Rock Island av Jethro Tull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rock Island
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 21. august 1989
Innspelt Tidleg 1989
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 50:21
Selskap Chrysalis
Produsent Jethro Tull
Jethro Tull-kronologi
20 Years of Jethro Tull: Highlights
(1988)
Rock Island Live at Hammersmith '84
(1990)


Singlar frå Rock Island
  1. «Kissing Willie»
    Utgjeve: 1988
  2. «Heavy Water»
    Utgjeve: 1988
  3. «Another Christmas Song»
    Utgjeve: 1989
  4. «The Rattlesnake Trail»
    Utgjeve: 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Classic Rock8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Rock Island er det 17. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1989. Albumet tok bandet i same hardrockretninga bandet tok på det førre albumet, Crest of a Knave frå 1987. Besetninga bestod no av Ian Anderson, Martin Barre, Dave Pegg og den nye trommeslagaren Doane Perry. Utan ein permanent klaverspelar, spelte Fairport Convention-medlemmet Maartin Allcock og det tidlegare Tull-medlemmet Peter Vettese.

Rock Island selde til gullplate i Storbritannia og selde òg godt i Tyskland, der det nådde femteplassen på albumlista. Det var òg gode salstal for singelen «Kissing Willie», som nådde sjetteplassen på singellista.[3]

Under turneen for Rock Island i 1989 vart det nytta skuggespel med smidige dansarar under songen «Kissing Willie», som enda med eit bilete som var på grensa til pornografisk. Songen «Big Riff and Mando» omhandlar livet på vegen for harde turnémusikarar og fortel mellom anna soga om då ein tilhengjar stal mandolinen til Barre.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Kissing Willie»   3:32
2. «The Rattlesnake Trail»   4:02
3. «Ears of Tin»   4:55
4. «Undressed to Kill»   5:25
5. «Rock Island»   6:54
Side to
# Tittel Lengd
1. «Heavy Water»   4:12
2. «Another Christmas Song»   3:32
3. «The Whaler's Dues»   7:53
4. «Big Riff and Mando»   5:58
5. «Strange Avenues»   4:10
Bonusspor på 2006-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Christmas Song» (Live) 3:06
12. «Cheap Day Return/Mother Goose» (Live) 3:10
13. «Locomotive Breath» (Live) 3:38
  • Bonusspora vart spelte inn i Zürich i Sveits den 13. oktober 1989. Dei hadde tidlegare vore gjevne ut på den britiske CD-singelen «Another Christmas Song».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande
  • Maartin Allcock – klaverinstrument (på spor 1 & 10)
  • Peter Vettese – klaverinstrument (på spor 3, 4, 5 & 6)
  • Jim Gibson - illustrasjonar
  • Mark Tucker - miksing

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. Rock IslandAllmusic
  2. Ewing, Jerry (December 2006). «Jethro Tull Rock Island». Classic Rock. s. 99. 
  3. «Rock Island - Jethro Tull | Awards». AllMusic. 13. oktober 1989. Henta 20. mai 2019.