A av Jethro Tull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 29. august 1980 (Storbritannia)
1. september 1980 (USA)
Innspelt 1980
Studio Maison Rouge Mobile og Maison Rouge Studios i Fulham i London (Storbritannia)
Sjanger
Lengd 42:30
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson,
Robin Black
Jethro Tull-kronologi 
Stormwatch
(1979)
A The Broadsword and the Beast
(1982)


Singlar frå A
  1. «Fylingdale Flyer»
    Utgjeve: 1980
  2. «Working John, Working Joe»
    Utgjeve: 1980
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

A er det 13. studioalbumet til Jethro Tull. Det kom ut 29. august 1980 i Storbritannia og 1. september i USA. Albumet vart spelt inn sommaren 1980 med hjelp av Maison Rouge Mobile og Maison Rouge Studios i Fulham i London. Eddie Jobson var gjesteartist på albumet og spelte tangentinstrument og elektrisk fiolin. Albumet var produsert av Ian Anderson og Robin Black.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

A vart innspelt med tanke på å gje det ut som eit soloalbum for Ian Anderson før plateselskapet til Tull, Chrysalis, bad om at det skulle verte gjeve ut som Jethro Tull for å selje fleire plater. Dette er årsaka til tittelen, sidan lydbanda vart merkte med «A» for «Anderson». Albumet har ein langt meir synthesizer-basert stil, noko mange tilhengjarar mislikte då det kom ut. Det er framleis enkelte folkemusikk-aktige stykke som «The Pine Marten's Jig».

Før innspelinga av A vart det gjort dramatiske endringar i besetninga til Tull frå det førre albumet Stormwatch. Tidlegare klaverspelar John Evan og organist David Palmer fekk i røynda sparken frå gruppa og tidlegare bassist John Glascock døydde under innspelinga av Stormwatch, noko som fekk trommeslagar Barriemore Barlow til å forlate bandet i depresjon. Dei einaste Tull-medlemmane som var att frå Stormwatch var Ian Anderson og Martin Barre. Bassisten Dave Pegg, som spelte på turneen etter Stormwatch, er òg med på A. Anderson hadde i følgje biografen David Rees ikkje planar om å byte ut heile besetninga, sidan A var meint som eit soloalbum, men vart tvungen av Chrysalis Records.[2] Anderson har derimot òg sagt at han ønskte å ta bandet i ei anna retning bort frå folkrock og progressiv rock.[3]

Barriemore Barlow var misnøgd med retninga bandet tok og sa seinare at han hadde kome til å slutte uansett.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Crossfire»3:55
2.«Fylingdale Flyer»4:35
3.«Working John, Working Joe»5:04
4.«Black Sunday»6:35
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Protect and Survive»3:36
2.«Batteries Not Included»3:52
3.«Uniform»3:34
4.«4.W.D (Low Ratio)»3:42
5.«The Pine Marten's Jig» (instrumental)3:28
6.«And Further On»4:21

Dobbeltdiskutgåva frå 2004 inneheld Slipstream som ein bonus-DVD.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande
Teknisk
  • Robin Black – lydteknikar
  • John Shaw – fotografi
  • Peter Wagg – kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. A review allmusic.com. Henta 20. juni 2011.
  2. «A New Day Yesterday: The 25th Anniversary Collection, 1969–1994».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]