Doane Perry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Doane Perry spelar med Jethro Tull i Oakland i California i USA.

Doane Ethredge Perry (fødd 16. juni 1954) er ein amerikansk musikar og forfattar. Han har sidan 1984 arbeidd som trommeslagar i Jethro Tull.

Han har spelt på over 100 album innan mange forskjellige musikkstilar med artistar som Lou Reed, Pat Benatar, Bette Midler, Todd Rundgren, Teo Macero Big Band, Stan Getz, Michael Brecker, Anoushka Shankar, Pandit Hari Prasad Chaurasia, Peter Cetera, Dweezil Zappa, David Foster, Michael Omartian, Marc Shaiman, Snuffy Walden, Diane Warren, Bernie Taupin, Kitaro, Jon Anderson, Greg Lake, Dionne Warwick, Phyllis Hyman, Michel Colombier, Liza Minnelli, Peter Allen, Laura Branigan, Dragon (a.k.a. Hunter), Tommy Emmanuel, Vince DiCola, Thread, Maxus, Jess Roden, Bobby Kimball, Gary Brooker, Fairport Convention, The Chieftains, Dave Mason, Bill Champlin, Brenda Russell, Jim Messina, Katey Sagal, Barry Mann & Cynthia Weil, Charles Aznavour, Jimmy Giuffre Big Band, Baird Hersey and the Year of the Ear, Spencer Davis, Martha and The Vandellas og mange fleire. Han har òg arbeidd mykje med musikk til film og fjernsyn, TV-reklamar og Broadway-show.

I 1984 erstatta Perry Gerry Conway som trommeslagar i Jethro Tull og er i dag ein av medlemmane i bandet som har vore der lengst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]