytt til eit oppmarsjområde i Sør-England, vart den norske brigaden overført til reserven. Dette førte til mykje forbitrelse blant mannskapa. Det vart sendt fleire henvendelser til regjeringa med krav om at brigaden måtte setjast inn i kamp i Frankrike. Ein vald representant for mannskapa vart send for å snakka direkte med kong Haakon. Sjefen for dHærens Overkommando, general Beichmann, henvende seg til Forsvarsdepartementet med sterke argument for å senda brigaden i kamp saman med 52nd Division. Regjeringa var likevel fast avgjort på at brigaden måtte haldast i reserve for eventuell innsats i Noreg.

Liaison-offiserane vart likevel verande på sina postar i dei britiske avdelingane. Disse tjenestegjorde som britisk befal under stridhandlingane på kontinentet.

1944-1945: Avgrensa operasjonar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Andre bergkompani i Finnmark[endre | endre wikiteksten]

Middag i Kirkenes i juli 1945. Sovjetiske troppar var gruppert i Aust-Finnmark frå oktober 1944 til 25. september 1945. Bak frå høgre oberst Åre Dagfin Dahl, kronprins Olav og øvstkommanderande for sovjetiske styrkar i Aust-Finnmark generalløytnant Sherbakov.

I oktober 1944 vart 208 mann frå 2. bergkompani sendt til Murmansk for attachering til 114. infanteridivisjon i Sovjetunionen. Forsvarets Overkommando hadde ynskt å senda ein større styrke, men transport av dei norske soldatane og deira utstyr vart ikkje prioritert av dei allierte. Etter ein del diplomatiske forviklinger vart det semje om å senda ein "symbolsk styrke" på 230, som pga kapasitetsproblem seinare vart redusert til 208 og kom Murmansk utan køyretøy og hestar. Mellom den 9. til 11. november kryssa dei norske soldatane grensa inn i Sør-Varanger og vart forlagt til Kirkenes. Thor Heyerdahl deltok i denne styrken og han hadde blant anna som oppgåve å setja opp radiosamband med London.[2]

Den 24. november vart bergkompaniet sendt til fronten. Deira oppdrag var å rekognosera mot dei tyske styrkane som var under tilbaketrekning, ta og forhøyra fangar og angripa den tyske baktroppen. Kompaniet opererte i tida november – februar uavhengig og spreitt over eit stort område, under arktiske tilhøve og i stadig kontakt med fienden. Dei mista fire mann.

Den 6. februar 1945 vart 2. bergkompani i Finnmark de-attachert frå dei Sovjetiske styrkane og overført til Distriktskommando Finnmark under oberst Åre Dagfin Dahl. Dei vart no forsterka med 1300 mann frå dei norske politityrkane i Sverige og norske kompani som var sett opp i dei frigjorde områda. Ein ny bataljon vart sett opp, beståande av mannskap frå 2. bergkompani, 1. og 2. rikspolitikompani, 2. kompani av Varanger bataljon og frivillige frå Alta bataljon.

Bergkompaniet var den einaste norske hærstyrken som deltok i frigjeringa av landet frå okkupanten.[3]

Fallskjermkompaniet i Nord-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Den 24. mars 1945 vart 12 mann frå fallskjermkompaniet luftlanda over Nord-Trøndelag for å utføra sabotasje mot Nordlandbanen, for å forseinka overføringa av tyske styrkar nordfrå til kontinentet. Operasjonen var planlagd som fortropp for innsetting av ein heil tropp fallskjermsoldatar, men den andre gruppa kom aldri avgarde fordi krigen på kontinentet på dette tidspunktet slukte all luftransportkapasitet.

1945: Attende til Noreg og demobilisering[endre | endre wikiteksten]

Den første eininga frå brigaden som vende attende til Noreg etter frigjeringa var Fallskjermkompaniet, som kom til Oslo 10. mai. Deretter følgde den motoriserte oppklaringseskadronen 17. mai. Resten av brigaden følgde ved månadsskiftet, og vart stasjonert i Bardufoss, Bodø, Drag, Fauske, Lødingen, Mosjøen, Skibotn, Svolvær og Tromsø. Oppgåvene var hovudsakleg avvæpning av tyske soldatar, forpleining og heimsending av eks-tyske krigsfangar, minerydding og diverse sivile oppgåver ifm. gjenoppbygging av den øydelagde infrastrukturen.

Brigaden vart demobilisert i oktober 1945.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Erling Fagerheim – offiser og feltprest ved Garnisonen på Svalbard og 2. Bergkompani

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. I norsk militærtjeneste i Skottland, Avtrykk.no, 09.04.2019
  2. Heyerdahl, Thor og Christopher Ralling: Thor Heyerdahl. Eventyret og livsverket. Oslo: Gyldendal, 1989.
  3. Det glemte kompani. 2.Bergkompani og frigjøringen av Finnmark. Utgitt av Krigsinvalideforbundet, Oslo, 1983.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]