Hopp til innhald

Cecilie Fiskerstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Fiskerstrand
Personleg informasjon
Fødd 20. mars 1996
Fødestad Lørenskog
Posisjon Keeper
Ungdomsklubbar
Langevåg
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2014 Fortuna Ålesund 10 (0)
2014–2015 Stabæk 3 (0)
2016–2019 LSK Kvinner 63 (0)
2020–2021 Brighton 7 (0)
2021– LSK Kvinner 17 (0)
Landslag
2011 Noreg J15 2 (0)
2011–2012 Noreg J16 5 (4)
2013 Noreg J17 1 (0)
2013–2015 Noreg J19 11 (0)
2015 Noreg U23 1 (0)
2014– Noreg 44 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2022

Cecilie Hauståker Fiskerstrand (fødd 20. mars 1996) er ein norsk fotballspelar som er keeper for LSK Kvinner og det norske landslaget.

På ei trening 11. mai 2022 rauk Fiskerstrand korsbandet, noko som førte til at ho var ute resten av 2022-sesongen og mista EM i England sommaren 2022.[1][2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fiskerstrand byrja sin karriere i Langevåg. Der spela ho og trena med gutar for best mogleg matching. Ho trente etterkvart med herrelaget til Langevåg og spela kampar med gutar på aldersbestemt nivå.[3]

Før 2014-sesongen gjekk Fiskerstrand til 1. divisjonsklubben Fortuna Ålesund. Ho hadde trena jamlig med klubben over fleire år før ho signerte for dei.[4] Etter eit halvt år i Fortuna gjekk hun til Stabæk i Toppserien.

Etter å ha vore andrekeeper i Stabæk, bak landslagskeeper Ingrid Hjelmseth, valde Fiskerstrand å ikkje signere ny kontrakt med klubben då den gjekk ut i 2015. Ho gjekk deretter til LSK Kvinner før 2016-sesongen.[5]

Også i LSK Kvinner vart Fiskerstrand andrekeeper i sin fyrste sesong, før ho i 2017 vart satsa på som førstekeeper. Ho var med å vinne Toppserien med LSK fire år på rad frå 2016 til 2019.

I januar 2020 vart det kjent at Fiskerstrand hadde signert for Brighton i den engelske toppdivisjonen.[6]

Etter å ha fått lite speletid i Brighton vende Fiskerstrand heim til Noreg og LSK Kvinner i juni 2021.[7]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Fiskerstrand har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Fiskerstrand vart teken ut til det norske A-landslaget for fyrste gong som 17-åring til samlinga i januar 2014.[8] Debuten kom 17. januar 2014 mot England i ein kamp som enda 1–1 i La Manga i Spania. Som den yngste spelaren på laget vart ho teken ut i troppen til VM i Canada 2015.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cecilie Fiskerstrand ute resten av sesongen med korsbåndskade». LSK Kvinner (på norsk bokmål). 12. mai 2022. Henta 13. mai 2022. 
  2. NRK (12. mai 2022). «Fiskerstrand røk korsbåndet - EM-ryker». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. mai 2022. 
  3. Roaldseth, Sara Lovise (27. desember 2013). «17-åring på kvinnelandslaget». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022. 
  4. «Fra landslaget til Fortuna». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022. 
  5. Fløttum, Petter (23. november 2015). «Cecilie Fiskerstrand går til Lillestrøm – Stabæk henter tilbake Guro Pettersen». www.budstikka.no (på norsk). Henta 11. februar 2022. [daud lenkje]
  6. AS, TV 2 (3. januar 2020). «Norsk landslagskeeper bekreftet klar for Brighton». TV 2 (på norsk). Henta 11. februar 2022. 
  7. NTB (18. juni 2021). «Landslagsmålvakt Fiskerstrand tilbake til LSK». Nettavisen (på norsk). Henta 11. februar 2022. 
  8. Roaldseth, Sara Lovise (27. desember 2013). «17-åring på kvinnelandslaget». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022. 
  9. «Gulbrandsen med i VM-troppen». Dagsavisen (på norsk). Henta 11. februar 2022.