Hopp til innhald

Emilie Haavi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emilie Haavi
Personleg informasjon
Fødd 16. juni 1992
Fødestad Bærum kommune
Posisjon Angrep
Ungdomsklubbar
Stabæk
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2008–2012 Røa 74 (40)
2013–2016 LSK Kvinner 84 (50)
2017 Boston Breakers 7 (0)
2017–2021 LSK Kvinner 77 (30)
2022– Roma 14 (6)
Landslag
2007 Noreg J15 1 (0)
2008 Noreg J16 11 (5)
2008–2009 Noreg J17 5 (1)
2009–2011 Noreg J19 12 (5)
2012 Noreg U20 4 (1)
2013–2014 Noreg U23 5 (0)
2010– Noreg 94 (16)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2022

Emilie Bosshard Haavi (fødd 16. juni 1992 i Bærum) er ein norsk fotballspelar som spelar for Roma i Serie A, og det norske landslaget.

Haavi er den mestvinnande kvinna i norsk fotball, og den nest-mestvinnande spelaren i norsk fotball gjennom tidene. Med ni seriegull og sju cupmeisterskap, er ho berre slegen av Roar Strand (21 titlar).[1]

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Røa (2008–2012)[endre | endre wikiteksten]

Haavi spela for Stabæk då laget framleis tilhøyrde nedre del av divisjonssystemet før fusjonen med Asker. Før 2008-sesongen vart ho saman med Gunhild Herregården, Hedda Vedeler og Ada Finskud henta til Røa.[2] Trass i at ho ikkje scora nokre mål, gjorde ho seg merka i sin fyrste sesong for klubben. Ein sesong som enda med både serie- og cupgull, i cupfinalen fekk ho eit innhopp mot slutten av kampen.

I 2009-sesongen fortsatte utviklinga for Haavi. I 5. serierunde scora ho sitt fyrste toppseriemål, i bortekampen mot Sandviken. Hun scora alle måla sine den sesongen mot Bergens-lag, då ho scora vinnarmålet heime mot Sandviken, og to gongar borte mot Arna-Bjørnar. Det store gjennombrotet til Haavi kom i Champions League-kampen mot Everton, der ho vart banens beste med ei målgjevande og ei scoring.[3] Også i 2009 tok ho «the double» med Røa og vann både serien og cupen.

Lene Mykjåland forlet klubben vart Haavi fast på venstre kant i fyrsteellevaren til Røa. Ho var nær ustanseleg, og kjempa om toppscorertittelen i 2010-sesongen. Dessverre for Haavi gjorde ein skade i kampen mot Stabæk den 25. september at ho mista resten av sesongen. Dimed enda Haavi på tredjeplass på toppscorarlista, tre mål bak Lise Klaveness.

LSK Kvinner (2013–2016)[endre | endre wikiteksten]

Før 2013-sesongen vart Haavi henta til regjerande seriemeister LSK Kvinner.[4] Ho debuterte for klubben med scoring borte mot Sandviken.[5] Ho vart den fyrste spelaren til å score i ein Champions League-kamp for klubben då ho scora mot LdB FC Malmö, 10. oktober 2013.[6] Haavi vart ein av de viktige spelarane i laget som tok «the double» i 2014, 2015 og 2016. Hun tiltrekte seg merksemd frå utanlandske klubbar og takka nei til Liverpool to gongar på eit år i 2015.[7]

Boston Breakers (2017)[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2016 vart det kjent at Haavi ville forlate LSK Kvinner etter sesongslutt, og hadde signert for den USA-amerikanske klubben Boston Breakers for 2017-sesongen.[8] Haavi brekte ankelen allereie på sin tredje trening med sin nye klubb i januar. Etter å ha komme tilbake frå skaden kolliderte ho med ein spelar på trening og vart påført tre brot i kjeven og måtte operere.[9] Opphaldet vart eit skademareritt og då ho ikkje kunne spele fotball vart heimlengsla forsterka, i august vart ho einig med klubben om å terminere kontrakten.[10]

LSK Kvinner (2017–2021)[endre | endre wikiteksten]

15. august 2017 signerte Haavi igjen for LSK Kvinner.[11] Ho var med å sikre nok eit seriemeisterskap for klubben same haust. Og med Haavi tilbake på laget frå sesongstart tok dei «the double» også i 2018 og 2019. Ho vart toppscorar i Toppserien 2021 med 13 mål.

Roma (2022– )[endre | endre wikiteksten]

I desember 2021 vart det kjent at Haavi hadde signert for italienske Roma i Serie A.[12]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Haavi fekk debuten på A-landslaget i ein alder av 17 år, mot Canada, 3. juni 2010. Hennar fyrste scoring for A-landslaget kom mot Kviterussland, 23. juni 2010.

19 år gamal vart Haavi teken ut i den norske troppen til VM i Tyskland 2011.[13] Ho scora det einaste målet til Noreg i opningskampen mot Ekvatorial-Guinea.[14]

Haavi var også med i den norske troppen under EM i Sverige 2013, VM i Canada 2015, EM i Nederland 2017 og VM i Frankrike 2019.

Under VM i Frankrike 2019 fekk Haavi nokre minuttar på tampen av opningskampen mot Nigeria, før ho på trening nokre dagar seinare rauk krossbandet og måtte reise heim frå meisterskapen.[15]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Med Røa
Med LSK Kvinner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sødal, Per Morten (25. oktober 2019). «(+) Ingen kvinner har vunnet mer i norsk fotball: Nå tar Emilie Haavi (27) opp jakten på Roar Strand». Romerikes Blad (på norsk). Henta 18. februar 2022. 
  2. Røa satser ungt[daud lenkje] akersposten.no, hentet 18. september 2010
  3. Skulle ikke starte, ble matchvinner mot Everton Arkivert 2009-10-31 ved Wayback Machine. – fotball.no (å bli matchvinner i en 3-0-kamp får stå for journalistens regning)
  4. «Emilie Haavi til LSK». Nettavisen (på norsk). 26. mars 2013. Henta 18. februar 2022. 
  5. Fotballforbund, Norges. «Sandviken - LSK Kvinner - 13.04.2013 14.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 18. februar 2022. 
  6. «Emilie Haavi – Kanari-Fansen Lillestrøm». kfl.no. Henta 18. februar 2022. 
  7. Sødal, Per Morten (1. september 2015). «Sa nei til Liverpool – igjen». Romerikes Blad (på norsk). Henta 18. februar 2022. 
  8. «Emilie Haavi fra LSK Kvinner til Boston». dagbladet.no (på norsk). 31. oktober 2016. Henta 18. februar 2022. 
  9. «Tøff USA-start for Haavi etter skademareritt». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. februar 2022. 
  10. «Breakers waive forward Emilie Haavi - Boston Breakers». web.archive.org. 22. oktober 2017. Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 18. februar 2022. 
  11. Bernhus, Rune (15. august 2017). «Lokket av mesterligaspill». Romerikes Blad (på norsk). Henta 18. februar 2022. 
  12. «Roma-klare Haavi om nytt eventyr: – Det var litt nå eller aldri». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. februar 2022. 
  13. «Her er VM-uttaket». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 18. februar 2022. 
  14. «Haavi (19) reddet Norge fra krisestart i VM». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. februar 2022. 
  15. «Emilie Haavi røk korsbåndet – reiser hjem fra fotball-VM». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. februar 2022.