Hopp til innhald

Melissa Bjånesøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melissa Bjånesøy
Personleg informasjon
Fødd 18. april 1992
Fødestad Chicago
Posisjon Angrep
Ungdomsklubbar
Lyngbø SK
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009–2013 Sandviken 71 (31)
2014– Stabæk 162 (81)
Landslag
2010–2011 Noreg J19 23 (28)
2012 Noreg J20 6 (2)
2011–2015 Noreg U23 11 (1)
2013– Noreg 21 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 22. november 2022

Melissa Linn Berman Bjånesøy (fødd 18. april 1992 i Chicago) er ein amerikansk-fødd norsk fotballspelar som spelar for Stabæk i Toppserien.[1]

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Bjånesøy spela aldersbestemt fotball i Lyngbø SK før ho gjekk til Sandviken. Ho fekk i 2011 Statoils talentpris.[2] Etter at Sandviken rykka ned frå Toppserien i 2013, var ho ønska av ei rekkje toppklubbar. Ho valde å signere for Stabæk før 2014-sesongen.[3]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Bjånesøy har landskampar for J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.

Bjånesøy vart toppscorar i U-19-EM i 2011, med sju scorande mål.[4] Ho scora i alle fem kampane frå gruppespelet og fram til finalen, der Noreg tapte 8–1 for Tyskland.

Bjånesøy debuterte for det norske A-landslaget i januar 2012 mot Sør-Korea. I hennar andre A-landslagskamp scora ho sitt fyrste mål mot Kina.[5]

  1. «Jakter EM-medalje og toppkarakter», av Christer Madsen, frå NFFs heimeside, 31. mars 2011. Besøkt 18. juli 2013.
  2. AS, TV 2 (2012-01-01). «Valon Berisha og Melissa Bjånesøy hedres med årets Statoil talentpris 2011». TV 2 (på norsk). Henta 2022-03-08.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  3. Svendsen, Roy Hilmar (2013-11-22). «Bjånesøy klar for Stabæk». NRK (på norsk bokmål). Henta 2022-03-08.
  4. «Seven-goal Bjånesøy takes scoring prize», fra UEFAs hjemmeside, 11. juni 2011. Besøkt 18. juli 2013 (en)
  5. Hove, Jan Gunnar Kolstad, Hermod (2013-01-14). «Bjånesøy avgjorde». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-03-08.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]