Hopp til innhald

Dee Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dee Palmer
Fødd2. juli 1937
FødestadLondon
Død13. juni 2026 (88 år)
DødsstadShropshire
FødenamnDavid Palmer
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
Sjangerrock
Instrumenttangentfjøl, klarinett
Tilknytte artistarJethro Tull
PlateselskapChrysalis
Verka somArrangør, klaverspelar

Dee Palmer (2. juli 1937–13. juni 2026), opphavleg David Palmer,[1] var ein engelsk komponist, musikalsk arrangør,[2] og klaverspelar som er mest kjend for å ha vert medlem av rockegruppa Jethro Tull.[3]

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Palmer studerte komponering ved Royal Academy of Music[4] med Richard Rodney Bennett. Ho vart Fellow of The Royal Academy of Music i 1994.[5]

Jethro Tull og andre verk

[endre | endre wikiteksten]

I den tidlege karrieren sin som arrangør og dirigent medverka Palmer på det første albumprosjektet sitt, Nicola, i 1967 med Bert Jansch. Palmer vart så vist til Terry Ellis, manageren for Jethro Tull på den tida, som spelte inn det første albumet sitt i Sound Techniques Studio i Chelsea i London. På kort varsel laga Palmer eit arrangement for blåsarar og strykarar på Mick Abrahams-songen «Move on Alone» frå albumet This Was. Dette arbeidet knytte henne til bandet[6] og skreiv så arrangementet for strykekvartetten på «A Christmas Song». Palmer arrangerte strykarar, blåsarar for Jethro Tull-songar seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra, før ho formelt vart medlem av gruppa i 1976 der ho spelte klaverinstrument. I 1980 ønskte frontmannen Ian Anderson å gje ut albumet A med andre musikarar som eit soloprosjekt (under namnet «Ian Anderson»), men vart overtalt av plateselskapet til å gje det ut som «Jethro Tull». Det førte til at alle medlemmane i gruppa, inkludert Palmer, og utanom gitaristen Martin Barre og Anderson sjølv, forlét bandet. Palmer danna gruppa Tallis i lag med tidlegare Jethro Tull-pianist og organist John Evan. Den nye gruppa selde ikkje dårleg, og Palmer gjekk attende til å lage filmmusikk og arbeide i studio.

Frå byrjinga av 1980-åra produserte Palmer fleire album med orkesterarrangement av musikk av forskjellige rockegrupper, som Jethro Tull, Pink Floyd, Genesis, Yes, The Beatles og Queen.[7]

I 1990-åra produserte hao albumet Norske Popklassikere med London Symphony Orchestra med arrangement av norske rock- og popklassikarar. Dette albumet selde til gullplate i Noreg.

Kjønnsskifte

[endre | endre wikiteksten]

I 2003 fortalde Palmer om kjønnsendringa si frå mann til kvinne, og om det nye førenamnet sitt Dee. Palmer var fødd tvikjønna, men vart rekna som gut frå fødselen. Ho gjekk gjennom fleire operasjonar, dei siste seint i 20-åra. Palmer sa at identitetsforvirringa hadde vore ein del av livet sidan ho var ung, men tredde fram att etter at kona Maggie døydde i 1995.[8][9][10]

Jethro Tull-diskografi med Palmer

[endre | endre wikiteksten]

Orkesterarrangement for:

Som fulltidsmedlem:

Symfoniske arrangement

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «For The Record: Quick News». MTV. 23 januar 2004. Henta 15. september 2012.
  2. ↑ Nollen, Scott Allen (2002). Jethro Tull: A History of the Band, 1968-2001. McFarland. s. 185–. ISBN 978-0-7864-1101-6. Henta 15. september 2012.
  3. ↑ Buckley, Peter (2003-11-01). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 551–. ISBN 978-1-84353-105-0. Henta 15. september 2012.
  4. ↑ Harper, Colin; Marr, Johnny (2006-08-21). Dazzling Stranger. Bloomsbury Publishing. s. 210–. ISBN 978-0-7475-8725-5. Henta 15. september 2012.
  5. ↑ «Fellow of the Royal Academy of Music (FRAM)». Royal Academy of Music. Henta 15. september 2012.
  6. ↑ Eder, Bruce. «David Palmer». VH1. Arkivert frå originalen 2011-03-31. Henta 15. september 2012. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. ↑ Thompson, Dave (2004-11-01). Turn it on Again: Peter Gabriel, Phil Collins & Genesis. Hal Leonard Corporation. s. 260–. ISBN 9780879308100. Henta 15. september 2012.
  8. ↑ «Dee Palmer Interview with David Rees». Official Jethro Tull website. 29. juni 2004. Arkivert frå originalen 2012-03-30. Henta 15. september 2012. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  9. ↑ Out. Here Publishing. 2004-12. s. 113–. Henta 15. september 2012. {{cite book}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  10. ↑ Wright, Jeb (October 2004). «Dee Palmer Interview». Classic Rock Revisited. Arkivert frå originalen 2005-02-04. Henta 15. september 2012. {{cite news}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]