J-Tull Dot Com

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
J-Tull Dot Com
Studioalbum av Jethro Tull
Sjanger Hardrock, progressiv rock, verdsmusikk
Lengd 54:20
Selskap Varèse Sarabande
Produsent Ian Anderson
Kritikk
Jethro Tull-kronologi
Through the Years
(1998)
J-Tull Dot Com Live at the House of Blues
(1999)


J-Tull Dot Com er det 20. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1999. J-Tull Dot Com kom ut fire år etter det førre albumet, Roots to Branches, og held fram i same spor med å blande hardrock og kunstrock med austleg musikk. Det er òg det siste albumet med Andrew Giddings på tangentinstrument og det einaste albumet med Jonathan Noyce på bass, sjølv om begge var med i bandet fram til 2007.

Songane på albumet var påverka av at bandet gjennom tiår hadde spelt over heile verda. I songar som «Hot Mango Flush» måler Anderson levande bilete av gatebilete frå den tredje verda. Somme songar omhandlar òg at Anderson innser at han er i ferd med å verte gammal, som «Wicked Windows» som er ei fundering om lesebriller.

Namnet på albumet er adressa til den offisielle nettstaden til bandet.

Per september 2012 er dette det siste studioalbumet deira med berre originale songar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson, bortsett frå der anna er nemnd. 

# Tittel Lengd
1. «Spiral»   3:50
2. «Dot Com»   4:25
3. «AWOL»   5:19
4. «Nothing @ All» (Andrew Giddings) 0:56
5. «Wicked Windows»   4:40
6. «Hunt by Numbers»   4:00
7. «Hot Mango Flush» (Anderson, Martin Barre) 3:49
8. «El Niño»   4:40
9. «Black Mamba»   5:00
10. «Mango Surprise»   1:14
11. «Bends Like a Willow»   4:53
12. «Far Alaska»   4:06
13. «The Dog-Ear Years»   3:34
14. «A Gift of Roses»   3:54
  • Somme versjonar av Cden har eit «gøymd» bonusspor, introdusert av Ian Anderson med reklame for det komande soloalbumet hans, The Secret Language of Birds

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gjestemusikar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Little, Patrick. J-Tull Dot ComAllmusic
  2. Starostin, George. J-Tull Dot Com at starling.rinet.ru
  3. Nathanson, Ian. «CANOE -- JAM! Music - Artists - Album Review: J-TULL DOT COM». jam.canoe.ca. http://jam.canoe.ca/Music/Artists/J/Jethro_Tull/AlbumReviews/1999/12/12/771157.html. Henta 15. september 2012 17 mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]