Catfish Rising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Catfish Rising
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 10. september 1991 (USA)
23. september 1991 (Storbritannia)
Innspelt Tidleg 1991
Sjanger Progressiv rock, hardrock, bluesrock
Lengd 42:49 (vinyl)
60:24 (CD)
Selskap Chrysalis
Produsent Jethro Tull
Jethro Tull-kronologi
Live at Hammersmith '84
(1990)
Catfish Rising A Little Light Music
(1992)


Singlar frå Catfish Rising
  1. «Rocks on the Road»
    Utgjeve: 1991
  2. «This Is Not Love»
    Utgjeve: 1991
  3. «Still Loving You Tonight»
    Utgjeve: 1991
  4. «Doctor to My Disease»
    Utgjeve: 1991
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Catfish Rising er det 18. studioalbumet av det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i september 1991. Det vart det første Tull-albumet med klaverspelar Andrew Giddings, men det var òg to andre klaverspelarar som spelte på albumet, John Bundrick og Foss Paterson. Matt Pegg tok over på bass for faren Dave Pegg, då han var oppteken med Fairport Convention.

På dette albumet går bandet meir attende til røtene enn dei hadde gjort tidlegare, og albumet er det mest bluesprega dei hadde gjeve ut sidan debutalbumet This Was i 1968. Allmusic kalla albumet det beste bandet hadde gjeve ut sidan 1970-åra.[1]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

I desember 1990, tre månader etter Rock Island-turneen var over, gjekk Tull i studio for å spele inn nye songar. Anderson hadde arbeidd med fleire akustiske songar, basert på mandolin, akustisk og elektrisk gitar, i staden for keyboard, som hadde dominert Rock Island og Crest of a Knave. Anderson sa: «Det som interesserer meg meir no er å gå attende til musikken som veks på trer - instrument som du faktisk må spele, i motsetnad til å sitje seg ned og lese ein 200 sider lang manual for å kunne spele noko.» [2]

Anderson skildra òg musikken på albumet: «Nei, dette var ikkje ein 1990-oppgradering av This Was. Eg elskar å lage akustisk musikk som sparkar litt frå, og det var det eg prøvde å gjere på Catfish. Å lage grunnleggjande akustiske songar, men litt meir aggressive og pågåande. Dei fleste songane vart skrivne med ein open stemt mandolin, så dei har derfor ei blueskjensle, men dei er likevel ikkje the blues. Eg har dei ideane og kjenslene og prøvd å ta dei ein annan stad både musikalsk og tekstmessig. Eg har gjort det mindre Louisiana og litt meir Surrey!»[2] Det er likevel opplagte bluessongar på albumet, som «Sleeping With The Dog» og «Still Loving You Tonight». I tillegg syner albumtittellen «Catfish Rising» til eit bilete av steinbit eller malle som mange svarte, amerikanske bluessongarar, som Muddy Waters, brukte.[2]

I tillegg til dei tretten songane å albumet, vart ytterlegare fem spelte inn: «Night in the Wilderness», som kom ut på singelen «This Is Not Love» og «Truck Stop Runner», «Rosa On the Factory Floor», «Piece of Cake», «Silver River Turning», som alle kom ut på samlealbumet Nightcap i 1993.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Vinylutgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson

Side ein
# Tittel Lengd
1. «This Is Not Love»   3:56
2. «Occasional Demons»   3:48
3. «Rocks on the Road»   5:30
4. «Thinking Round Corners»   3:31
5. «Still Loving You Tonight»   4:30
Side to
# Tittel Lengd
1. «Doctor to My Disease»   4:34
2. «Like a Tall Thin Girl»   3:36
3. «Sparrow on the Schoolyard Wall»   5:21
4. «Roll Yer Own»   4:25
5. «Gold-Tipped Boots, Black Jacket and Tie»   3:38
Bonusplate, side ein
# Tittel Lengd
1. «When Jesus Came to Play»   5:04
2. «Sleeping with the Dog»   4:25
Bonusplate, side to
# Tittel Lengd
1. «White Innocence»   7:43

CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «This Is Not Love»   3:57
2. «Occasional Demons»   3:49
3. «Roll Yer Own»   4:26
4. «Rocks on the Road»   5:32
5. «Sparrow on the Schoolyard Wall»   5:22
6. «Thinking Round Corners»   3:32
7. «Still Loving You Tonight»   4:32
8. «Doctor to My Disease»   4:35
9. «Like a Tall Thin Girl»   3:38
10. «White Innocence»   7:44
11. «Sleeping with the Dog»   4:26
12. «Gold-Tipped Boots, Black Jacket and Tie»   3:41
13. «When Jesus Came to Play»   5:05
Bonusspor på 2006-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Night in the Wilderness»   4:06
15. «Jump Start» (konsertopptak frå Tower Theatre i Philadelphia, 25. november 1997) 7:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Anderson - vokal, akustisk & elektrisk gitar, akustisk & elektrisk mandolin, fløyte, perkusjon, tangentinstrument, trommer
  • Martin Barre - elektrisk gitar
  • Dave Pegg - elektrisk & akustisk bassgitar
  • Doane Perry - trommer

Andre medverkande:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. Catfish RisingAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Catfish Rising på Cup of Wonder