John Glascock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Glascock
John Glascock.jpg
John øver for Jethro Tull (1976)
Fødd2. mai 1951
FødestadIslington i Storbritannia
Død17. november 1979 (28 år)
DødsstadLondon i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–1979
SjangerRock, bluesrock, progressiv rock, progressive folk, fusion, flamenco
InstrumentBassgitar, elektrisk gitar, synthesizer, basspedalar, vokal
Kjende instrumentFender Precision Bass, Fender Jazz Bass, Music Man Stingray
Verka somMusikar

John Glascock (2. mai 195117. november 1979) var ein engelsk bassist. Han spelte bass og var korvokalist og stundom vokalist i den progressiv rockegruppa Carmen. Han spelte òg bass for Jethro Tull frå desember 1975 fram til august 1979. Han døydde i 1979, 28 år gammal, som følgje av ein hjartefeil som vart forverra då han fekk ein infeksjon i ein tannbyll.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Det første bandet John Glascock spelte i var The Juniors (1962–1964). Han spelte så med The Gods (1965 - juni 1967, september 1967 - februar 1969), Head Machine (1970), Toe Fat (juni 1969 - desember 1970) og Chicken Shack (januar 1971 - mars 1972). I 1973 vart han medlem av Carmen.

I Carmen spelte John Glascock bassgitar, og song korvokao, samt at han stundom spelte synthesizer og song solovokal på nokre få songar. Basslinjene til Glascock i Carmen var ofte tekniske og uvanlege og var ein viktig del for lydbiletet til Carmen. I motsetnad til arbeidet sitt i Jethro Tull, nytta Glascock ofte effektar når han spelte med Carmen. Carmen varma mellom anna opp for Jethro Tull på War Child-turneen deira, og då Tull trengde ein ny bassist, kontakta Ian Anderson Glascock, som spelte på Tull-albuma Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!, Songs from the Wood, Heavy Horses, Live - Bursting Out, og enkelte spor på Stormwatch. I Jethro Tull skreiv han ingen songar, men song korvokal og vart den første harmonivokalisten Jethro Tull hadde.

Glascock erstatta den langvarige venen til Ian Anderson, Jeffrey Hammond-Hammond. Han spelte òg elektrisk gitar på scenen når arrangementa til Anderson kravde det, som på «Skating Away (On the Thin Ice of the New Day)» på konsertalbumet Bursting Out, medan resten av bandet spelte xylofon, klokkespel og perkusjon.

Helseproblema til Glascock kom til syne då han ikkje klarte å fullføre den amerikanske delen av Heavy Horses-turneen. Han spelte den siste konserten sin 1. mai 1979 i San Antonio i Texas, tre år på dagen etter den første konserten sin med Jethro Tull.[1] Trass i at han fekk ein diagnose på hjarteproblema heldt han fram den gamle livsstilen sin med alkohol, marihuana og ville festar. Helsa hans vart verre. Ian Anderson gav han fleire åtvaringar før han til slutt gav han sparken under innspelinga av Stormwatch, og spelte det meste av bassen sjølv. Under turneen som følgde vart Glascock erstatta av Dave Pegg. Anderson fekk vite om dødsfallet til Glascock og måtte fortelje resten av bandet. Den nære venen til Glascock, trommeslagar Barriemore Barlow vart så ute av seg at han forlét bandet då turneen var over.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Glascock bio på www.j-tull.com [1]
  2. Barriemore Barlow bio at TullPress.com [2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]